Ei Rispe.

 

Marja Dølen var ei staut Gjente og hadde mange Friarar; men der var ingen ho brydde seg um; ho berre tenkte paa Mons Mo, som ho heldt av. Mons Mo var Gardegut og overlag kaut, so han tenkte ikkje paa aa gifta seg utan med ei Gjente av stor Ætt, og ei slik var den byrge Dotteri aat Propritær Vik, ho Olga. Hjaa Vik tente ein Husmansgut heitte Ola Mek, som var baa fatig og arm; men han hadde eit sodant godt og trufast Hjarta, og dette Hjartat hadde han gjevet burt til Marja Dølen, for ho hadde han elskat, fraa han var ørliten. Han tenkte nok som so, at det var Synd av ein Husmansgut aa elska slik ei staut Gjente; men han visste ikkje Raad med det. Men so lengje han bar Elsken med seg sjølv, trudde han likevæl, at Syndi ikkje kunne vera so faarleg. Men det arme Hjartat hans vart heitare og heitare til lenger det drog, og daa han var 22 Aar heldt han det ikkje ut lenger. Han hadde nettupp fenget 2 Dalar paa Løni si, og desse kaupte han eit pent Plagg for og sende det til Marja. Inni lagde han ein liten Brevlapp, som han hadde mynstrat paa i tvo Dagar, og paa den Brevlappen stod:

 

Fraa ein som aldri kann gløyma deg”.

 

Marja Dølen gjorde Augo, daa ho fekk denne Pakken med Brevet i.

 

Tru kven det er fraa?” spurde seg sjølv. Det skulde væl ikkje vera fraa – fraa (ho torde ikkje rett nemna Namnet) fraa han paa Mo? Aa nei – men enn um - ? enn um ! – Ho vart so gild og uppøst, at ho fekk ikkje sova den Notti. Ho laag berre aa tenkte, kva ho skulde finna paa. – Daa ho stod upp um Morgonen visste ho det. Ho vilde spyta eit stort, langt, vænt Halsplagg med Namnet hans spytat i av Silkjetraad. Men for at ingen skulde faa Hold i det, laut ho sitja uppe um Notti og spyta, og det gjorde ho so gjerne. Det er gildt aa lida for den ein elskar, tenkte ho.

 

Men fire Vikur etter vart det ferdug, og daa sende ho det i ei Pakke med eit Brev i. I det Brevet stod:

 

Takk!! Fraa ei Kvinna, som elskar deg til ho døyr”.

 

Mons Mo sat nettupp og tenkte paa Olga Vik, daa han fekk denne Pakken.

 

Kva skal det tyda, - undrast han med seg sjølv, reiv Pakken upp, og det store, væne Plagget trillad paa Golvet. Olga Vik! foor det i Tanken hans. Han tok det upp og breidde det utyver Bordet. Alle dei Fargar! og Namnet! ”Mons Moe” i Silkjebokstavar! – Jau det laut plent vera Olga Vik. Ingen annan kunne gjera slikt der i Bygdi, for ho hadde voret i Byen, og ho hadde Pengar baa til Silkjetraad og anna. – Det var Olga Vik. Han flaug upp og til aa skriva paa eit Friarbrev. ”Men stopp litt”, sa han, daa han hadde skrivet Helvti; det er nok best aa vera var um seg her. Lat drygja eit Bil, til eg finn paa noko betre”. Og han drygde i 8 Dagar; daa viste han, kva han skulde gjera. Han vilde kaupa eit Gullur til hundrad Kronur og senda ho. Hundrad Kronur var mange Penger det; men ”den ikkje vaagar, han ikkje vinn”. – Daa han hadde fenget Klokka, skreiv han eit sovoret Brev.

 

Ugløymande Frøken.

 

Tusind Takk for sisst og for det, De veit!

 

Eg hev tenkt berre paa Dykk fraa den Dag, og aldri kjem eg til aa gløyma Dykk meir.

 

Til eit lite Minne sender eg denne Klokka.

 

Orsak meg!

 

M. M.”

 

 

Der vart Styr hjaa Proritæren, daa denne vesle Pakken kom. Mori vilde vera med og sjaa, kva det var; men Olga sprang uppaa Romet sitt, stengde Dyr og reiv upp Pakken utan aa sjaa etter Poststempel.

 

Gode Gud!” ropte ho, med det same Gulluret skranglad ned paa Bordet, og ho vart varm all igjenom av Elsk. Ho for Brevet igjenom som ein Vind – skynte det ikkje – las det uppatter ein Gong til – tvo Gonger – mange Gonger. ”Tusen Takk for sisst og det De veit! - M. M. Var det mogelegt! Mathias Mikkelsen, Kandidaten! han som ho hadde dansat so mykje med hjaa Olson, daa ho var i Kristiania; den vakre, staute Karen med Augnaglas og Snibel, han som ho hadde drøymt um so mang ein Gong; den einaste her i Verdi, som ho heldt av! Jau det var plent han! – Og ho klappad i Henderne.

 

Men – ”det De veit” - ? Hadde ho sagt noko? ho mintest ikkje rett, men – aa jau daa, no hadde sagt noko – han hadde lagt det paa Minnet – han elskad ho altso. ”Takk skal han ha; eg skriv paa Rappen”.

 

Hr. Kandidat M. Mikkelsen.

 

Takk, uppatt og uppatt Takk for Sendingi (Gulluret) og for at De endaa tenkjer paa meg. Eg torer mest ikkje tru mine eigne Augo; men naar eg ser Uret og Brevet, so er det altso ikkje berreein Draum, ja lat meg gaa ved det – eg hev drøymt um Dykk kvar Natt sidan me var saman; men so stort hev eg likevæl ikkje vaagat drøymt, som det er, som ikkje er Draum.

 

Ja takk skal De ha; eg skal aldri gløyma Dykk.

 

Dykkar

 

Olga Vik.

 

 

Ho sende Brevet au og gjekk som paa Glødor. Um 4 Dagar fekk ho Svar att. Ho sprang paa Romet sitt og las:

 

Til Frk. Olga Vik.

 

Eg vart snaudt forbinad, daa eg fekk Brevet Dykkar, det maa vera eit reint Misstak. Eg hev aldri sendt Dykk korkje Gullur elder Brev; ikkje hev eg tenkt paa Dykk helder. Det skulde eg forresten gjort; men eg kom til aa gløyma det. Forresten...”

 

Ho orkad ikkje meir. Ho seig i Uvit og datt ned paa Golvet, og der laag ho, til Mori kom med Hoffmannsdropar og hadde uppi Kruna; daa kom ho seg noko.

 

No maa du ikkje verta sjuk kjære Olga”, sa Mori, og strauk ho yver Panna. ”Imorgo kjem Olai Midtgard og vil fria for Son si, han Mant, ser du”.

 

Vil han fria til meg?” spurde Olga, og tok til aa grona.

So skreiv han til Far din igaar”, sa Mori.

 

Aah - ! var det han, som sende meg Klokka”, sa Olga, liksom for seg sjølv.

 

Klokka?” spurde Mor.

 

Ja eg hev fenget eit Gullur; sjaa her!” ho synte Mori baa Klokka og Brevet.

 

Hm – ”, sa Mori.

 

Andre Dagen kom, og der vart Forloving hjaa Propritær Vik.

 

Mons Mo vart heit um Øyrurne, daa han fekk høyra um Forlovingi hjaa Vik. Men hemna seg vilde han, so godt han kunne, og beste Hemnen, tykte han, maatte vera aa gifta seg paa fljugande Flekken. Tankarne hans for rundt heile Bygdi, men stoggad daa dei kom til Dølen. Marja Dølen ja; ho var no korkje rik elder væn, men likavel ei staut Gjente var det. Dessutan, han vilde syna Vikfolket, at han ikkje trengde um Rikdomen deira.

 

Han sette seg ned og skreiv Friarbrev med det same. –

 

Endeleg hev han daa...”, sa Marja Dølen, daa ho reiv Brevet upp og saag kven det var fraa. Ja det var daa ikkje fortidlegt, meinte ho. Ho las Brevet; ikkje eit Ord um Plagget! ikkje eit Ord um Elsk! han berre spurde, um ho vilde verta Kona hans. Var det so eit Friarbrev skulde vera? Ho mest gret; men so kom ho i hug, at rike Folk ikkje plar elska. No ja, ho vilde ta han paa Ordet likavel. Um 8 Vikur var dei gifte.

 

Stakkars Ola Mek! Han fekk ikkje sova heile den Natti, etter at han hadde fenget Hold i det med Marja Dølen. Daa han hadde fenget paa seg Klædi den andre Morgonen, slo han med knytte Neven i Sengjestokken: ”Men Elsk er no Elsk likavel det, anten det so ber elder brest; men fraa ho kann eg ikkje vera”, sa han for seg sjølv.

 

Og so gjekk han til Mons Mo og tok seg Tenest.

 

Gorm.



Frå Fedraheimen 03.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum