Svein Skyttar. [Forteljing til Utklypp]

 

(Del 9 av 9. Fyrste delen.)

 

-77-

 

Daa han fekk høyra at Fatikforstandaren kom uppyver Bakken, lyfte han paa Hovudet og sa til ein, som var inne hjaa honom: “Du Arne, kjære ta’ ned den vesle Kassa, som stend paa Hylla uppunder Take. Eg hev ei Bok der, som eg vil faa’n til aa syngja lite i aat meg. Eg lyt væl til aa tenkja paa lite anna enn Verdi og Byrsa og det Stellet au”. Han tok paa aa rota i Kassa og kom fram med ei gamall Almanak. ”Her er Boki, ho er inkje stor; men det er mange gode Stykkje i ho”, sa’ han. Arne tok Boki, saag paa ho og sa: ”Det er ei Almanak dette”. – ”Aa er det det. Ja, eg er inkje væl, eg”, sa’ han og til aa rota att. Daa kom han fram med ei Katekjes, som var laus fraa Permen. ”Her er ho, den eg meinte daa. Eg fekk ho av Mor, daa eg var liten. – Det er mange Dagar sidan. Ho spann tvo Merker Veft aat han Jo Bakken for ho. Stakar, ho sleit trufast for oss seint og tidleg; men ho fekk inkje mykje att av oss for Strævet sitt, og minst av meg. Herre Gud, hadde eg visst daa, det, eg veit no, det skulde ha vorte anna av”, sa han stilt. Han lae Handi paa Bringa og drog Anden tungt.

 

Fatikforstandaren kom varlegt gjenom Døri og gjekk stilt burt til Svein. ”Vil du me skal gaa til Doktaren for deg?” spurde han, daa han fekk sjaa’n. – ”Aa nei, det fær nok vera”, svarad Svein stilt. – ”Eg trur det er naudturvelegt. Kostnaden skal du inkje ræddast for. Den skal Fatikkassa greide”, sa Fatikforstandaren. Men daa kom Haandi fraa Bringa og det kvast. Han reiste seg upp, so han sat paa Benken, og sette i det vesle han orkad. Skalv gjorde han av Sinne: ”Drag deg paa Døri! – Det var ’kje paa den Maaten eg vilde faa deg hit, so du skulde til aa fara med Gjøgl. Det var fyrste Gong eg sende Bod paa deg, det skal vera den siste au. Dra deg paa Døri, hev eg sagt, og det straks. Stoga er mi, og det du ser her, er mitt; men kva hev du? Du hadde voret paa Kassa og det for lenge sidan, hadde inkje Skyldfolket ditt hjelpt deg, so du hadde fenget i dette Fatikforstandarfilleriet, og so du attaat ikkje hadde havt denne gode Kjeften.” Fatikforstan-

 

20

 

 

-78-

 

daren laut berre pakka seg paa Døri det fortaste, han vann. Det skulde aldri mykje til fyrr han vart sint; men det, som gjorde han sintast, var, naar dei talad paa, at han skulde faa Hjelp av Fatikkassa.

  

Daa det leid paa Vaaren vart han likare. Utyver Sumaren var han aa sjaa att minst annankvar Dag i Gardarne paa Vestsida. Han hadde ein skarve baat, som han kom yver Elvi med. Men han saag heile Tidi so daarlegt ut, at Folk tykte det var rart, han kunne starva og gaa som han gjorde. Naar dei sa’ aat honom: ”Du hev væl brukt fraa deg Byrsa no, Svein?” svarad han: ”Eg vil no freista ho enno”. Dette tok dei berre for Spøk; men um Hausten med det same, det vart ”laust”, raklad han ivegen til Skogs med Hunden og Byrsa si, og meinte: ”Kanskje det kann stupa like so tidleg for Byrsa mi, som for noko onnor enno.

 

Tri Dagar etter fann ein Gjætargut honom liggjandes i ein Kreturveg uppunder Fjellet. Det var endaa sovidt Liv i honom, at han kunne tala. Guten, stakar, vart rædd og vilde ta’ Spranget paa Sætri.

 

Vent, vent lite”, sa’ Svein.

Eg vil paa Sætri og faa hit Folk til aa hjelpa deg”, sa Guten.

Kann du lesa Fadervaaret?” spurde Svein.

Ja”.

Vil du gjera det?”

Ja”.

Vil du lova aa faa ein til aa skjota Hunden min med Byrsa mi, naar dei kjem og skal ta’ meg?”

Ja”.

Daa treng eg ingi onnor Hjelp”.

 

Guten vilde ta Spranget.

 

 

-79-

 

Vent, vent lite”, stammad Svein. _ _ _”Vil du lesa Fadervaaret aat meg?”

So las Guten Fadervaaret. Daa han hae sagt “Amen” tok han Spranget.

Daa han kom att med Folk fraa Sætri, laag Svein stiv og kald.

Det fyrste dei laut gjera, fyrr dei fekk røyva noko, var aa skjota Hunden.

 



Frå Fedraheimen 03.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum