Nils Skaar,

 

om døydde nyleg, skriv Nils Botnen eit Stykkje um i Magne. Han segjer millom anna:

 

Vetlenils” var yngste (3dje) Sonen aat gamle Stortingsmannen Nils Skaar. Den eldste er Redaktør, Folkehøgskulelærar og no Stortingsmann. Den andre er heime og hev no teket mot Farsgarden. Garden Skaar ligg høgt upp i Fjelli, einstakad paa ein ulendt Stad, og er svert tungvinnt. Mest alt, som skal til og fraa Husi maa takast paa Mannaryggjen. Det er berre i dei siste Aari, dei hev havt Hest paa Garden. Men dette hev ogso herdast Slegti upp, so dei er sterke som Bjørnar. Alle fraa Skaar er store og velbygde. ”Vetlenils” var aldri rædd for aa taka mannelege Tak med i Arbeidet i Heimen. Han var nettupp ein Arbeidshest, som ikkje livde seg i nokon Ting. Det var faa, som tenkte, at han nokor Sinne skulde koma til aa duga til noko anna enn aa vera ein Slæpar paa ein Gard. Eg veit fraa hans Dagar paa Barneskulen, at han ikkje i noko av det, som der kravdest, gjorde seg merkt ved aa hava Gaavur meir enn som Born flest. Men so var han ogso litet paa Skule. I Grendi var der 9 Vekur Skule paa Umgong um Aaret; men fraa Skaar, som laag so avleides, kom dei ofte ikkje i vekevis. Men so hadde han ein Heim, der dei baade vilde og kunde taka seg av Borni sine – ogso i dei boklege Ting. Eg høyrde ei Gong eit Brev, gamle Stortingsmannen hadde skrevet til eldste Sonen sin. Sonen hadde skrevet, mens Faren sat paa Stortinget, og nemnt um, at det var noko anna aa sitja der inne som kaarad Utsending fraa Folket og faa sitja jamnbreides Prest, Skrivar, Amtmann og andre fine Herrar – enn aa sitja paa Bondekrakken heime i Skaar um Kveldarne. Paa det svarad Faderen, at det rigtignok var onnorleis; men det skulde han vita, at han aldri hadde kjent seg lukkelegare enn naar han um Kveldarne heime, der han sat paa Bondekrakken, fekk taka Borni sine upp i Fanget og tala med dei elder læra dei lesa. – Der Foreldri er soleis, vert ikkje Borni forsømde. Der var ogso i Huset fleire Bøker og meire Lesing baade av gamle og unge senn vanleg der heime. Kunne soleis ikkje ”Vetlenils” meire av Pontoppidan, Vogt og Katekjesa hans Luther, enn me andre, so visste han istaden so mykje meire av Sogur og Forteljingar, som han hadde høyrt elder leset seg til. Han visste aa fortelja um Robinson Kruse, um Haakon Haakonson, um Sjørøvarar og andre sovorne Karar, som hadde voret paa Utferder. Bjørnsons Forteljingar var snart farne igjenom. ”Vetlenils” hadde fraa dei tidlegaste Dagarne livt seg inn i alt dette. Sterk Innbildningskraft, som han hadde, var det som alt livde og rørde seg kringum han. Eg minnest so vel mange av dei Kveldar, me sat elder gjekk saman og livde oss inn i det, han hadde høyrt elder leset.

 

Faderen var i dei seinare Barneaari hans mykje burte. Den eldste Broderen hadde alt den Gongen voret mykje ute paa Skular og var held ikkje mykje heime, og desutan dugde han ikkje til Slæpar paa ein Gard. Andre Broderen var sjukleg, so Arbeidet mest kom til aa kvila paa Moderi og ”Vetlenils”. Moderi er runni av Adelsrot og hev Namnet sitt fraa Galtungslekti. Ho er ei framifraa sterk Kvinna baade lekamleg og andleg. Det var ho som i eit og alt styrde Garden, naar Mannen ikkje var heime, men si beste Støtte hadde ho i ”Vetlenils”.

 

Vetlenils” var Oskepott, og han hev mykje saman med Namnen sin i Eventyri. Han gjorde aldri Krav paa aa vera noko sers, og faa var visst dei, som trudde han vilde koma til aa duga til anna enn aa vera ein Slæpar paa ein Gard elder Plass. Men den, som faa hadde noko større Tru til, han skulde koma til aa syna, at han aatte Gaavur – rikare enn flestalle av dei, som fær Ordet paa seg um aa hava det gode Hode – til aa løysa Prinsessa or Berget.

 

Han vart konfirmerad Hausten 1871 og kom fraa no av med i Ungdomslagi. Eg var komen med Aaret fyrr: men som dei yngste i Laget maatte me finna oss i aa sitja paa nedste Benken. Det var dei eldre, som førde Tonen, og den var sant aa segja ikkje alltid god. Der var mykje av raatt Snakk og raa Framferd. Det var ikkje godt for blaute Sinn aa koma under Paaverknad av dette. Endaa eg trur, han gjekk nokolunde uskadd av dei, so er det no likevel visst, at han ikkje saag med vidare Glede attende paa dei Dagar. Det var ogso eit av dei Emni, me hadde for oss seinste Venda, me fekk treffast saman her i Livet. Han kom heim til meg i Drangedal og budde hjaa meg ei 8 Dagars Tid. Han sagde umlag som so: At me skulde vera sovorne Stakkarar, at me fann oss i alt dette Slarvet, som der kom fram, og enno sjaa med Undring paa dei Karar, som førde an. Gud vere Lov og takk for, at me ikkje vart fangade i det. Det er ikkje hugsamt aa sjaa paa, at me soleis hev letet oss draga: men no skal me ogso arbeida til, at Ungdomen kann halda Lagi sine paa ein meire skuldlaus Maate, enn som me fekk sjaa dei i dei fyrste Ungdomsdagarne vaare.

 

Ja gjev du hadde fengjet Livedagar til aa arbeida fram det, Sjæli di brann for!

 

Me kom ellest aldri rett med i Lagi. Me hadde fengjet Hug paa noko anna. ”Storenils” (eldste Sonen i Skaar) hadde voret ute paa Skular og hadde leset og tenkt mykje. Han heldt i den Tidi ofte Foredrag – mest um den nordiske Gudelæra -, og dette gav oss Meirsmak.

 

Hausten 1i 874 kom me baade paa Folkehøgskulen paa Lofthus. Ingvar Bøhn og Joh.s Helleland heldt Skule saman der den Vinter. Dette var ein hugsam og for vaart Liv avgjerande Vinter. Det var ikkje lenge, fyrr me vart reint tekne av Arbeidet og Livet her. Der opnad seg eit nytt Syn paa Livet, og me fekk Hug paa aa vera med i dette. Kor me vart glade i einannan, i Lærararne, i Skulen, i alt kringum oss. Det var, som me livde i eit Eventyr heile Vinteren. Det var ogso ein sjeldan god Heim, me kom til aa bu. Husmoderi der, Marta Helleland (Syster til Joh. Hellelands Kona) er ei av dei merkjelegaste Kvinnur, eg hev mødt. Ho hev ei rik Livssoga, som eg ellest ikkje her fær fortelja. Ho var indarleg teki med av Høgskulen. For meg vil ho alltid verta standande som ei av dei merkjelege Kvinnur Vaarherres Menigheit vil kunna peika paa. Ho tok seg av oss som ei Mor. Allting lagad seg so merkjelegt tilrettes for oss. Det leikad og livde kringum oss paa alle Leider, og me fekk vera med i alt dette. Me Smaakararne vart ikkje her sette paa nedste Benken. Her var i det heile ingen Skilnad paa Plassarne. Ogso me kunne vera med, og der var ingen so smaa, at han jau hadde ein Stad, der han ogso kunne utretta noko for den gode Sak paa Jordi. Du, kann tru, detta var noko for Nils Skaar. Han hev ofte seinare tala um dei Dagarne. Dei stod fyre han med ein undarleg Glans. At dei vart avgjerande for heile hans seinare Liv veit eg so visst, som eg seter her. Barndomsdraumarne hans klarnad fraa dei Dagar av. Kor henne, han hadde si Livsgjerd, steig klarare og klarare fram. Av dette voks der fram ei fast Avgjerdsla, - han vilde verta Lærar, Friskulelærar elder Folkehøgskulelærar – kunne han berre naa so langt. Kor fagert dette Maal stod for oss baade tvo; - men ingen torde nemna det for andre.

 

I dei komande Aari var me mindre saman, - dels var det det, at der kom ein Knute paa Traaden millom oss, og dels var det det, at eg maatte fara paa ymse Leider, daa eg var heimlaus. Nils Skaar heldt seg mest heime og tok som tidlegare tunge Tak med i allehande Arbeide paa Garden; var med i Grendi med Ungdomen sume Tider, men laag ogso mykje heime og las i Fristunderne. Han hadde eit Maal stilt upp for seg, og dette galdt det um aa naa. Han forberedde seg i denne Tidi til Seminaret.

 

Eg foor Sumaren 76 til Semianret paa Stord; han foor næste Sumar til Asker. Me var baade vel budde paa, det me her fekk aa møta – Slit og Slæp, Pugging fraa Morgon til Kveld. _Steinar istadenfor Braud til dei svoltne Magarne; men dette tok daa ogso ein Ende.

  

Skaar klagad seg ellest ikkje so mykje yver Upphaldet ved Seminaret – han hadde mange gode Kammeratar, og so var det berre ein Sviptur inn til Kristiania, der han ei lang Rid av Aaret hadde Fader sin aa ganga til. Og so var der alltid mykje aa sjaa og høyra for ein, som ikkje hadde voret der fyrr. Stød og solid, som han var i Grunnarne sine, let han seg ikkje so lett skjemma. Han tok, det han vilde hava, det andre gjekk inn det eine Øyra og ut det andre.

  

Eg møtte han heime det andre Aaret; men han var akurat den same gamle. Det var ikkje ei Gong so mykje, han braut paa Heimemaalet sitt. Han hadde ikkje lagt seg til noko av dei Sermerkje, som Seminaristarne er kjende for aa leggja seg til paa Skulen. Han var den same gamle, som saag med Svivyrdnad paa alt, som ikkje var heimslegt og sant.

 

Han foor daa attende til Seminaret. Eg reiste um Vinteren til Langesund og Suamren etter til Drangedal, der me so i 1882 skulde koma til aa møtast og for alle Tider fornya vaart Venskapsband.

 

Han var ferdug fraa Seminaret i 79 og fekk i 80 ein Skulepost i Mauranger – ei avsidesliggjande Bygd, som høyrer til Kvinherad. Det var Umgongsskule paa 3 Stader, og Sjøvegen maatte ein fraa den eine til den andre. Folket der hev havt Ord paa seg for aa vera stakkarslege og mykje uvitande. Eg var ikkje vidare glad, for det han var faren derut, daa eg frygtad, han skulde fara burt der i det Holet. Eg trudde ogso, han vilde koma til aa keida seg noko faarlegt der. – Eg vart difor ikkje litet undren, daa eg fekk høyra, at han likad seg nok so godt. Han var glad i Folket, for dei var so godtrugne og endeframme. Ja det burde eg hava tenkt meg. Folket var jo i mangt og mykje, soleis som han vilde hava dei. Han fekk ogso her raada seg mykje, som han vilde. Men i Lengdi vart der for innestengt; han kunne ikkje rett slaa seg til Ro der, daa han dels sjølv trong større Utdaning og difor maatte koma meir ut millom Folk og dels kjende Trong etter aa koma i ein større Virkekrins. Der var for innestengt.

 

Det vart lenge sidan klaart for han, at han vilde verta Folkehøgskulelærar. Han gjekk også i den Tidi med Tanken um aa taka Vegen gjenom Universitetet til Folkehøgskulen. Men so fær han Tilbod um Plass ved Ullmanns Folkehøgskule, og han tek med baade Hender mot Tilbodet. Ullmann hadde den Veter Skulen sin i Drangedal – like i Nærleiken, der eg budde.

 

Skaar og eg var mykje saman Veteren utyver. Det var ogso mange Aar no, sidan me hadde talat større med einannan, so me hadde mykje aa røda um. Han hadde utvidkat seg mykje i desse Aari. At han likevel ikkje var fullvaksen som Folkehøgskulelærar, var der visst ingen, som visste betre enn han sjølv; men han saag seg ogso mest som Læresvein paa Skulen den Veter, og det trur eg han gjorde alle dei Aar, han var saman med Ullmann; men det skal vera visst, at han var ein lærviljug Svein, for den Gong han flyttad for aa byrja sin eigen Skule, var han ein velutvidkat, kunnskapsrik og upplyst Mann.

 

Den Gong, han byrjad hjaa Ullmann, hadde han noko tungt for aa halda Foredrag, og Tankarne kunne leggja seg paatverke for einannan; men den Gong han reiste, kunne han halda rett gode Foredrag, velordnad og gjenomtenkte. Elles var han ikkje og hadde vel helder ikkje vortet det ein kallar veltalande. Han flaug ikkje tilvers og reiv Folk med seg i ein Storm. Nei han heldt seg jamt framettermed; men det var hjartegodt, det han bar fram, og han var sjølv med i det han baud andre. Difor var ein alltid glad i aa høyra Skaar tala. Dette og so hans jamne Maate aa vera paa, hans kammeratslege Ferd i det heile gjorde han som sjølvskapnad for Folkehøgskulen.



Frå Fedraheimen 24.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum