Tidender.

 

Kristiania, den 2dre April.

 

Framåt”, dette nye svenske Bladet hev no komet ut med 6 Hefte. Kvende er det, som arbeider mest i Bladet, og Kvendesaki er det, dei hev til Fyremaal aa arbeida for. Og so inneheld det Døme, paa kva ei Kvinne og kann verta, naar det er aalvorleg Vilje med. Der er soleis um den fyrste finske Kvinne, som vart Doktar. Rosina Heikel het ho. Ho var 18 Aar, daa ho tok til med dette, og trassande alle mogelege Vanskar, stemnde ho mot det Maal, ho hadde sett seg. Kvar kann tenkja seg den Hugnaden og Gleda ho kjende, daa ho endeleg stod ved Maalet! Der er morosame Forteljingar av mest kjende Menn og Kvende. Brev og Meldingar fraa Norge, Danamrk, og Finland, alt med greid og trøysam Stil. Av norske, som skriv i det, er det: Jonas Lie, Kr. Janson, Irgens Hansen, Margrethe Vullum, Kristian Gløersen, Alvilde Prydz o. fl.

 

Sunnmørsfisket – skriv dei til oss – gjeng overlag godt. Snøre- og Linebruk best; Garnbruk godt ogso no paa Slutten. Snøre- og Linebaatar upp til 9-10 Turen. Veret overlag godt. Prisen til denne Tid 25 Øre Stykkje.

 

Fisken no paa Utlaup. Fiskaranne fylgjer etter langt til Havs. Ligg ute um Natti. Fleire sjuke. Kor mykje uppfisket veit eg ikkje.



Frå Fedraheimen 03.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum