Litt um Jordbruk.

 

(Av J. Å).

 

No er den Tidi komi, daa ein maa vera ute og faa seg Grasfrø, um ein vil leggja igjen noko av Aakren til Vaaren. Men daa det rimeligvis endaa er mange, som tvilar paa, um det løner seg dette aa saa Grasfrø, so skal me sjaa lite Grand paa dette Spursmaalet.

 

Det er oftast so, at det Aakrestykkje, som vert lagt igjen til Eng, er det, som hev voret verst aa halda reint for Ugras. Lat oss tenkja oss eit slikt Stykkje Aaker, som til Sumaren skal verta Eng, utan at me saar der noko Slags Frø. Kva Slags Foor fær me der tru? Aa jau, der er ein heil Slump! Fyrst hev me no Tistlar og Høymole og Hundeslenge staaande burtyver som Tre i ein Skog. Dei kjem tidleg fram desse og veks fort, so naar me kjem med Ljaaen, fær me vara oss og ikkje hogga han av i dei. So hev me Aakerkaal og Melde og Prestekrage og anna slikt. Desse er noko mindre enn dei andre; men allesaman hev dei ein hard tre-en Stylk og svært faae Blad. Imillom desse kann det daa finnast ein Del mindre Ugrasvokstrar, som Trøske, Vatsarv, Tene, Lintene o. fl. Litt Enggras kann og finnast av og til; men det er sjeldan av dei gode Slagi. Alle dei nemnde Vokstrarne, forutan Lintene, Vatsarv og Enggras, er ikkje meir verd enn Fure elder Granbar, og desse som skulde vera ein liten Grand Gagn i, er og oftast av dei daarlegaste av sitt Slag. Største Luten av desse Plantarne vil og setja Frø so tidleg, at det drys av, naar ein skal slaa og stella med Høyet. Me kjem soleis til aa saa utatt Frø av desse Skrapeplantarne, og paa den Maaten vil dei halda seg lenge i Engi; og den Avlingi, me fær, er ikkje Høy, men Halm. Kva trur de so dette Fooret er verdt? Eg skulde byta det burt mot like Vigt Bygghalm og endaa tena paa dette Bytet. Eingong vil dette Ugraset likevæl døy ut og di fyrr di tidlegare ein slær det. Men etterkvart kjem der andre Plantar istaden, og vil de leggja merkje til dette, so skal de sjaa, at det er av dei hardføraste ikringom, som trengjer seg inn paa dei tome Plassarne: men desse er anten reint udugelege til Foor – som Mose – elder Fooret dei gjev, er daarlegt og lite. Slutningi vert oftast den, at Engi vert daarlegare, enn den me hadde fyrr.

 

Stort betre vilde det ikkje verta, um Aakrestykkjet var reint for Ugras. Det Fooret, me fekk der dei fyrste Aari kunne nok vera betre enn paa det hitt Stykkjet; men det vilde daa bli so lite, at me kunne faa yver dubbelt so mykje, um me hadde saatt Grasfrø, og det kann ein vera trygg paa, at Ugraset her og vilde koma fram jamsides med det andre.

 

Naar ein derimot saar Grasfrø i den Aakren, som skal leggjast igjen, so kann ein velja av dei beste og hardføraste Plantar, som kann veksa paa den Slags Jord, og hev ein daa saatt godt Frø, so vil desse Frøplantarne faa slikt Yvertak, at Ugraset sjeldan vil koma seg til noko. At like mykje Foor av desse Plantar vil vera mange Gonger so mykje verd som av dei andre Ugrasplantarne vil, vonar eg dei fleste medgjeva. Men paa frøsaadde Engjer vert og meir Foor; for Plantarne vil der vera meir jamnstore og staa tettare. Um Mengdi av Fooret paa usaadd Eng gjorde eg nokre Prøvur i fjor Sumar, som eg her skal syna. Det var eit lite Stykkje Aaker – umlag 1/3Maal – som skulde leggjast igjen til Eng; men der vart ikkje saatt Grasfrø. Naar me skulde slaa der, mælte eg ut eit Stykkje der, som Graset stod jamnaste, og slog det for seg sjølv og vog det, fyrst raatt og sidan turkat. Paa same Maaten gjorde eg med eit Par andre Stykkje av gamall Eng.

 

               Ferskt Gras                                                                                 Turkat til Høy.

No.

Pund paa 1 Maal.

Kg. paa 1 Ar.

Vog paa 1 Maal

Pund paa 1 Maal

Kg. paa 1 Ar.

Større Avling enn No. 1.

Kg. paa Pund paa Vog

1 Ar. 1 Maal. paa 1

Maal.

1.

2.

3.

4.

5.

1562,5

3985,5

3645.5

14220

80

201

185.5

711

132 3

26 1/3

27 ½

23

105 2/3

494.8

937,5

972.8

826,8

3800

25

47.6

49,8

42

190

 

 

22.6

24,3

17

165

 

442.8

477,5

332

3200

 

12 2/3

13 2/3

9 1/3

92

 

 

Set ein Prisen paa Høyet til Kr. 5.00 for 100 Kg. (= Kr. 0.90 for Vog), so vert Avlingi paa

 

No. 1 verd Kr. 1.25 f. 1 Ar og Kr. 12.37 f. 1 Maal

 

2 ” - 2,38 - 1 ” og - 21.94 ” 1 _

3 ” - 2,46 - 1 ” og - 24,30 ” 1 _

4 ” - 2,10 - 1 ” og - 20,67 ” 1 _

5 ” - 6,50 - 1 ” og - 95.00 ” 1 _

 

 

No. 1 er den ovan nemnde 1ste Aars usaadd Eng; No. 2 er gamall Kvitkløvereng; No. 3 er naturleg Eng, alle her fraa Garden; No. 4 er 1ste Aars Eng fraa Aas h. Landbruksskule fraa 1881; der var Aaret fyrr saadd ein Blanding av Raudkløver, Alsikekløver og Timoteifrø. No. 5 er Prøveslætt av ei Engvatningseng i Danmark. Det var same Slags Gras som paa No. 1 (markrap Poa trivialis).

 

Me ser, her er stor Skilnad paa desse Tali, og iser viser den Prøva fraa Danmark overlag stor Avling. Denne store Skilnaden kjem likevæl ikkje berre av, um Engi hev voret frøsaadd elder ikkje Stellet av Engjerne i det heile gjer fullt so mykje og ofte meir. Mange vil væl segja, at det er umogelegt aa faa so mykje Foor etter Markaviddi hjaa oss som i Danmark, og dette skal eg og medgjeva ofte kann vera Tilfellet; men eg vaagar samstundes aa paastaa, at me i vaart Land mang ein Gong hev like so gode Tilhøve for Fooravl som i Danmark, og stellte me Engi like godt, so vilde me og faa like stor Avling.

 

Den Skilnad, som er paa No. 1 og No. 4, som baae er 1ste Aars Eng, trur eg for det allermeste maa komma av at der ikkje var saatt Frø paa No. 1, medan dette var gjort paa No. 4: Gaar me ut fraa, at dette er so, kann me umlag sjaa, kor mykje me det fyrste Aaret tapar paa det, me ikkje saar Frø i Attlegurne. Reknar me Kr. 5.00 fr. 100 Kg. Høy, vert Avlingi fr. 1 Maal paa No. 4 verd Kr. 8.30 meir enn paa No. 1. Grasfrø til 1 Maal Jord kostar fraa Kr. 2.00 til Kr. 4.00 etter Godleiken og Grasslagi. Brukad me Grasfrø, so vilde me soleis berre paa Mengdiav Fooret tena Kr. 4.30 til kr. 6.30 for kvart Maal det fyrste Aaret. Me kann trygt setja, at me tente like mykje kvart Aar langt frametter. Hertil kjem no, at Fooret vil vera mykje betre der, ein hev saatt Frø, ofte tvo tri Gonger betre, og me maa soleis lett kunna skyna, at det ingi Meining lenger er i aa leggja Aaker ut til Eng utan aa saa Frø i.

 

Ein Ting vil eg minna um: Kaup ikkje Frø av kvensomhelst, som byd det for billeg Pris; men faa Frø, som er ransakat og vert selt paa ”Garanti” og allerhelst norsk Frø. A. Michelet, Kristiania, sel slikt Frø. Prisliste fær ein for inkje.

 

 


Frå Fedraheimen 17.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum