Tidender.

 

Kristiania, den 16de mars.

 

Stortinget hev gjort ei Endring med Vegstellet, som fyrr hev havt Rekneskapen sin paa 3 Aar. No hev dei gjort det so, at det skal vera paa 1 Aar. Smitt  var mykje imot det, men Krogh og Statsraad Astrup talad so godt for det, at det vart berre 18 Mann som røystad imot det.

 

Astrup  vart tykkjen paa Næringskomiteen No. 1, fordi, at dei hadde innlatet seg i Forhandling med ein Mann i Departementet, utan at Statsraaden hadde visst um det, og denne Mannen, Hamnedirektøren, hadde gjenget med paa aa slaa av 9000 Kr. paa Departementsinnstellingi. Var det noko dei vilde hava Upplysning um, so fekk dei venda seg til han. Daae  heldt med han i det, men Dahl  forsvarad kva han hadde gjort og fekk Medhald av Stang, som sagde, at det som Komiteen hadde gjort, var gamall Skikk og Bruk alt sidan 1814.

 

Til aa fyrebu Hamnearbeid i Bodøy vart det gjevet 18,000 Kr., etter at Astrup hadde sagt, at han vilde hava det paa den Maaten, at dersom han fann, at ein ikkje kunne bruka Pengarne til nokon Nytte, so skulde dei ikkje brukast. Stang vilde ikkje vita av nokon slik personleg Tillit. 46 Mann røystad imot.

 

 

Kongehuset.

 

Fyrst me kjem paa rette Rallen,

so spør me aldri: kva kostar Drammen?

Fyrst me kjem paa vaar rette Tid,

me ropar berre: slaa i, slaa i!”

 

No hev Kongen 336,000 Kr. 100,000 hadde voret flust nok, um ein daa endeleg skulde hava ein Konge. Krunprinsen hev 80,000 Kr., det er turvelaust Utlegg, Prinsesse Therese hev 12,000 Kr. og Eugenie 8,000 Kr., 436,000 Kr. tilsaman. Av alt dette hev Staten inge Inntekter. Og endaa so segjer Folk det, at Sverdrup vil beda Stortinget um 16,000 Kr. aat Prins Oskar og, den næsteldste Sonen aat Kongen. Dei lyg væl, lyt me tru; likesom Landet ikkje hadde anna aa gjera med Pengarne enn aa føda upp Prinsar. For tek ein til med dette, so vert det ikkje slutt med Prinseløner, fyrr dei hev fenget alle saman.


 

 

Ullmann gjorde me noko Urett i Meldingi av Talen hans paa Afskymøtet. Me heldt ikkje sterkt nok fram, at han og heldt desse evropæiske Rørslurne, som Jægers Bok var runni ut or, for Atterslag i Grunnen.

 



Frå Fedraheimen 17.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum