Sume Drengjer paa Friing fara.

 

I Horgen var det nyleg ein fæl Skøyar til aa narra Kvendi. Ein Dag kom det ei Enkje inn paa Politikammeret og sagde, at det var ein, som hadde trulovat seg med ho og sagt, at han aatte ein stor Gard i Sogn, som han snart skulde taka, og daa skulde dei gifta seg. Medan dei sat og talad ein Gong, fekk han Lov til aa sjaa paa ein Gullring ho hadde etter fyrste Mannen sin, og det vart so, at han fekk hava den med seg. Men han kom ikkje att med Ringen, og daa ho so kom til Politiet, kunne dei fortelja, at Karen hennar ikkje hadde sagt henne rette Namnet sitt, og at han hadde pantsett Ringen, og at han hadde setet fire Aar i Tukthuset for Steling og Fals. Ho kravde paa aa faa han paa Straff igjen, for Ringen vilde ho hava att.

 

Straks etterpaa kom det ei Gjente, som han også hadde forlovat seg med. Henne hadde han ogso fortalt um den store Garden som han hadde, og bad ho laana seg 10 Kr., daa han hadde sett alle Pengarne sine inn i Banken. Pengarne fekk han, og andre Dagen fekk han 8 Kr. til. Han fortalde ogso, at han skulde gjera ei Nordlandsreis, og Gjenta totte no, at dette var Høve til aa visa, kor ho heldt av han. Ho sette seg til aa laga Underklæde til han, ”daa det var somange Slag Ver til Sjøs”, so han kunne væl trengja eitkvart godt og varmt Plagget, og det fekk han so tridje Dagen. Endaa Avtala var den, at han skulde koma att Dagen etterpaa, kom han ikkje likevæl. Ho fekk ogso no høyra gjetet, at han hadde pantsett Klædi, som skulde verma han paa Nordlandsreisa. Paa Politikammeret fekk ho so vita, at han hadde voret hindrad fraa aa møta til rett Tid, daa han i nokre Dagar hadde havt nok aa gjera med aa sona ut ei Straff paa Vatn og Braud for nokre Mulktar. Men daa ho so sidan møtte han for Retten, totte ho so vondt um han, at ho tok Klaga si attende.

 

Endaa kom det eit tridje Kvende og vilde hava Greide paa Karen. Ho fortalde, at han hadde fritt til ho ogso, men ho viste ikkje kva han heitte likevæl. Ho hadde ikkje laant honom noko, men ho vilde likevæl fortelja, at ho hadde mist sin Pengepug, og at Matmor hennar samstundom hadde saknat nokre Sylvskeider. Fredagen Kl. 1 hadde Friaren lovat aa vitja ho, men han kom ikkje, og det vart upplyst, at Grunnen var den, at han same Dagen hadde Ærend til ei onnor Gjente.

 

Men det var ikkje desse tri berre, som han hadde voret hjaa. Til kvar dag lenge etter, kom det Gjentur inn paa Politikammeret og vilde hava Greide paa Karen.

 



Frå Fedraheimen 24.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum