[Tidender.] Til Maalvenerne kringum!

 

Den meste Framgang for Landsmaalet er, at Ungdomen fær lesa dei Bøker, som kjem ut i det. Me skulde daa jamt freista, at Ungdomen fekk det.

 

Eldre, slike vanlege Folk er det væl mindre Von um, at dei gjeng ut or sitt gamle Skinn og tek til aa hugleggja Maalet. Det er iminsto eit Sersyn, at slikt hender. Men Ungdomar, naar dei fær tak i trøysame Forteljingar paa Norsk, so vert dei seg sjølve og fær Vyrdnad for Maalet sitt og kanskje jamvæl freistar aa skriva det og.

 

Lat Ungdomen paa ein billig Maate faa lesa Maalbøker! _Maalmenn i By og Bygd, _freista aa faa Gutar og Gjentur med Dykk og skip Boksamlingar. De betalar ei elder tvo Krunur um Aaret kvar, og for dei kjøper de Maalbøker. Det er aldri aa ræddast, um det berre er ein fem-seks i Fyrstningi. De skal nok sjaa, at med Tidi vert det fleire.

 

Eg veit nok det, at der mest for kvar Kyrkjesokn er ”Almuebibliotheker”. Men det er sjeldan, at dei kjøper Maalbøker. Vil dei ikkje det, so bry dykk aldri det Slag um ”Bibliothekerne”, men faa i stand Boksamlingar, so det knakar.

 

Slike Boksamlingar skulde der finnast i kvar Bygd. Dei vilde litt um Senn vekkja Hug til Lesnad og Kjærleik til Maalet ogso, kor styttande vilde ikkje dei vera for Landsmaal-bokriket i det heile.

 

I Byarne, der som er so mange Bondegutar, slo dei seg saman, maatte dei faa Boksamlingar so store som Husveggjer berre ved aa betala litt um Aaret.

 

Elevarne paa dei høgre Skular skulde berre tenkja, kor dei hev det paa Stord Lærarskule. Her i Sunnfjord kjenner eg til tvo slike Boksamlingar: ”Norsklaget” i Holmedal, som hev varat i fleire Aar og hev kring 150 Maalbøker og ”Naustdals Boksamlag” i Naustdal, som berre er tvo Aar gamalt, men hev alt 70 Bind _Helvti paa Landsmaalet.

 

No Maalvener, skal de ikkje berre tenkja, det kunne vera gildt aa faa skipat slike Lag, men tak i og lat det verta Aalvor.

 

Fær de i stand sovoret, so send eit Par Ord til Fedraheimen. Han gjer visst so væl og tek det upp.

 

25/2  86.

 

Dykkar

 

Mons Litlere.

 



Frå Fedraheimen 17.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum