[Tidender.] Fraa Gimlemoen.

 

Ja, Livet paa Gimlemoen er eit forunderlegt Liv, og der er ltie fagert ved det. Folk samlast fraa alle Kantar, og det er mange Slag, som der kjem isamen og mest likso mange Slag er Livet der. Ein Stad kann ein sjaa, dei dansar, ein annan Stad samlast dei um nokre som hoppar hell tek Ryggjetak, ein annan Stad held dei Uppbyggelse og syng Salmar, og burt yver Sletturne svive Folk mest alle Stader, sume Stader i store Flokkar, andre Stader tvo, tri Kamerater, som gjeng og driv for seg sjølv for aa fordriva Tidi. Det er i ein Staak og Leven, men yver det heile er det som der laag ein Lengt etter aa koma burt fraa denne Tvangsstaden. – No daa Stortinget skulde avgjera, um me kom til aa sleppa Kompagniekseringi, hev her stadig voret Spursmaal etter, um korleis det hev gjenget – og naar der so av ingen Ting kom ut det Rykte, at me skulde sleppe den, var der mange, som var mest ferduge til aa klappe i Hendarne av Glede for aa kome her ifraa.

 

Blant Unggutarne iaar er her ein, som heiter Olav Trygdal fraa Gjerstad, som hev merkat seg ut, fordi han er so yverlag stor. Han veg 142 Kg., og Middelvigti av dei andre Unggutarne er millom 70 og 80 Kg. Det er ein rugge kar – ikkje noko mykje høg, men yverlag trek. Han er som rimeleg kann vera svært sterk, men brukar ikkje Styrken sin til aa taka Tak. Han er etter Storleiken svinn og let paa Foten, men hev just ikkje nokon fin Figur.

 

Straks etter han hadde komi var her stor Folkestimmel fraa Byen og vilde sjaa han. Ein Sundag sat han inni ei Stoge samen med meg og nokre Andre. Der var fullpakka av Folk utanfor, som vilde sjaa han, men Olav sat like trygg og brydde seg ikkje um aa gaa ut. Daa kom Kjeringi i Huse heiltupp rædd og bad um, at han ville ut og syna seg, so ho slapp alle Folki, der var umkring Husi. Olav snudde eit Par Gonger paa Hatten sin og sa, at dersom han kunne gjera ei Vælgjærd med det, skulde han nok det, og so strauk han ut og like inn i Folkemugen, som strøymde umkring han og fylgde der han gjekk. I den siste Tid hev her ikkje voret so mange aa set paa han. Venteleg hev Mesteparten set han, og naar ein hev set han nokre Gonger, synest det ikkje vera so rart aa sjaa han endaa. Han hev nyleg fenget seg Klæde fraa Kristiania. Her fanst ikkje Klæde som var store nok aat han, so han maatte faa nye fraa Hovud til Fot, og det skal spyrgjast, naar her kjem ein Soldat, som er so stor, at han kann bruka Klædi etter han. Og paa den Visen, at han fekk nye Klæde, var Olav Trygdal heldig, for det er nok ikkje alle Unggutarne, som fær nye Klæde. Mange fær dei so stygge, at ein kann mest skjemmast for seg sjølv, og ein vert so avlaga, at det er mest vanskelegt for Kameratar aa kjenne kvarandre att. Og naar ein so hev dei Klædi paa, hev ein blant mangt anna au den Pligt aa helse paa sine Befalingsmenner, og dei sleng her somen nok av. Mange gjev no visst ein god Dag i denne Helsingi; men der finst og dei, som synest det er svært storarta aa bli helsa paa, - og talar til ein dersom ein forsømer denne ”dyrebare Pligt”. Soleis var det ein Sundag, eg va paa Vagt, der var mange Folk som gjekk ut og inn, og blant dei ein Korporal, som eg ikkje gaadde. Han kom daa like burt til meg og sa med ei høgtideleg Mine: ”De burde hilse ved en saadan Anledning”. Eg saag upp paa han og kunne ikkje halda meg for aa læ, for det var ein av dei pjuskelegaste Karar eg hev set, men det var noko som enda paa ral sa Kjeringi, so eg maatte vera glad som ein Fugl, som slapp so lett fraa det – slikt eit umaatelegt Mistak, som eg ha gjort – aa tenk!! -

 

Det er forresten ikkje so likefram aa faa den ”militære Aand” regtigt tilgagns inn i Blodet – og det er visst etter den militære Visdom aldeles nødvendig for at det heile kann verta noko av. Men kunne det regtigt kome i lag, vil det visst ikkje vera spilt, um Landet betalte ”runde Bevilgninger” kvart Aar og tok burt Unggutarne fraa alle Kantar av Landet i dei beste Aarstider. Krigsheri hev for Landet umtr. ingen Ting gjort etter 1814, men kor lite Bruk ein hev for den, skal den vel koste landet Millionar av Kronur kvart Aar like ratt.

 

Bk. T.

 

 


Frå Fedraheimen 05.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum