[Tidender.] Sagatun Folkehøgskule.

 

Sagatun Folkehøgskule ligg paa ein liten Bakke like ovanfor Hamar. Det er vænt deruppe. Bak er Bjørk- og Furuskog, framanfyr og lengre nedi ligg Byen, og utanum den er Mjøsen. Vakkert er det der no daa Snøen ligg yver Mark og Eng, kor mykje meir vænt maa det ikkje vera um Vaaren, daa Lauvskogen stend sprettande grøn, Graset spirar, og Smaabylgjurne leikar i Solljoset og kappflyg mot Land. Og stor som Naturen er au den Gjerning dei gjer der: skapa Kjærleik til Heimen, til Folket og Fedralandet, gjeva ein fritt Syn paa Livet og Mot og Kraft til aa vera med i Framstigsarbeidet og Kampen for Menneskjelivet. _ Sagatun Folkehøgskule er den eldste av dei Skular, som me hev her i landet, den er grundat 1865 av Herman Anker og Ole Arvesen. Den var fraa det fyrste inkje der som den no er, men paa ”gamle Sagatun”, som ligg ganske tett ved, og der Anker no bur.

 

Skulebygningen er for ein stor Del uppkostad med friviljuge Tilskot, som Vener av Skulen hev gjevet.

 

Skuleromet er ein stor Sal med Timmerveggjer og utan Himling, men med blankt Sperreloft. Midt paa dne eine Langveggen stend Talarstolen, ei stor Platform. Paa den eine Tverveggen er høgst uppe ei byste av Grundtvig med eit lite norsk, svensk og dansk Flagg paa Sidurne, nedanfor paa den eine Sida ei Byste av Arvesen og paa den andre ei av Bjørnson, like under Grundtvig er ei av Ole Vig. Etter same Veggen stend au fire Stettur, hogne av Bilæthoggar Borch: Vaaren, Sumaren, Hausten og Veteren. Beint mot Grundtvig paa den andre Tverveggen stend ei Byste av Tonediktaren Lindemann. Paa kvar Sida aat Talarstolen heng eit Bilæte, paa den eine Sida eit av Johan Sverdrup, og paa den andre eit um ”Tors Kamp med Jotnerne”. Like mot paa den andre Langveggen heng eit Noregs Vaapen med Flaggduk og Krans ikring.

 

Salen er mykje vakker, og ein hev fraa den eit godt Utsyn yver Landet umkring. Og det er hugnadlegt aa sitja deruppe og høyra paa dei gilde Fyredragi og sjaa utyver Byen og Bygderne ikring Mjøsen.

 

Skulen byrjar kvar Morgon med Song og ei Bøn av Arvesen. Deretter er det for det meste Noregshistorie paalag 1 ½ Time kvar Dag, so Grunnloven elder Literaturhistorie 3 Gonger i Vika, Kyrkjesoge ein, norsk ein Time kvar Dag, Verdenshistorie, Geografi, Rekning og Naturfag 2 og 3. Rekneskapsføring, og Landmaaling og Høgtlesing av Diktarverk vert teket utanfor dei faste Skuletimarne. Rett som det er, er det au Fyredrag yver Delar av Lovverket, Overretsakførar Gustav Heiberg held i Aar desse. Arvesen hev sjølv Undervisningi i Noregshistorie, Grunnlov, Literaturhistorie og Kyrkjesoga, forutan dette held han au ofte Fyredrag yver andre Emne.

 

Undervisningi gjeng mest ved Fyredrag, so det ikkje er noko av Leksor. For denne Ordningni hev daa mange reist ei Anke mot Folkehøgskularne, der som dei ikkje les nokor Lekse, kann dei helder ikkje læra nokon Ting, meiner dei. Eg trur no slet ikkje, at det Paastandet er sant. For er det noko til Folk det som gjeng ved Skulen, og dei villæra, so les dei naturlegvis i Fritidi like radt for det, um dei ikkje veit, at dei Dagen etter skal fram og ramsa Stykkjet uppatt, og det som ein lærar utan Tvang, det skal vist kvar ein vera einig med meg i, at det hugsar ein mykje betre, det gjer mykje meir Gagn og gjev ein mykje meir Kjærleik, enn daa det skal trugast inn, og ein Eksamen skal staa bak og skræma.

 

Elles hev dei nok Heimearbeide au ved Høgskularne sosom Rekneuppgaavur, Stilar og Rekneskapsføring.

 

Ein elder tvo Gonger i Vika samlast Elevarne til Ordskifte, og det vert daa talat um dei Spursmaal som er mest framme i Tidi. Dei hev daa au eit haandskrivet Blad, ”Sagatuneren”, som vert uppleset.

 

Stordeilen av dei, som gjeng ved Skulen, bur paa Sagatun, og hev daa Kosten hjaa Arvesen, og ein kann daa skyna, at det inne ved Bordet ofte gjeng mang ei kvik Røde, for ved Folkehøgskulen der er det ikkje i Umgangslivet Læraren og Elevar, nei, der er alle som ein stor Huslyd, der er det Venskap og Kjærleik.

 

Arvesen er makalaus som Folkehøgskulelærar, slike Fyredrag som han kann halda slik som han kann maala Historien! ”Eg tykkjer eg ser desse gamle Kjempur og Storfolk”, segjer han ofte, og so fortel han slik, at dei au stend livande for oss. Aldri fyrr hadde eg trutt, at der var so mykje stort og vakkert i dei gamle Myter og Segner, som eg no hev høyrt. Her fyrst hev eg tilfulle lært aa skyna, at me hev havt Fedrar, som baade hev tenkt, trutt og livt stort.

 

Me vil vona, at Folkehøgskulen eingong vil verta megtug her i Landet, for me veit, at den uppdreg Folk som vilnoko, som i Livet vil vera med og bera Fedralandet fram. Den uppdreg med det største, me hev, med Historien, med Minni.

 

M. T. ............. n.

 



Frå Fedraheimen 17.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum