[Tidender.] Ein Arbeidsmann.

 

Her um Dagen raakad eg ein Arbeidsmann som eg er kjend med. Me kom daa til aa tala um noko av kvart, og me kom tilslutt til aa tala um Boki aat han Hans Jæger. ”Hev du leset Boki hans Jæger?” spurde han meg, ”og kva totte du um ho?” Eg sagde daa som sant var, at eg hadde leset sumt av ho; men heile Boki vilde eg ikkje lesa, daa eg totte, det var berre aa kasta Tidi burt. ”Ja, ja, sagde han, eg undrast ikkje so mykje paa det. Medan eg las ho, var eg mange Leider sterkt freistad til aa kasta ho burt, og taka paa med noko, som var meir gagn i. Men eg heldt daa ut lell, og soframt du vil gjeva Tol, so skal du faa høyra mi Meining um ho.”

 

Det Inntrykket ho gjorde paa meg, var ikkje godt. Eg hev tenkt ut og inn, men eg kann endaa ikkje fatta, at ein slik Maate aa skriva paa, kann vera til nokon Nytte. Til meir eg las og tenkte, til meir yvertydd vart eg, at Boki berre vilde gjera Skade. Ein arbeider ikkje imot Svineriet ikring oss med aa skriva um det paa ein slik Maate. Noko maa her gjerast, det hev eg set lengje, men ein kjem ingen Veg paa den Maaten. Soframt Byen tok paa og bygde upp eit Arbeidshus og tvingad alle desse ”Svini” ikring oss til aa arbeida, so vilde eg tru, det vilde hjelpa litt. Aassaa det, at han trur Kristendomen maa burt for at her skal verta betre! Det kann nok vera, at han og fleire vilde finna seg betre, naar den kom burt, men daa vilde ikkje eg vera i Landet. Dei talar somykje um, at han hev meint det so svært aalvorlegt med denne Boki si; men neimen um eg kann finna det. Soframt du kjenner litt til desse, som skrik somykje paa dette Aalvoret, so kann du skyna, kor djupt det sit. Nei, aalvorlege Folk tek det paa ein heilt annan Maate. Dei hev den Meiningi, og den trur eg skal visa seg sann altid, at skal nokon arbeida imot eit Uvæsen, so maa han fyrst og fremst sjølv hava djup og sterk ”Afsky” for det. Det nyttar ikkje paa onnor Vis. Den Vegen hev det gjenget og den Vegen maa det gaa.

 

Dei meste, som les Boki no, er Ungdomar, og dei gjev seg ikkje Tid aa fundera paa Pessimistspursmaalet. Dei gjev dei ein god dag; det er andre Ting, dei ser etter. Det var berre Skade, at ikkje Regjeringi fekk stansat ho so snøgt, at ingen hadde fenget Tak i ho. Slik som det no gjeng, er ho til stor Skade, og eg kann ikkje forstaa, at nokon kann hava Bate av ho.”

 

Dette var nokonlunde Ordi hans. Han var ikkje anna enn ein Arbeidsmann, so det væl ikkje er so ”literært” alt. Men det veit eg, at han er ein Mann.

 

L. S.

 



Frå Fedraheimen 17.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum