[Tidender.] 17de Mai i Valle.

 

Fraa tidlegt um Morgonen blikkrade det reine Flagget yver Talarstolen; men fyrst Kl. 2 tok Folk til aa samla seg i hop. (Fleire hadde endaa voret svært tilegt uppe for aa pløgja dugelegt, til Festen skulde byrja). Skjotarlaget samlad seg paa Bergi i Enden av Bygdi til den avtalde Tidi og tok til aa dundra og skjota, og so gjekk det i ”Processjon” med eit lite reint Flagg i Fyreenden nordyver til ”Neset”; so ei brakande Salve, og Folk drog seg inn imot ”Stolen”. Lensmann Lund baud Folk velkomne og sagde, det var gildt aa sjaa, at somange sette Minni yver det daglege Matstræv og hadde Hug til aa ofra den Tidi. So talad Torgeir Bjørnaraa for Dagen, Prest Gullichsen for Fædrelandet, Aasmund Dale for den norske Bonde og Lærar Nomeland for den norske Skulelærarstand. Etter Talurne var det jamnaste nokre ”friske” Hurrarop og so Song.

 

Kring um Plassen rauk det under Kaffekjedlarne, Folk sat i Krullar med Koppar og Skaaler og Kakur, og det heile hadde eit framifraa koselegt Lag. Etter Talurne bar det til med det gildaste av alt: Kapplaupingi og Spenningi. Dei, som skulde ”konkurrere” um dei 19 Premiar, me hadde fenget i hop, vart deilde i 3 Klassur: Vaksne, Gutar fraa 12 til 15 og Gutar under 12 Aar.

 

For dei vaksne var det Høgde- og Lengdesprang og so Spenning (som vel er den fremste av dei ”nationale” Idrottarne). Og slikt godt ”Grjot”, som det er i Sæbygjarne, naar dei regtig tek i; det er ein sann Hugnad aa sjaa. Og so stod dei Gamle og Gjenturne paa baade Sidur og saag paa. Og dei graahærde minntest sine unge Dagar og sine Sprett og Sprang og nokre av deim prøvde seg ”for Moro Skuld” endaa ein Gong.

 

Og dei mindre spende ogso og Rennesprang paa eit langt Skjeid. Men mest Moro var det aa sjaa paa dei mindste, korleis dei strævade og sprang, og kor byrge dei var, som hadde vunnet. So var det ogso Ekstrapremier: i Rennesprang for dei vaksne og i Klivning for dei smaa. Og det vekkte ”umaateleg Jubel”, daa ein av dei mindste, ein liten Propp paa 10-11 Aar, kleiv mest upp i Enden paa den store Flaggstongi; men so fekk han ogso ein ven Penningpung for det sama.

 

Og det var ikkje underlegt, um dei tok i helder; for det var Knivar, Daaser, penningpunge, Hatteskraml og alt det vænaste, som til var, og vel so det, aa vinna.

 

Og so fram til ”Stolen” for aa faa det. Aa, kor mange tykte, det var gildt.

 

So talad Torgeir Bjørnaraa for Idrottarne og minnte um Vinjes Ord:

  

Det var ’kje Under, Fjellets Gut var Kar

og støtt paa Slettelandet Herre var

og bar der ned sitt Vit og Tungemaal

paa Odden av sitt gode Armestaal”.

 

Fortalde um Ungdomens Upplæring i Grekarland og i Rom og maalad av desse lærde Krokarne, som berre sit inne paa Romet sitt millom Bøkar og Gjyv, veks ut i Hovudet, stivnar til og kruppnar i hop.

 

So var det Leik og gaman eit Bil; so ei Slutningstala av T. B., ei ”Salve” av Skjotarlaget, nokre kveljande Hurrarop og so var Festen forbi. Men alle var svært nøgde og skjildest med det Ynskje, at me maatte faa likso gild 17de Maifest til neste Aar.

 

(Kr. St.).

 

 


Frå Fedraheimen 05.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum