Landsmaalet og Skulen.

 

Som me vita, heve Regjeringi etter Stortinget si Uppmaning paalagt Lærarar i Skulom aa undervisa i Borni sitt eiget Maal og lata Borni sjølv bruka det i Skulen. Men til aa etterkoma dette Paabodet er der ikkje gjort myket i alle Skular. Undervisningi gjeng mangestad enno i den gamle Dur. Lærararne kann hava imot Maalet, og det er fleire Orsaker fyr det. Paa Seminariom var det lengje so, dei maatte  tala Bokspraaket, og gjorde dei ikkje det, vart dei lædde aat, um ikkje nokot verre. No kann det vel ikkje vera fullt so galt, men det hender vel jamt endaa, at Seminarlærararne lata Elevarne vita, at dei lika best, dei tala Bokspraaket.

  

- Utdaningi sidan hava so Lærararne fenget av Bøker, skrivne i det dansk-norske Spraak, og ingi Rettleiding faa dei til aa bruka Norsken elder Landsmaalet. No er dette sidste rettat paa, og me vil nog snart faa sjaa Frukter av det. Men som Lærarutdaningi var fyrr, var det ikkje aa undrast paa, um mange fekk litet Skyn paa og Samhug fyr Maalsaki.

 

Dei nærmaste til aa sjaa etter, at Regjeringi sitt Paalegg vert etterlivt, er Skulekommissjonarne og daa serleg Formannen. Men med hans Eftersyn vert det jamt litet, og stort meir vert det vel ikkje, so lengje Presten skal vera ”sjølvskriven Formann”.

 

Det er sjølvsagt, at Landsmaalsundervisningi ikkje lyt innførast i Skulen med nokot Magtbod. Stortinget hev bedet Regjeringi syrgja fyr, at Landsmaalet vert sidestelt med vaart Bokspraak. Regjeringi vil so yverlata til Skulekommissjonarne aa avgjera, um Landsmaalslesnad og Skrivning skal upptakast i Skulen. Men eg meiner, Skulenemndi gjerer Rett i ikkje aa avgjera det aaleine. Ho lyt kalla saman Borni sine Foreldre i Skulegrendom og høyra deira Meining, um dei ynskja, at Landsmaalet skal verta leset og skrivet i Skulen. Segja dei ja til det, daa er Tidi komi, til at det med fullt Gagn kann upptakast.

 

Eg skulde myket ynskja, at Lansdmaalsundervisningi snart maatte byrja i alle Landsskular, og eg bed Maalsaki sine Vener aa arbeida fyr det, kvar i si Grend. So lengje me maa hava Upplysing baade i Dansk og Norsk, trur eg, det rettaste er aa byrja med Landsmaalet i dei øvste Klassor. Er det i ei Klassa 4 Timar Lesnad for Vika, kunde ein byrja med tvo Timar Landsmaalslesnad og tvo Timar Dansknorsklesnad, Elevarne i dei øvste Klassor plar lesa sovidt bra, kvat som kjem an paa aa lesa rett, at det maa ganga aa taka nokot av Tidi til Landsmaalslesnad. Aa læra lesa med det rette Stemmetrykket fell Borni  gjerne tungt; det fær Høgskular, Amtsskular og andre Skular lera dei Vaksne.

 

At det fyr Lærararne kann vera litt brysamt baade aa undervisa i Dansk-Norsk og Landsmaal kann so vera. Mest brysamt vert det vel med Rettskrivningi og Maallæra (Gramatik), men ein skynsam Lærar greider det nog. Slikt nokot høyrer med i Yvergangstidi. Og skulde me berre koma i hug den Møda, som eitkvart godt og gagnlegt Tiltak fører med seg, kom me ingen Veg. Naar me er komne so langt, at Lansdmaalet heve vortet vaart offentlege Spraak, kann me lata Dansken vera, og daa er me kvitt den Plaaga, som Undervisningi i tvo Spraak, i Folkeskulen, kanskje kann hava med seg.

 

 

A. N. i (Nordtr.).


 


Frå Fedraheimen 05.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum