[Tidender.] Kor lengje skal me faa høyra dette?

 

Ja, jeg tror ogsaa, at Maalsagen engang vil trænge igjennem, men det er længe igjen til den Tid. Digterne maa først slutte sig til Sagen, men naar det er skeet, saa vil den ogsaa ogsaa. Det nytter ikke at drive paa; den vil ikke gaa før”.

 

So paalag høyrer ein ofte dei Folk segja, som stend liksom millom Partiarne. Dei ser, at det er ikkje berre Uppspinn, Maalmennerne driv paa med. Likevæl vaagar dei ikkje rigtigt aa slutta seg til dei helder. Dei er altfor varsame og rædde til aa ganga med paa noko, som kann vekkja Røre. Det kunne lett vera nokre av Kjenningarne og Venerne deira, som ikkje likad det, og difor er det best aa halda seg burte. – Ein kann ikkje godt vita, kor Haren gjeng, tenkjer dei. Dei, som eg hev høyrt dette oftast av, er Lærarar. Dei gjer det visseleg i god Meining. Dei vil ikkje vera med paa aa faa fram Strid og Trætte hjaa Folket, og difor held dei seg utanfor. Men daa dei vistnok sjølv kjenner, at dette ikkje er nokon Grunn aa koma med, so kjem dei med ein slik Talemaate, som den eg nemnde. – Det kann visst ikkje vera avvegjen aa sjaa litt paa han.

 

Det er visst ikkje nokon Maalmann i heile Landet, utan han er med paa det, at Maalsaki vilde vinna mykje, um Forfattaranne sluttad seg til ho. Ingen skynar betre paa det enn Maalmannen. Aa segja, at det gjer det same, vilde vera dumt. – Maalsaki vilde ikkje vera komi so langt, hadde me ikkje havt Aasen, Vinje og Garborg m. fl. Dette er klaart som Dagen. Men av dette aa slutta, at ho ikkje vilde vera komi nokon Veg, det gjeng ikkje. Ho vilde turvt lengre Tid, men fram hadde ho gjenget. Me fær hugsa paa det, at Maalsaki er ein Del av Landets Kultur. Landets Framgong og Maalsaki er bundne so fast til kvarandre, at utan det eine, gjeng ikkje det andre helder. – Ein Maalmann arbeider ikkje for Maalet, berre avdi han tykkjer det skulde vera gildt aa faa det inn att, liksom berre for Moro. Nei han ser, at solengje Dansken ligg som ei Mare yver Landet, solengje fær ikkje alt utvikla seg fritt, og difor vert det somykje nedkjøvt. Han ser, at Dansken hindrar Landsens eigen Kultur fraa aa utvikla seg, og det er det han kjempar imot, naar han arbeider for Maalet. Og difor ventar han ikkje til ein elder annan Diktaren kjem og tek i. Nei han tek i sjølv fyrst og kjem det so ein sovoren Kar, so er han glad for detog takkar han for det.

 

Forresten kann me ikkje, solengje Mesteparten av Folket berre les Bøker paa dansk, venta at Forfattararne skal vera so svært hugad paa aa skriva norsk. – Det er klaart, at dei held seg til det, som dei tener mest med. Me fær hgusa paa, at dei er ikkje berre Diktarar, dei er Menneskje og. – Men tek derimot kvar ein til aa kaupa norske Bøker, so fekk me nok Forfattararne til aa skriva norsk, soframt dei vilde skriva for sitt eiget Folk.

 

L. Stamem.



Frå Fedraheimen 03.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum