Ein Selle.

 

(Del 18 av 30. Fyrste delen.)


(Framhald).

 

Ei Tid med store Tankar, ei med Draum og Lengt og Dikting, ei for nasjonal og ei for politisk Reisning, ei for det praktiske Arbeid og ei for dei store, sterke Kjenslur, og den siste er det eg trur paa. Her er Trong um mangt, det er visst, og eg held høgt kvar trugen Arbeidar, men det som eg vil arbeida for, det er aa faa meir Innhald inn i Livet vaart, ikkje lata Kulturen berre vera Boktankar og ganga upp i Ord og Former, men lata han finnast i eit fullsterkt og sant personlegt Liv, utan at ein treng aa slaa av.

 

Folk hev arbeidt so lenge for Framstig og Umbøter i alle utvortes Former no, at det er paa Tid aa arbeida Framstiget inn i sjølve Livet vaart ogso, skal me ikkje verta gangande som nokre Framslengjingar. Me maa læra aa liva, utvikla vaart personlege Liv, so at Framstiget kann synast der, og ikkje halda oss i den Trui, at slike Ting som Religion, Kjærleik millom Mann og Kvende, millom Foreldre og Born o. s. b., at alt dette er noko so naturbundet, at det maa vera det same fraa Ævord og til Doms. Fyrr me rett fær Tak paa denne her Utviklingi, fyrr vert ikkje Livet vaart noko rødande um. Allvisst eg gjev ikkje noko for Livet, um eg t. D. i mi religiøse Kjensle elder i Kjærleik berre skulde hava det paa same Maaten som so mange Tusund fyrr meg og ikkje kunne leggja noko historisk nytt inn i det. Det er mange, som meiner, at religiøse Bøker i Grunnen gjeng ut paa eit, anten dei er tusund Aar elder dei er skrivne i dag, og endaa meir trur dei dette gjeld um Kjærleikssogur, for Naturdrifterne maa daa vera dei same. Men eg meiner, at ogso i den Vegjen maa det vera stort Framstig og Utvikling, og Kravet til det sedelege veks og skifter Tid for Tid, soleis at det som av Folk i gamle Dagar kunne kallast for sedelegt, no av ein fullstreng Moral kann dømast for sedlaust, men det umvende kunne ogso raaka, so at sumt no vilde faa ein mildare Dom, som dei i Fyretidi var strenge med.

 

No held eg det religiøse Livet for aa vera det, som er baade sterkast og gildast, men likevæl gjeng eg ikkje kringum og berre preikar Gudsord. Det er so med religiøse Rørslur, at anten vert dei so sterke, at dei kjem yver Folk med ein Ofse som ein øydande Flaum, elder so vert det berre dei kalde Lærdomsreglar som ein trælar etter. Det vert ikkje noko sunt religiøst Liv, fyrr der vert sterkare Bru og Binding med det hitt Livet, enn som no er. No bind Religionen seg altfor mykje berre attaat Kravet fraa Samfundet, liksom ein annan Lov, men me maa faa det religiøse Forhold sterkare og sannare; me maa knyta det attaat sjølve det personlege Natur-livet.

 

Kjærleiken til Foreldri, Kjærleiken millom Mann og Kvende, Kjærleiken til Borni, det er dei tri Grunnstyttur for all Ting, ogso for Religionen. No er det berre Kjærleiken til Foreldri som vert brukad som eit Underlag for dei religiøse Kjenslur, men eg held meg til Paulus i det, at ogso andre Naturforhold er tenlege.

 

Alle desse Naturforhold skal kultiverast og gjevast alt det Innhald som dei orkar aa bera, daa vil dei gjeva dei sikraste og stødaste Vilkaar for den høgste Form av Mannalivet, som me kallar det religiøse.

 

Sidan eg hev skrivet dette, er lange Tider gjengne, Papiret er reint gult vortet. Det vart ikkje so eg fekk skriva ut dette Brevet til deg, som eg hadde tenkt, der kom Ting i Vegen, som fekk meg til aa gløyma det reint. Istadenfor aa skriva ferdug Slutningi, som eg hadde meint, vil eg daa helder fortelja um noko anna.

 

Paalag ein Fjordung herifraa er det ein Gard, som heiter Aarhaug, ikkje so stor, men vælstelt og væn. Folki der var dei seinaste eg vart kjend med. Mannen heitte Tarald og var ein staut og rausleg Kar. Kona heitte Joronn. Fyrste Gongen eg saag ho som snarast, totte eg, at ho var væn, sidan fann eg ikkje noko vænt ved ho, Andlitet var noko kaldt og daamlaust, endaa det hadde milde mjuke Drag, det var noko veikt og faafengt ved det, og Mælet var noko tonelaust. Eg kom til aa raaka Tarald oftare, og likad han godt, han var noko braa og kvass i Talen sin, ikkje langrødug, men skobeitt og fast paa det han vilde. Ein Dag raakad eg til aa vera noko isaman med Joronn, ho var still og bljug i Talen, men eg høvde eingong til aa faa sjaa ein Smil av ho. Den Smilen likad eg, heile Andlitet vart som annleis for meg, og eg fann det forvitnelegt aa røda med ho. For naar ho saag paa ein, og den Smilen kom, totte eg det var noko forunderleg fagert, men elles var Augo nedslepte og Andlitet var ikkje vænt, ikkje Munnen, ikkje Augo. Men fyrst eg hadde set Ljosblinken i det Andlitet, kunne eg ikkje gløyma det. Eg gjorde meg um aa faa dei fram att, og daa var det som noko av ei Openbaring, men snart seig det burt att i noko trøytt og veiklegt.

 

Ho var mykje religiøs og gjekk ofte og song paa Salmevers for seg sjølv, men ho var likevæl ikkje streng og paagangsam imot andre. Ho var klok og vitug, men ikkje meir enn Folk flest.

 

Eg syntest au, at det maatte hava voret noko hugbrotet ved ho paa einkvar Maaten, og eg spurde Folk ut. Men dei viste ikkje um noko serskilt ved ho umfram andre Gjentur. Ho hadde voret nokso glad i ein annan ein, daa ho var nittan, tjuge Aar, men dette hadde domnat ned att av seg sjølv. Ho hadde gjenget lenge, fyrr ho hadde sagt ja til nokon, men endeleg hadde det vortet med Tarald, og Folk heldt det for aa vera eit høvelegt Gifte, og dei hadde allstødt livt godt i hop. Dette kunne ikkje eg helder avsanna, der var visst so godt og samelegt eit Husliv, som ein kunne ynskja, tri vælskapad væne Born hadde dei, ei Dotter og tvo Søner, og det var ei still og god Hyggje inne hjaa dei, reint og vælflidd jamt og mange Glas, so der var ljost og venlegt.

 

Ingen annan vilde visst hava saknat noko der, og det kunne kanskje ikkje eg hava Grunn til helder, det var ikkje det um aa gjera. Men det var likevæl noko, som eg ikkje var fullnøgd med. Det var denne fine Smilen og denne Glansen i Augo, som skein fram so leitevis, utan at korkje ho sjølv elder andre merkad noko til det. Eg tenkte ved meg sjølv, denne lysande Augnebragdi og denne Smilen lik ein Solglytt um Kveld, som heiltupp gjorde ho ukjenneleg – dette var den sanne Naturen hennar, det var det Laget, som skulde hava voret Kvardagslaget hennar, um rett hadde voret. Ho var lagad til aa vera Bløming og Blenkjing all igjenom, men no var det berre som sprettande Straa millom Urd og Steinar. Ho var som skapad for dei sterke Inntrykk i Livet, dei vilde hava fenget Blomen til aa spretta fullt ut, frisk og fager, dei vilde hava lyft hennar Andlitet, som no var nedlutt og tyngd, dei vilde hava gjevet henne Adel og Vyrdnad umfram andre. Men ho hadde ikkje fenget dei fullsterke Inntrykk; ho hadde maatt lita seg med dei so midels, og so midels vart ho. Det var Kjærleiken, som skulde hava gjort noko heilstøypt av ho. Men det hadde den ikkje kunna gjort, det var ikkje heile sin Natur ho hadde gjevet burt i den, fordi ingen hadde kravt heile hennar Natur. Og likevæl trur eg ikkje anna, enn at ho hadde elskat, men ikkje heiltupp, ikkje meir enn det var Skikk og Bruk. Men det var ikkje nok for ho. So hadde ho teket til med Religionen, men helder ikkje der hadde ho fenget det Tak, som kunne føra ho fullt fram til Siger.

 

Det som her var i Vegen var ikkje endeleg, at der vantad Upplysning, elder at der skulde kveikjast større Lidenskapar, men berre det, at Bygdekulturen var for trong, og ikkje aatte Former for eit sterkare Kjensleliv ifraa Ungdomen og inn i Livet.

 

 

(Meir.)



Frå Fedraheimen 03.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum