Aand og Ord.

 

(Av John Lie).

 

Kann ’ki Aandi ossuppelda?

Er ho stengde Livsens-Kjelda?

Modersmaal til Dauden dømt?

Nei, Guds Aand i Ord paa Munnen

Endaa glør, og Livsens –Brunnen

Vert i Æva aldri tømt!

  

Vil dei binde vaare Vengjer,

Slite vaare Skalde-Strengjer,

Gjeva Aande Træle-Kaar –

Aldri Ord og Aand kan tynast,

No som fyrr det klaart skal synast:

Aand og Ord for Siger raar.

 

Heilagaande til oss talar

Ord som Saalerne hugsvalar,

Ord som traassar Bann og Baal,

Ord som ingi Magt kann binda,

Ord som Hjarturne kann vinna

Mjukt paa alle Tungemaal.

 

Modersmaalet godt oss nøgjer,

Det seg lett og laglegt bøygjer

I vaar Munn- og Tankegong. 


Fagert naar det laaner Safti,

Elden, Gloden, Gleda, Krafti

Av Guds Aand i Skalde-Song.

 

Døypt med Aand i Hjartegrunnen

Ordet gløder, oss paa Munnen, 


Ord som traassar Vald og List.

Sigersælt vaart Auga lyser

Midt i Striden Fred me hyser,

Hjartefred i Jesu Krist.

 

Aandi yver oss vil strøyma,

Aldri, aldri vil me gløyma

Frelsarmann ditt kjære Namn!

Vil oss Tvilen yverfløyma,

No som fyrr vil Jesus gøyma

Oss inn i sin Broder-Famn!

 



Frå Fedraheimen 24.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum