Ungdomen i Sparta.

 

For at dei skulde vera sløge og snaape i Krig, fekk Gutarne i Sparta Lov til aa stela, og dei maatte stundom skaffa seg daglegt Brød paa den Maaten. Men det vart hard Refsing aa faa, dersom Gutarne vart gripne i Stuld. Det var ein Gut, som stal ein Rev og gøymde honom under Kappa si; so fakkad dei Guten, men han tvernektar, og dessimillom bit Reven seg inn i Magen hans utan at Guten synte noko Teikn til Pina. Si aandelege Utdaning fekk Ungdomen i Sparta ved aa læra hjaa dei gamle og ved aa høyra paa Samtalarne ved dei store Maaltiderna. Sjølv maatte dei tegja, til dess ei eldre Borgar spurde dei um noko. Naar dei vart spurde um noko, skulde dei svara høvelegt, vakkert, tydelegt og med so faa og utvalde Ord som mogelegt.

 

Paa denne Maaten vande dei seg til aa tala so stutt og fyndugt, at det er vortet til eit Ordtak sidan aa kalla eit stutt og fyndugt Svar for Lakonisme. Det er mange slike Svar, som er gøymde i Soga.

 

Daa Xerxes i den persiske Krig sende Bod til Spartanaranne, som stod ved Termopylurne, og bad dei leggja ned Vaapni sine, fekk han det Svaret: ”Kom og tak dei”. ”Kom og tak dei”. Eingong vilde dei faa vita hjaa ein Spartanar, kor mange Spartanarar det var; han svarad: ”Der er nettupp nok av dei til aa halda burte vonde Folk”. Ein annan Gong kom det ein Utsending til Sparta og bad um Matvarur; han heldt ein lang endelaus Tale. Dei svarad: ”Fyrstningi hev me gløymt, Midten forstod me ikkje, og Enden likad me ikkje”. So kom han att med tome Sekkjer og sagde: ”Fyll dei”. Det var etter Spartanaranne sin Hug.

 

Endaa Leikarne i Sparta var berre Styrkeprøvur. Naar det var Skodespil song dei gamle: ”Endaa me var faae, hev me sett Rædsla i store Herar; vaare Kroppar var Sparta sine utvingelege Murar; men no gjer Alderdomen oss tungføre; Sparta vil æra dei modige Kjempur sine Graver”.

 

So svarad Ungdomarne med glad Røyst: ”Kven gjeng yver oss i Mod? Me ganga til Striden som til ein Dans. I Ungdomens Vaar er Sjæli vaar uppglødd av heilag Kjærleike aat Fedralandet”.

 

Og so song den spartanske Barneflokken: ”Endaa nokre Aar, og Fedralandet skal faa sjaa, kva Frukter vaar Lengting etter Æra og vaart Krigsmod vil bera”.

 

Me sjaa her, korleis Fedralandstanken i alt er det fyrste hjaa dette merkjelege Folk.

 

Den aandelege Lærnad stod derimot ikkje so høgt i Sparta; dei lærde utanbokes Vers og Dikt av Homer, Terpander, Tyrtæos og andre græske Diktarar.

 

Den spartanske Uppseding høvde til si Tid; men Spartanaranne gjekk ikkje fram, daa Lovarne deira hindrad Utvikling. Det kom ei ny Tid med nye Krav, og dei Kravi fyllte ikkje den spartanske Uppseding, og Spartanaranne seig ned til eit lite paaagtat Folk.

 

(Dag).



Frå Fedraheimen 03.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum