Ein Selle.

 

(Del 15 av 30. Fyrste delen.)


(Framhald)

 

 

Slaa av, slaa av!

 

Det er aldri noko motlaust i det, me hev ikkje nokon Bruk for ein silkjefin Kultur, som spinn so granne Stemningstraader, at dei ikkje toler Folkaugo. Skulde det vera Moro for eit Menneskje det kanskje aa sitja innlæst i eit Skaap, so ingen fær so mykje som taka i ein. Konge var det siste eg vilde vera.

 

Eg livde reint stilt no eit Bil, hadde stengt Stoga mi og heldt til paa Nørdsti, ikkje var eg ute og ikkje ”tok eg imot” helder. Men rett kor vitug eg vart.

 

Den Tid eg totte eg hadde vitrast nok, sende eg Bod ikring og sagde, at eg vilde gjera eit Kaffelag um Sundagen.

 

Folk kom det, so mykje som det i Stoga laadde.

 

Daa gjorde eg ein Tale, som var stutt, men god.

 

No Godtfolk”, sagde eg, ”hev De set ein underlag Kar. De hev set mange Spikk og

underlege Bragder av han ifraa fyrstundes han kom hit og til no. Her hev leikat paa ymseVis, stundom hev De argat Dykk paa han, og stundom han paa Dykk. Og stundom hev han tott gildt i Dykk og stundom De i han. Men eg vaagar, at De skal faa sjaa meir av den Guten, for her likar han seg, og her vil han leika. Men Frikar vil han ganga.

 

No er det komet til det, at her er ingen i heile Bygdi, som hev imot meg; og no hev De set, at det finst ikkje vondt i meg – imot Dykk daa.

 

Men skal det verta unelegt her paa Lengdi, og Venskapen vera noko verd, so vil eg segja Dykk det, at denne her Karen er so lagad, at han kovnar og fer sjølv Umansferd, er det so til, at han ikkje fær otast og dragast kallege. Og no vil me hava Krig og Liv og Framstig Godtfolk. Og no skal ingen vera bljug og fara etter det slikrefine, men kvar skal fara beint og manneleg fram. So høgg eg hugheilt i gamall Sed og Skikk og alt som eg ikkje likar, og De høgg i meg, som De tykkjer.

 

Og paa det skal Folket samnast og Frendskap jamnast, Framstig byggjast og Fred tryggjast”.

 

Hadde Folket her i Bygdi havt Byskikk, so trur eg dei hadde klappat daa, for den Talen likad alle, var det likt til. Det var Frikarsbrevet mitt, som eg las upp daa, ser du, likesom det kongelege ”Kalsbrevet” ditt vart leset upp, den Tid du vart innsett til Prest, skynar du. Og eg skal no vaaga, at eg var mykje sælare enn du, for det var visst ikkje noko Fribrev det som du fekk, men det var det mitt.

 

No skal du og faa vita, kva Slag eg er for noko; og det er meir enn du. Eg reknar meg for Lærar og Prest og dertil for Konge i Republikken Bjørndalen. Ja so er eg Diktar og Landbruksinsjeniør her og, det fær eg ikkje gløyma.

 

No vilde væl du kanskje vita um min ”Administrasjon og Magtutøving”. Og det er uvande Midlar. Det var kanskje, um du kunne læra litevetta av det ogso, so skal eg segja deg det. For det kunne henda, at Soknefolke ditt vilde tykkja gildt i, um du ikkje trøytte dei so ut med lange Preikur og Fyredrag, som eg tenkjer du er like so god til som andre. Du trur daa væl aldri, at eg er so galen, at eg fer og held Fyredrag for Folk? Nei var det so likt seg. Eg berre spør Folk eg um eit og anna, det er Styremaaten min, spyrja og svara. Og det er det løglege ved den Maaten, at det er ingen, som retteleg skynar, at det er eg, som er den megtugste Mann i Bygdi og styrer alle Ting; det er eg glad for. Eg brukar aldri telja og mana Folk til aa ganga inn paa mine Meiningar, dei kjem paa alt liksom av seg sjølve, er det utsjaa-ande, endaa det er mine Ord, som hev voret Upphavstaket, aa du kann ikkje tru, kor me er komne iveg. Gamle Folk undrast, men dei er med sjølve, og veit ikkje plent, korleis det hev boret til; heile Bygdi er komi so paa Glid, alle er so med, at ingen merkar større, korleis alt endrar seg.

 

Eg bryr meg ikkje um aa skildra, koss her er lagat no i alle Maatar, daa vart eg aldri ferdug. Eg vil berre segja det, at her er so radikalt, at du trur det ikkje. Kom og sjaa, um du trur, at ditt Hovud kann tola aa sjaa so mangt og mykje annleis enn det du hev set fyrr i Landsbygder.

 

Eg skal ikkje segja, at det er eg berre, som hev gjort det soleis, men det er Lukka den ved ei slik Bygd, som aldri hev havt noko Utviklingshistorie fyrr, at her er ikkje noko av det halvgamle, som du maa liggja og strida med uti Storbygderne og Byarne. Men anten er det utgamalt elder so er det so ungt og friskt og ubundet, at det aldri spør etter anna enn det vitugaste, anten so andre Folk hev det paa den Maaten elder ikkje.

 

Det skal ikkje verta nokon Halvkultur her, ser du, me er for ”moderne” til dess. Eg les mest berre engelske og franske Bøker eg maavita, legg so Bøkerne under Hovudputa og søv paa det, og det som vert att i Hovudet, det vert ikkje korkje fransk elder engelsk, men norsk det du. Elles fylgjer eg med i Bladi her heimafraa ogso. Til kvar Jol kauper eg ein Aargang norske Dags-Avisur, og legg han so tilrettes, so eg Nyttaarsdagen tek fyrste Nummeret av Fjorsaargangen og so hev eg Lesnad til kvar Dag i Aaret. For oss framstigne Fjellfolk er nemleg denne ”offisielle Utviklingi vaar” altfor gamall, sjølv um me fekk vera so nær, at me tok det beint utor Prentesmida, so eit Par Aar fyrr elder seinare gjer ingen verdige Ting. Eg bryr meg ikkje so mykje som aa vilja støyta ned ein norsk Statsraad ein Gong.

 

Vente De berre til ”Mannhusingen” kjem.

 

Undrast paa, um noko Land er so langt framkomet eg som Bjørndalen, naar ein reknar yver det heile? Trur det snaudt.

 

No vil eg slutta. Men fyrst ein Ting, som eg hev grunat meg grøn paa, men som eg no hev funnet høyrer med til dei Livsens Gaatur, som ikkje kann løysast paa denne Sida av Gravi, og som eg vil raada deg til aa fara likeeins med: Kunsten aa faa seg Uvener.

 

Til sist ei Farisæarbøn: eg takkar min Gud, at eg ikkje er nokon norsk patenterad Statsraap elder Kopist, Stortingsmann elder Ægtemann, prest elder Klokkar, Lensmann elder Fut, fatik elder rik o. s. b., o. s. b., o. s. b., men

 

din gamle Ven

 

Brynjulfsonen,

 

det sælaste Menneskje i Verdi, tenkjer eg daa.

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 17.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum