[Tidender.] ”Vestlandsposten

 

tok seg varmt og livande av Maalsaki, medan ”Verdens Gang” der viste seg helder kald”.

 

Denne Samanlikningi, som eg kom med ved Aarsskiftet, skal vera so usann og misvisande, høyrer eg. Ja lat oss sjaa litet paa det.

 

I den siste Aargangen av desse Bladom stend det i det store soleis med Maalsaki¹):

 

1.Stykke paa Norsk

I Vestlandsposten

(radt upp til 2 Bolkar lange):

Nr. 3, 13, 21, 22, 25, 28, 42, 54, 55, 56, 60, 65, 66, 71, 90, 92, 97, 100, 101, 121.

I Verdens Gang:

Nr. 110 og 133 (eit litet Dikt av Garborg og ein liten Stubb utor Fedrh.um aa stella fersk Mat).

 

  1. Innlegg fyre Maalsaki

Nr. 21 (1/2 Bk.) p. Norsk

22 (1 ” ) ” _

40 (1 ” ) ” Dsk}

42 (3 ” ) ” _}

45 (2 ” ) ” _}Red.

46 (2 ” ) ” _}

47 (2 ” ) ” _

Nr. 24 (nokre Ord til Morgbl. um ”Aarsagerne til at V.Gg. bruker dansk Sprog i Stedet for Norsk”).

 

Den som hev leset Vestlp.vil vita, at fleir av desse Stykkom der er skrivne med slik heil Hug og Dug, at det maa gjera eit Maalmanshjarta retteleg godt.

  

Etter dette tenkjer eg daa, Folk vil medgjeva, at det var ikkje meir enn sant er, dette som eg sagde ved Aarsskiftet, at ”Vestlandsp.tok seg varmt og livande av Maalsaki, medan Verdens Gang viste seg helder kald”.

 

Som Maalmann vil eg takka Vestlandspostenfyre det han heve gjort fyre Maalsaki og beda honom halda ved: taka upp norsk, so langt han fyre Lesarom sine kann og elles leggja inn eit godt Ord fyre Saki, so ofte Tilføret byd seg.

 

Vonheim, 25. 3. 1886.

 

Matias Skard.

 

¹) Eg heve faret deim fort igjenom, so ein og annan Smaatingen (men ikkje stort) kann der vera, som eg ikkje hev vortet var, liksom eg heve sprunget yver dei smaa ”Referatstumpar” og ”Notitser”, um dei enn kjem Maalsaki ved. I alle Fall er ikkje ”V. G.” rikare paa slikt enn ”Vp.”

 



Frå Fedraheimen 03.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum