Ein Selle.

 

(Del 16 av 30. Fyrste delen.)


(Framhald)

 

Dette var eit langt Brev, som min Ven Brynjulfsonen no hev skrevet. Det visar, at han hev gode Stunder; elles kann eg og tru at han hev skrivet so mykje og umstendelegt paa baae Voner, um eg vilde senda noko i Trykken av det, daa han veit, at eg stundom fer med literære Syslur, og daa bryr han seg ikkje um aa gjera det sjølv, anten fordi han ikkje vyrder vaart lesande Publikum nok til dess, elder han synest det fell makelegare aa lata meg stella med det som eg vil.

 

Eg las upp heile Brevet for Kona mi ein Kveld straks etter det var komet. Stundom sukkad ho og stundom log ho. _”No kva synest du so?” spurde eg endeleg, daa eg var ferdig med Lesningi og ho vart sitjande med Bundingi i Fanget og stira framfor seg.

 

Ja det er ein Selle”, sagde ho. Det var so sant, som det var sagt, det er rettig ein Selle. Det er so mangt i det han skriv, som tergar meg reint upp: han hev ikkje Vyrdnad for nokon Ting, han hev ein lettsinnig Maate aa tala paa, det er nok som det er eit Aalvor ogso, men ein veit ikkje kva ein skal tru um det Aalvoret. Det er underlegt med slikt, jamt naar eg tenkjer paa Brynjulvsonen, kjem det so for meg fyrste Dagen han var paa Skulen. Han var komen beinast ifraa Landet, og Bygutarne hadde daa annvint med han maavita, dei hekk som Kleggen paa han, drog og sleit han paa alle Vis og kalla’n gjorde dei med alle Utnamn dei viste, baade vilde dei gjera han sinnad, so dei kunne faa slaast og dengja’n lite ”realt”, og tilmed so var og Meiningi den, at dei vilde finna eit høvelegt Vednemne, som kunne brukast paa Lengdi, for Brynjulfsen skurrad i Byøyro kann ein vita. Det var elles ikkje so vandt, for i tridje Frikvarteret tok han fram eit Primost-stykkje til aa gnaga paa, det var Lummematen hans. Stor Jubel yver heile Skulegarden. Baade ”Mobb” og Storungar flokkad seg saman um slik ei underleg Fyresyning, og ”Primosten” var Namnet hans med ein Gong; det fjorde Frikvarteret vart han døypt paa det. Han sagde ingen Ting, gjorde ingen Ting imot. Men femte Frikvarteret tok han det, som han hadde att av Primoststykkjet sitt, gjekk burtaat Springet og bløytte Biten skilleg væl og legg so til og kastar beint burti Nasen paa ein stor lang leid ein, berre so han ragad og gul vart han yver heile Andlitet: Paa same Maaten er Brynjulfsonen endaa, gjeng, lenge og leidest og segjer ikkje eit Ord, læst tola all Ting, reiser seg endeleg furten, aldri som ei Ageløyse likevæl, som ikkje veit kva ho gjer, nei stilt og lognt tek han ein Primost og kilar i Andlitet paa oss, og stend so gamsar og lær. Det er noko ovkaatt og kipet ved han, som eg slett ikkje kann lika. Men etterpaa Kjæta kjem det andre Lunur med Stur og Kuring og sidan fyrst, langt uti kjem han paa ei Lune med ”Vit”, som han kallar det. Og slikt eit lunefenget og skaplaust Menneskje trur seg endaa sæl, skrøyter og skrøyver seg upp med Namn som den sælaste i Verdi, tenkjer han – slik ein Sveinkall-selle. Nei halt min Mann, kom ikkje der.

 

Det er berre Innbildning, ja reintut Ovmod slikt. Eg skulde væl og meina, eg hadde eit Ord aa segja i so Maate. Eg er slett ikkje den usælaste. Mitt Kall er ikkje stort, det er sant, men eg skal væl eingong faa eit betre, men eg klagar ikkje endaa. For um det ogso her kann vera ymse Mein og Mødur, so hev eg eit Familieliv som ein blømande Hage midt uppi Villheidi, og det jamnar burt alt som er skarpt og hardt, det legg noko so mildt og godt yver heile Livet, at ein aldri let seg forstyra i sin Ro og Fred, um det ogso utanforkann vera Rivningar og Strid og Stræv paa alle Leider, og um det ogso innanfraaein sjølv kann stiga fram Tankar og Kjenslur som ikkje bør vera, Familielivet stiller alle Stormar og huggar deg inn i søt Fred og Kvile.

 

Det gruvsamaste her er, det er dei lange Anneksreisurne til kvar fjortande Dag, Bakke upp og Bakke ned 3-4 Mil, og reisa maa ein, anten Veret er so elder so. Og hadde eg voret her aaleine, so trur eg aldri, at eg hadde greidt det. Men eg veit eit kjærlegt Væsen, som sit heile Fredagen og steikjer Pannekakur og Biff og pakkar inn i tvo Blikdaasar og legg ei Flaske Øl attaat i ei Veske, som er lagad til Karjolen elder Sleden; eg veit nokre kjærlege Hender, som reinskar og stoppar mi lange Reisepipe, sender meg ho og kveikjer paa, naar eg hev sett meg uppi. So ber det avstad, og naar Pipa er Ende, so tek eg meg ein liten Skraa, og so slær eg paa Blakken, og daa herder eg til det ikkje er so langt igjen, fyrr eg naar Storbrekka, og naar eg er komen upp der, tek eg ei Kvild, opnar Blikdaasarne, tek meg eit Stykkje Kjøt og ein Slurk Øl, og tek fram eit Kræmarhus og straar drivande kvitt Strøsukker paa eit Par Kakur. Og so stoppa i Pipa igjen utor Karduspungen, som heng ved Sida, kveikja i og slaa paa Hesten, og daa held eg ut til eg er framkomen. I Annekset er det fatikslegt og smaatt, det er sant, og ofte maa eg skrangla paa so skrøpelege Vegjer, at det er eit under, at eg ikkje vert rist ihel, men naar eg so kjem heim att tridje Dagen, daa er det reint som ei Høgtid.

 

Eg kyter ikkje og brukar store Ord, men eg takkar min Gud, som hev gjevet meg ei Stelling, der eg ikkje treng hava nokor Umsut, men hava det godt og væl i alle Maatar.

 

Og endaa kjem Brynjulfsonen og segjer, at han i sitt einlege Stand og i so trongsame Vilkor hev det so gildt. Nei slikt tergar meg upp. Men so spaar eg no ogso, at han i alt sitt Liv vert gangande Sveinkall; det er til Maate det for slike kaute Sellar, som ikkje vil mykja seg og fylgja Folkeskikk. Det skal han faa sjaa.

 

 

(Meir.)



Frå Fedraheimen 24.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum