Det vekslar med Glede og Sut i Livet.

 

Du kjenner Gleden strøyma ned

fraa Himlen ljos i heilag Fred;

det er det lette, milde Drag

fraa Heilagaandens Vengjeslag.

 

Du skodar Himlen ljos og klaar

og femner mot Guds væne Vaar

som kjem med Blom og Fuglesong,

som vinkad Eden enn ei Gong.

 

Men atter skygger svarte Sky,

og Ormen sting so saart paany,

Og for den væne Solskinsdag,

so fær du Regn- og Toreslag.

 

Slik under Sky og Himel blaa

vaart heile Liv me sviva maa.

Og fyrst i Paradisets Fred

skal Soli evig smila ned.

 

Di stundar liksom Elv mot Hav

ein Jesu Ven imot si Grav,

som er den siste Toresky,

som stengjer Livsens Morgongry.

 

 

Bladstyrar: Ivar Mortenson, kand. teol.

 

 

Kristiania.

 

Nikolai Olsens Boktrykkeri.

 



Frå Fedraheimen 17.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum