Svein Skyttar. [Forteljing til Utklypp]

 

(Del 6 av 9. Fyrste delen.)


-68-

 

Klokka tri same Eftan bar det iveg. Fyrst var ”Rask”; han smaatrippad av og til yver Vegen med Nasen i Marki og Rova i Veret. ”Han ventar ferskt, ser eg”, meinte Svein, som hinkad etter, det fortaste han var Kar til, med Byrsa, Kikaren og Bokmeisen. At Sekken hans inkje var tom for Mat, kunne ein godt skyna; for han lyfte Nasen høgt og slengde i Føterne som ein nyfødd Kalv. No var det inkje godt aa tala han til Lags. Professoren gjekk sist. Han kilad etter Svein, so Sveitten rann av han, med Byrse, Kikar og ei diger Skreppe, som var stoppad full med Mat og Klæde. Han fekk inkje Svein til aa bera meir enn snaudt halve Maten. Klædi han vilde ha med, laut han bera sjølv.

 

 

Daa dei hadde gjenget ei Rid, naadde dei ein liten tværbratt Bakke. Der sette Svein seg, bad Professoren setja seg og byrjad: ”Etter som alle Bykaranne, eg kjenner, hev slik Hug til aa høyra Namni paa alt, som hev Namn, so kann eg fortelja deg for kvart Stelle etter som me kjem aat det. Denne Bakken her kallar dei Beret-bakken, og det Namnet hev han fenget av di ho Beret Sletten, Bestemor hans Per, som no er, aatte eit Barn her. Her ved denne gamle Stubben med denne Krossen i og Steinen paa, var det ho aatte det. Det stod ei diger Gran paa Stubben daa, so det var under Grani ho laag. Ja det var fælt til Kvinnfolk so hardbale. Det var i Slaatten um Sumaren. Ho gjekk fraa Sætri Høgsdagsleite og skulde heim med eit Søtmjølkspann, og daa dei sat og kveldverde, kom ho Beret heim med Søtmjølkspannet og ein liten Gutunge, som ho hadde reivat i Fyreklædet sitt. Guten vart kallad Thorleiv og reiste til Nordland, daa han var væl tjuge Aar. Sidan høyrde ingen meir gjetet han”. So gjekk dei eit Stykkje til. Svein sette seg paa ein Stubbe, turkad Sveitten av Panna si og tok til att: ”Denne Bakken kallar dei Spikjekjøt-bakken. - Namnet fekk han, avdi han Vesle-Helge Aaen gøymde noko Spikjekjøt, han hadde stolet, burtunder denne digre Steinen, du ser der. Men han slapp inkje so lett fraa det Kastet, som fraa dei fleste andre han gjorde lell, Kjeltringen. Han Aasulv Bakken kom paa’n seint ein Kveld, han skulde paa Sætri. – Det var snodig koss

 

 

-65-

 

til aa snøa og blaasa, so eg snaudt fekk upp Augo. No stod eg der og kom korkje att elder fram. Eg gjorde eit lite Hol attmed ein Stein og lagde meg. Der laa eg og fraus med nokre raae Moseteppar yver meg til langt paa Kvelden. Daa laut eg upp atter og til aa smaaskuta; for det var so kaldt, at det var raadlaust aa vera roleg lenger. Uveret stilnad etter som det leid paa Kvelden; men so kom Skodda veltandes inn paa meg, so eg snaudt saag Hunden i Bandet. Eg var verre enn ille ute. Inkje hadde eg anna enn eit Smørstykkje til Mat, og naar eg inkje hadde Brød attaat, so var det jamngodt med inkje. Og inkje visste eg, kor eg var, og inkje kor eg skulde av for aa finna Folk. Eg vart farande tri Jamdøger og tulla i Skoddi. Dei tvo siste regna det mykje attaat, so eg gjekk vaat som ei Kraake heile Tidi. Og for aa inkje frysa reint ihel laut eg ganga baade Nott og Dag. Eg gjekk og gjekk, og lydde og lydde, men korkje saag elder høyrde noko levandes. Jau, tridje Eftan fekk eg høyra Ljomen av ei Bjølle. Eg sette paa og gjekk det vesle, eg orkad. Langt um lenge fann eg ein liten Kreturveg. Daa vart eg so glad, som eg skulde ha fenget ein stor Gard. Eg kjende inkje meir til, at eg var vaat og keid og svolten. Eg gjekk den vesle Stigen og hadde og sterk Veg, for eine Stigen etter den andre kom attaat.

 

Klokka ein Langvisartime yver 11 tridje Kvelden kom eg paa Høvringen. Daa fekk eg sjaa han au.

 

Dette var midt i August um Sumaren, og Nyaarsdagen ved Kyrkja trefte eg att han Ivar Kampen fyrst”.

 

Korleis hadde det gjenget med han daa?”

 

Paa Lag som med meg, Tridje Dagen ved Høgsdagsleite kom han paa Mysusætir mest stivfrossen”.

 

Ein er inkje noko væl ute, naar ein er i ville Fjellet og slikt Ver kjem paa ein”.

 

Nei, eg skal meina det. Det er ingen som veit, kva det hev paa seg, fyrr ein hev freista det. _Det vert inkje som aa sitja i ein stor Bygnad i Kristian og vera Professor og so gjera seg ein Sleng ut paa gata einkvar Gong imillom og vera Storkar.

 

17

 

-66-

 

Huf, nei; eg tenkjer det vert noko anna. _ _Aa for alle dei Uversdagar du maa ha voret ute i”.

  

Det hev voret Næter au det attaat. – Hadde eg havt dei uppskrevne, so skulde du ha set noko rart”.

 

Professoren tok fram att Flaska og slog i full Kaffekoppen med Brennevin aat Svein. ”Ein slik Kar er verd ein Dram til”, sa’ han. Daa Svein hadde tømt Koppen og takkat for ”godt Brennevin”, spurde Professoren: ”Kva vil du ha for aa fylgja meg ei Vike i Fjellet?”

 

Er det paa den Maaten Brennevinet skal betalast kanskje”, svarad Svein.

 

Nei, langt ifraa. Det hev du ærleg fenget, fordi du hev voret slik ein Kar. Vil du vera so snill aa fylgja meg, so skal du nok faa Betaling”.

  

Ja, eg veit inkje, kva eg skal svara deg, Gut. Eg hev inkje Tid, naar eg skal sjaa etter det. No er det Skogsver paa Kar, og eg veit, kor eg skal finna ferskt. Men betalar du meg bra, so skal eg inkje vera tverare, enn eg skal fylgja deg nokre Dagar, so du vert lite kjend”.

 

Ja, var det so væl, eg fekk deg med, so jamen skal eg betala godt”.

 

Eg fær som sagt vera med nokre Dagar; - men det vert likast, me akkorderar i Fyrevegen. Det er so godt for seinare, det”.

 

Eg trur inkje, det skal ha nokon Faare for den Sak; - men som du vil”.

 

Framandfolk skulde inkje ha med kvarandre aa gjera for ein halv Skiling, utan dei var forlikte i Fyrevegen”.

 

Det er sant. Det er ymse Folk aa raaka for den, som hev med mange aa gjera; men so trur eg ingen av oss er urimelegare, enn me vert forlikte ettepaa.”

 

Nei, det kann nok henda; men eg vil som sagt ha det greidt i Fyrevegen”.

 

Jaha, seg berre, kva du vil ha”.

 

Eg vil ha Hunden og Byrsa. – Ein kann braatt snaava

 

 

-67-

 

burt i eitkvart, naar ein skal fara paa Vidderne, og daa er det harmelegt aa inkje ha det, ein skal hjelpa seg med. – Hev du Byrse med deg?”

 

Ja, eg hev det”.

 

Det er eit stort Spursmaal um du kann bruka ho. Det er annleis det, skal eg segja deg, enn aa bruka Kniv og Gaffel. Dei, som inkje er kultiverte med Byrsa, naar dei er paa Jagt, gjer meir Ugagn enn Gagn med ho. Det hev eg røynt so mangein Herrens Gong. Ja, du fær faa ha ho med; men du fær inkje løysa Skot, fyrr eg gjev deg Lov til det. Eg vil vera Professor og du fær finna deg i aa vera Læregut. Det er so mykje du veit fyrr me dreg ivegen. Og so vil eg ha Mat og Kake og Tobakken, eg treng og ein halv Dalar i Pengar for Dagen”.

 

Det skal eg inkje eingong pruta paa. _ _Berre eg kann skaffa Mat, som du er fornøgd med so . . .”

 

Eg vanskar ingen Mat. Eg et Mjølrøre um det knip. Og vert det reint for galet, so tok eg fat paa Klædom. Eg aat upp Matsekken min ein Gong for aa berga Livet. Same Gongen laut eg skjera av Vestlumurne mine til Tobak”.

 

Var det den Gongen du kom paa Høvringen det?”

  

Nei, var det hell, Eg hev voret ute fleire Gonger, eg._ _ _Det er berre me gjeng avstad og fær eit Par Menn til Vitne og dreg ivegen. Det fyrste er det beste. Det er inkje sagt kor lenge dette Veret stend ved Lag.”

 

Daa dei skulde ivegen, vilde Professoren ha Svein til aa bera Skreppa si; men det gjekk inkje. ”Eg skal bera det halve av Maten og inkje ei Snus meir. Hev du Klæde elder noko anna Jutulverk, so fær du bera det sjølv; for det hev inkje eg noko Bruk for. Du hev likso væl Tid til aa bera, du som eg. Det skal ’kje vera nokon Skilnad paa Storfolk og anna Folk hjaa meg. Du skal vita, du er inkje i Kristian no”, meinte Svein.

 

(Meir.)



Frå Fedraheimen 24.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum