Tidender.

 

Kristiania, den 23de Mars.


Pensjonarne. Som vanlegt vart det eit Ordskifte iaar ogsaa, daa Pensjonarne skulde fram i Tinget.

 

Regjeringsinnstellingi hadde yver det heile sett Pensjonarne so høge, at Komiteen hadde knipt dei av. Schrøderog Saxefann, at her fekk ein halda seg til Regjeringsinnstellingi. – Sørum, Dieseth og Bentsen lastad paa Regjeringi, fordi ho tok for flust i. Embætsmannen hadde meir enn fire Gong so høg Løn som anna Folk, sagde Dieseth, og endaa skulde han hava Pensjon. – Statsministar Sverdrupfann, at det var til Statens Tarv, at Embætsmennerne kunne hava baade høveleg Løn og Pengar i Alderdomen. Der laag ei Minning um aa gjera si Pligt i det. Han heldt med Saxe i det, at for smaae Pensjonar kunne freista Embætsmenner til aa sitja for lenge i Embættet. Han totte, at Komiteen hadde sleget av for mykje. Det som Stortinget her gjorde, det var ei Rettleiding, som Regjeringi maatte halda seg etter i Framtidi. Elles heldt han det for, at ein maatte arbeida paa aa faa i stand Sjølvpensjonering med Tilskot av Statskassa for Framtidi. Det var leidt, fyrr ein fekk fastare Reglar aa halda seg til, no var det altfor mykje eit Skyn det kom an paa, og det kunne ikkje alltid verta rettferdig. – Statsraadarne Haugland og Kildalheldt med Sverdrup i det, at Komiteen hadde knipet av for mykje.

 

 

Fraa Vinje. No kann du tru, her hev vori Stuk heruppe. Prestekallet vart for ei Tid sidan lyst ledig, og det spurdest snart, at Kand. Kr. Olsen, Redaktør av Dagsposteni Trondheim var blant Søkjaranne. Men daa kann du tenkja vaare Høgrefolk Pietistarne vakna. For Olsen er kjend som ein baade i kristeleg og politisk Opfatning, frisinnad og dugeleg Kar; og slike er faarlege veit du. Det hadde attaat komi ei Segn, at han skulde vera Grundtvigianer, og det er no jamgodt med Fritenkjar og Vranglærar, ja kanskje verre, for dei fer finare med det, og løyner det inn i Folk, so dei ikkje gaar aat. Jau, naar me fekk ein Bladredaktør, og Grundtvigianer og Vinstremann til Prest, skulde her bli lagat. Ja soleis tenkjer vaare Pietistar og Høgrefolk, og Skam aa segja ikkje so faa andre au, som ein kunne venta noko betre av. I flugande Fart fekk dei daa i stand Listur til Statsraad Jakob Sverdrup, der dei, etter kva eg hev høyrt, bad ifraa seg Olsen hell nokon annan Grundtvigianer og bad um ein aalvorleg kristeleg Prest. At han au skulde vera Høgremann, stod nok ikkje paa Listurne, for det vilde ikkje søma seg, naar ”Kristendommens Venner” bad um ein Sjælesyrgjar; men eg er sikker paa, at hadde dei tala ut sit Hjarteynskje heilt, so hadde det maatt stadet der, ja kanskje ikkje eingong seinst. Hellest kunne det no vera mest det same, kva der stod, for det fylgde nok Talsmenner med, som kunne forma Innhaldet ettersom det passa best og gjorde best Virkning paa den dei hadde aa gjera med.

 

So fekk dei nokre Menner, som gjeld for ”Autoritetar” til aa skriva under fyrst, hell til aa ganga fyre med Bjølla, og so lagde dei iveg kvar til sin Kant av Prestegjeldet for aa samla Folkestemning og senda inn til det ”kongelege norske Statsraad” i Kristiania. Og for at Folk ikkje skulde bli forundra yver, at dei skulde vera med aa innsetja Prest, fortalde dei, at Motparten alt for nokre Vikur sidan hadde samlat Underskrifter for Kr. Olsen. Dette var no den skire Lygn, for fyrst, naar dei hadde faret yver heile Prestegjeldet, vert det teket til med aa samla Underskrifter for Kr. Olsen. Eg skal ikkje segja, kven, som hadde sett upp Lygni; men eg tenkte, at slike Menner burde vita, kvad ei agiterad med i ei sovori Sak. Og onnuge til arbeida var dei, det skal segjast til deira Ros, aa ikkje vande um kven, som skreiv under hell.

 

Dei trodde væl at Husmannsplassarne og Avkrokarne, der Folk fylgjer minst med Tidi, og med desse gilde Bjøllesauderne fyre, var det lett faa Flokken etter, tilmed var ein hell tvo av desse, som gjekk med Listurne av vaare mest vyrde Pietistar. At Motparten fekk si Attest, treng eg ikkje segja, Kr. Olsen hadde no vel tilslutt baade Horn og Hestehøver. Og Underskrifter fekk dei i hougevis, rektignok var ein stor Del av desse ”med iholdt Pen”.

 

Eg skal fortelja eit løglegt Døme paa dette. Daa ein av desse Underskrivaranne vart spurd, kva han hadde skrivet under, svarad han: Ja det veit eg ikkje; men eg turvte daa ikkje ut med Pengar. Aa du ”sæle Einfold”! Jau du kann tru, det var Karar, som skynad paa Grundtvigianisme og slikt noko, og gilde Gutar var det til aa sitja jamsides dei kongelege Statsraader og velja Prest. Eg maa læ, naar eg tenkjer paa det. Eg kjenner au til 5-6 Namn, som vart paaskrivne Listurne, og dei, som aatte Namni, var ikkje heime. Det var nok andre, som gav Lov til aa skriva paa, men det syner daa litetgrand, korleis ”Kristendommens Venner” strid for si Sak, og eg vaagar segja, det var hugheilt gjort.

 

Det var vist ikkje so faa, som gjeld for frisinnade Folk, som skreiv paa Listurne mot Kr. Olsen hell ein annan frisinnad Prest, og kva desse tenkte, skal eg ikkje segja, eg veit, men det vil eg segja, at det syner meir Tankeløyse, hell ein skulde tru. Men eg veit no, at ikkje faa av desse hev trega etterpaa, og gjerne hadde vilt havt Namni sine yver paa hi Lista, ja her finst jamvel dei, som hev skrivet seg yver.

 

No hev tvo Mann voret radt inn i Kristiania til Statsraad Sverdrup med Listurne, og kva dei hev utretta der, vil vel snart syna seg. Listurne for Kr. Olsen hell ein annan frisinnad Prest, hev no au gjenget inn til Statsraadet, men det var vist faa Namn paa dei mot paa dei hine.

  

Seinst dette: kven som denne Gongen vinn, so trur ikkje eg, at den Slags Uppfatning av Kristendom, som vaare Pietistar syner fram, hev noko Framtid for seg; den er utlivd, for der maa vera Rom for Fridom og Personlegheit og Utvikling, likesovel i kristelege Spursmaal som i alle andre. Historien syner au, at naar ein Tankeretning vert so gamall, som den gamallpietistiske er no, maa den yngjast uppatt, og dei, som no skal gjera det, trur eg er Grundtvigianaranne, dei eig Vilkori for det.

 

17/386.

O. H.



Frå Fedraheimen 24.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum