”Bondekultur”.

 

Naar me kunne faa Ende paa Talemaatarne, desse Ordi, som berre er Ord, men ser ut som Tankar. Det vilde letta svært.

 

Ingen Ting hindrad oss meir i aa tenkja beint og greidt og modig enn dette, at alle Tankevegerne ligg fulle av Talemaatar. Det er som Steinar paa ein Skinnegang. Trænet kjem dragande med godt Mod; so støyter det paa ein Stein, kjem ut av Sporet og gjeng i Myri. Der vert det liggjande.

 

Bondekultur”. Det ser ut som ein Tanke. Men tenkjer du det igjenom, vert det til ingenting.

 

Ein Kultur, som er serskilt for Bønder? Daa kann me likso godt tala um ein Skomakarkultur, ein Husmannskultur, ein serskilt Kultur for Artilleristar.

 

Kultur er Aandsutvikling. Folkevit, um du so vil. Ein Mann kann staa høgt elder laakt i Aandsutvikling. Men Aandsutvikling erAandsutvikling; der er ikkje meir enn eit Slag av den.

 

Du kann vera klok, og du kann vera ein Tosk. Du kann vita mykje og du kann vita lite, og du kann vita ingenting. Du kann koma so langt ned, at du ikkje kann telja til tri. Men det er ikkje eit finare og simplare Slag av Aandsutvikling. Det er ein Tanke so gamall og utbrukt som sjølve Kaste-tanken, at der skal vera ein Kultur for Bønder og ein for Herremenn. 

 

-”Kultur” er Aandsutvikling. Segjer me ”Kulturen”, meiner me heile den menneskelege Aandsutvikling. Segjer me den ”moderne” Kultur, so meiner me den menneskelege Aandsutvikling paa det Stiget, der ho no stend, Kulturen so langt som han enno er komen.

 

Det er ikkje meir.

  

Talar me um ein Bondekultur, ein Grosserarkultur, ein Embættsmannskultur, so meiner me eit laagare Stig i Kultur, elder me meiner ingenting.

 

Det gjeld ikkje aa laga i hop ein serskilt Kultur for kvar Stand; det gjeld um aa faa kvar Stand so høgt upp i Kultur, som Raad er.

 

Liksom det ikkje kann vera Tale um aa laga ein Kultur for kvar Mann, men berre um aa skaffa kvar Mann so mykje aandeleg Utvikling som han kann faa.

  

Det kann ikkje eingong vera Tale um aa laga ein serskilt Kultur for kvart Folk. Ein Ting er det, at kvart Folk som kvar Stand, og kvar Mann, kann ha sin maate aa sjaa paa og sine serskilte Gaavur, d. v. s. at eit Folk kann ha noko meir Fantasi og eit anna noko meir Vilje o. s. fr. Det gjeld for kvart Folk, liksom for kvar Stand og kvar Mann, - det gjeld um den Tingen: aa arbeida seg so høgt upp i menneskeleg Aandsutvikling, som ein kann koma.

 

Ein Mann, som eignar til seg alt han kann av aalmenn Kultur, d. v. s. Aandsutvikling, d. v. s. Kunnskap, Tenkjing, Kunstsans o. s. fr., han utviklar just i dette Arbeidet seg sjølv og vert eit sjølvstendigt Menneske.

 

Like eins med ein Stand elder eit Folk. I sjølve Arbeidet for aa vinna fram i aalmenn Kultur, d. e. for aa eigna til seg den Vitskap, dei Tankeformer, dei Kunstformer o. s. fr., som Mannaheimen i det heile har naatt upp til, just i dette Arbeidet utviklar Folket seg sjølv og sine eigne Gaavur og vert ein Nasjon.

 

Og skal der vera Tale um ein Stand, so vinn den paa same Maaten det, som den kann vinna: Intelligens, altso Vyrdnad, og altso Magt; - der er so mykje Tale i dette Landet um, at den og den Stand skal ha ”Magti”.

 

Vil ein Stand laga seg ein Kultur for seg sjølv, so turkar den Standen inn og dovnar burt, slik som Embætts-Standen hjaa oss, fraa den Tidi han tok til aa stengja seg ute fraa Europa.

 

Det kann vera rimelegt, at Vestlandsposten, og Fædrelandet, ja tilmed Morgenbladet, tek til aa tala um ”Bondekultur”.

 

Liksom dei vil, at Landet skal stengja seg inne, like eins vil dei, at Bonden, som hev all denne politiske Magt, skal stengja seg inne. So sig han atterut, og so vert der større Voner for dei.

 

Men naar det i Stortinget stend Bønderog krev ”Bondekultur”, so er det Trænet, som gjeng i Myri.

  

Det er sagt, at den, som Vaarherre vil øydeleggja, gjer han galen, so han øydelegg seg sjølv. I vaar Tid vert dette sagt um Borgardømet i det heile; her hjaa oss hev me med god Grunn sagt det um Embættsveldet.

 

Skal det snart verta sagt um Bonden?

  

Han stend sjølv i Tinget og krev seg utestengd fraa den menneskelege Utvikling. Me vil ikkje ha den, segjer han; me vil ha ei Utvikling for oss sjølve; me vil leggja oss i Hi.

 

Det kom sterkt fram i Kiellandssaki.

 

Der var millom andre ein, som talad um Aandsaristokrati. Desse ”europæiske”, dei var Aandsaristokratar, som vilde døyva ned Bønderne; no skulde desse Aandsaristokratarne faa sjaa, at Bønderne kunde raa seg sjølve. Bønderne vilde gaa sin eigen Veg dei – saman med Jakob Sverdrup.

 

Bønderne vil ikkje vera Aandsaristokratar, meinte Nils Skaar. Nei, Bønderne skal vera simple dei. Bønderne vil halda seg utanfor. Dei vil ikkje vera med.

  

Det ser meg ut til, at Nils Skaar er ein Undermaalsmann, ein Heimføding, som kjenner seg liten mot den minste Student og trur, at der ligg Trolldom i det aa ha lært amo. Men der var ingen av Bønderne som motsagde han. Dei leet Skaars Ord staa; han vart Bondens Talsmann.

  

-Ja, - og so Jaabæk daa, som var likso langt fraa aa vera Aandsaristokrat som Nils Skaar.

  

Dei skulde vera sjølvstendige. Det var dei paa sitt Vis. 

 

Det var ein Tingbonde, ny i Sætet; han var av dei, som kanskje vilde gaa med paa Diktarløn. Men so kjem det ein Oftedøl, vert det fortalt, og segjer: naa, jaso; eg høyrer du gjeng i Konows Ledebaand? eg gjeng ikkje i nokon Manns Ledebaand eg! – og so røystad Fyren imot Kielland.

  

I fjor var Bønderne harme – ja, ikkje alle, me hadde mill. a. eit Par av Gamlekararne i fjor, som me visst i Aar ofte fær sakna _, men mange av dei var harme, fordi dei trudde Bjørnson og Lie vilde ”kommandera” Bønderne; dei hadde skrivet slik ein stutt Søknad. Og so var dei Harme, fordi dei trudde Bladi vilde ”presse” dei til aa gjera so og so. Alle desse Aandsaristokratarne skulde faa sjaa, meinte dei, at Bønderne nok kunde vera sjølvstendige. So gjorde dei tvers imot som Folk vilde ha det, og var fælt sjølvstendige. I Aar var det same uppe, endaa dei korkje hadde Søknaden elder Bladi aa skulda paa.

 

Det ser altso ut til, at Mengdi av Bønderne enno gjeng og kjenner seg smaae og rædde. Dei ser og høyrer kvar Dag, at Bønder kann klara seg mot ”Aristokratarne”. Dei ser den eine Bonden etter den andre arbeida seg upp til høge Tillitspostar og klara seg likso godt der som nokon annan. Dei veit altso, at det ikkje er Eksamen, det kjem an paa. Ja der sit Bønder i Tinget, som er likso ”europæiske” og ”aandsaristokratiske” som ein Akademikus kann vera. Men der er Segner og Minningar fraa gamall Tid um Svarteskulen; det hev nok ikkje Bønderne enno vunnet yver. Og dei vert arge og mistrune. Rett som det er finn dei daa paa Ting, som dei hellest ikkje vilde gjera, berre fordi dei finn det naudsynleg aa visa, at dei er sjølvstendige. Dei gjeng i Jakob Sverdrups Leideband, for at ingen skal tru, at dei gjeng i Konows.

 

Dei er so ”sjølvstendige”, at ein kann faa dei til aa gaa kva Veg ein vil, berre ein dreg dei den andre Vegen.

 

Det vert væl likare med Tidi. Naar me ser oss tilbake, ser me iallfall, at det hev gjenget fram.

 

Men Bonden maa ikkje tyna seg sjølv med denne Talen um ”Bondekultur”.

 

Bonden fær liva paa den same Kulturen som me andre, dersom han hellest vil halda seg uppe.

 

Han slepp ikkje fraa det. Han tarv ikkje læra Latin. Kvar Skule er god, som legg eit nokonlunde rimelegt Kunnskapsgrunnlag og hjelper i Veg med aa tenkja klaart. Men han skal ha Mistru til Folk som Nils Skaar og andre, som talar um Bondekultur og trur, at dei er Bondevenner. Slike, som meiner det godt, men hev lite Vit, gjer mykje vondt dei stundom.

 

Derimot kann han tru Folk som segjer, at Bonden treng Kultur. Det treng me alle. Men det hev vist seg, at Bonden treng ikkje minst av det Slaget. Han maa iallfall arbeida seg so vidt upp, at han læt vera aa senda menn til Tings, som ikkje veit kva Aandsfridom er, og som ikkje veit, kva det vil segja aa vera sjølvstendig.

 

 

Arne Garborg.

 

 


Frå Fedraheimen 05.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum