Tidender.

 

Kristiania, den 9de mars.

 

Statsministaren firrad litevetta upp um Laurdagen. Det var Tale um nokre Løner for Gutarne i Sjøheren, som Holst fekk ut det um, at Departementet vilde freista paa aa gjera høgre, og han meinte, at dette var ikkje verdt, den Tid Underoffiserarne i Landheren hadde mindre Løn. Han meinte, at ein daa fekk helder jamna det paa den Maaten, at ein minkad paa Løni aat Sjøheren ogso. Sverdrup sagde, at han var takksam for kvar Rettleiding han fekk, endaa han vilde vera endaa meir takksam, um han fekk det av Stortinget enn naar det kom fraa ein einskild Tingmann. Han heldt fram, at ein laut halda Lønerne so høge, at ein fekk dugelege Folk. Det var stor Villskap aa tru, at ein kunne skapa eit verkelegt Sjøvern for mindre Pengar enn det til desse var brukat. Framlegget hans kravde ikkje meir, enn det var trengjande, og vilde ikkje Stortinget lata til dette, so fekk dei sjaa seg til aa faa ein annan Mann til aa taka styret av Forsvarsdepartementet.

 

 

Professor Weise er daaen braadt. Han var Professor i Latin, ein framifraa dugeleg Mann, frilynd, og greid som Lærar.

  

 

Folkehøgskulen nordanfjells. Høgskulestyrar Kuløy skal hava kaupt ein Gard innmed Levanger, Sæter, som han er tenkt til aa bruka til Folkehøgskulegard. Soframt Amtstinget gjeng inn paa det, vil han hava tvo Avdelinger paa Skulen, den eine daa helst som Landbruksskule. Agronom Okkenhaug, som skal vera Landbrukslærar hev Gard tett attmed.

 

 


Frå Fedraheimen 10.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum