Svein Skyttar. [Forteljing til Utklypp]

 

(Del 2 av 9. Fyrste delen.)


-52-

 

freista eit Stykkje til. So hugsad eg paa Storfuglen, eg skaut um Kvelden. Eg strauk ned paa Leiken, tok Fuglen og gjekk upp i Bui. Der gjorde eg upp Varme og plukkad Fuglen. So tok eg eit Stykkje, som eg steikte paa Glo’om og aat. Daa det var gjort, hadde eg av Føterne mine for aa turka meg; for eg vart so vaat, daa eg gjekk og vadde i Snjoen um Morgonen. So la’ eg meg paa Benken for aa kvila meg ei Rid. Eg saag paa Klokka. Ho var 10; men daa eg vaknad, var ho 5 um Eftan. Eg plar no sjeldan sova burt meg; men jaumen gjorde eg det den Gongen. Ja, eg steikte ein Kjøtbete att og drog etter Bjørnen; for eg vilde inkje gjeva meg; men no var det so seint, so det inkje vart lang Rid aa ganga paa. Ja eg gjekk daa, so lenge eg saag; men eg fekk korkje sjaa elder høyra noko til Bjørnen.

 

No gjekk eg ned i Bui og steikte ein Kjøtbete att og lagde meg. Klokka tvo um Morgonen var eg uppe. Eg gjekk sud-utyver Lidi for aa gaa burt paa Bakken aat han Jo. Eg tenkte aa faa han med etter Bjørnen; for han hadde ei Glafsbikkje, rar var ho inkje; men ho var daa likare enn inkje noko; for han hadde skotet eit Par Elgar for ho, det visste eg, og so var det svært til Nase paa’n. Storfugl saag eg rett som det var; men daa eg kom sud til Langmyri var no Storspetaklet. Paa ein liten rund Haug sunnanfor ho var det so fullt av Storfugl, so det berre svortnad. Aa slik Grasering som det var av honom, var svære Ting. Eg tok til aa rekna og fekk 32, men endaa høyrde eg mange, som eg inkje saag, so eg er sikker um, at det var minst 40. Ja eg gjekk vidare. Det var inkje anna aa gjera; for det var Sundagsmorgonen. Daa eg kom sudyver mest til Granaas-vegen fekk eg sjaa Bjørnen strakst framfyre meg. Han sette Framføterne sine paa ei Gran; som laag paa Marki. ”God Morgon, skal me raakast her att”, sa eg; men han lest korkje høyra elder sjaa meg. Hadde det inkje voret Sundagen, som det var, so skulde han inkje ha’ stadet der lenge; men det var plent som han skulde veta, at det var Helg. Han røyvde seg inkje av Flekken. Eg laut gjera ein Krok utum for aa koma forbi, og daa eg gjekk stod han like traust og glaamde

 

 

-49-

 

av aa høyra paa’n; for altid hadde han noko nytt aa leggja attaat. Ja dei laut no lægja aat han um dei aldri var meint paa det, naar han tok til som likaste.

 

Her er eit Par av dei mange Reglur, han hadde aa fortelja:

 

_ _ _Dei synest, det er mykje Fugl no, naar dei ser ein 3_4 paa ein Gong; men det er berre smaatt mot kva det var gamalt. _De skulde ha set for ein 40 Aar sidan. Daa var det Fugl i Markom her. Det er inkje ein aa sjaa no for kvart tjuge ein saag daa. Kvar ein gjekk so var det Fugl aa sjaa. Ja, naar ein kom paa Leiken um Vaararne var det berre so det yrde av’n. Den Tid var det inkje uvant aa sjaa ein 15_20 Storfuglar, som sat og leikad paa ein Gong. Den, som var lite til Kar daa, kunne staa paa same Flokken og skjota ei 5_6, og det var ei nokso bra Byrd, _ _Ja, det var svære Ting so mykje Storfugl, som det var daa, og ingen Stad eg foor, var det so mykje av’n som paa Langmyrleiken. Der reiknad eg 32 ein Gong, og endaa høyrde eg mange, som eg inkje saag. Det var fyrste Gong eg saag den Leiken. _Det var endaa ein Sundagsmorgo midt i Mai um Vaaren yver 40 Aar sidan; _men den Sundagsmorgonen minnes eg væl. Ja eg hugsar ikkje betre det eg hev gjort i dag. Det var ingen, som visste av denne Leiken fyrr og det var ein Treff at eg fann han au.

 

Det var ein Fredagsefta eg skulde sjaa burt paa Syrklettleiken etter Storfuglen. Nista, eg hadde, var nokre Jordeple og ein liten rakfisk; for eg gjekk um Eftan og var meint aa koma att um Morgonen daa som vanlegt, eg; men det gjeng inkje som ein meiner støtt og det gjorde det inkje for meg helder den Gongen. Ja, eg kom paa Leiken um Kvelden. Der sat det fem Fuglar og leikad. ”Dette vert passe Byrd”, tenkte eg. Eg siktad paa ein og skaut, og med det same det small, fekk eg høyra eit Brak, som um den Stygge sjølv skulde vera laus straks ovanfyre. Den Fuglen, eg skaut paa, han datt; men dei andre reiste. Eg tok Spranget, det fortaste eg var Kar til, for aa sjaa, kva det var. Eg tenkte sikkert det hadde voret denne Langslasken, han Øystein upp i Ber-

 

13

 

 

-50-

 

get. Han var so ein Storsmaagut daa. _Ei svær Nevegaupe var han, som Folk var sinte paa og inkje minst Fuglskyttaranne; for han foor paa alle Leikom um Vaararne og skræmde Fuglen. Noko anna var han inkje Kar til aa gjera’n daa, og inkje hev han voret det sidan helder. Ja, eg var sint paa’n meir enn ein Gong, og eg tenkte for meg sjølv ”fær eg berre tak i deg, _du skal faa Juling, so du skal minnast det ei Rid”. Ja, denne Gong tenkte eg au det same. Harm vart eg, difor drog eg ivegen som eg gjorde; men eg kom til aa stana, og det braatt. I Staden for Langsløsken, som eg meinte aa faa Kloi i, kom ein diger Bjørn i Firsprang beint imot meg. Eg spratt attfyre ein stor Granstubbe og skreik: ”standa no!” Jau, Bjørnen stanad. ”No skal du vera gamall nok”, tenkte eg, spende upp Eldhanen, heldt Byrsa imot’n og klemde paa _men kva gjorde det. _Byrsa var inkje ladd._Aa so harm som eg daa vart; for eg hadde svært til Tak paa’n. Ja, eg skulde til aa la’; men daa fekk han sjaa meg. Han sae ”Buf”, snudde um og drog attende, i Fyrstningi fort; men so vart det sagtare og sagtare. Tilslutt tok han til aa glaama att um seg. Han var inkje so svært rædd, saag eg, og daa eg fekk Kula ned i Byrsa, so var inkje eg stort ræddare hell; for det var inkje fritt for anna enn at eg var lite skjelven. ”Kanskje du ventar paa Kveldsverd, du. Gjev deg Tid, so skal du faa ei Blaaber. Eg hev inkje noko anna aat deg no; men kanskje det kann bli god Berging. Ho hev gjort det aat ein slik Kult fyrr. Ho er inkje so svært stor; men ho er god”, sae eg, daa eg hadde ladt; men det var plent som han skulde skyna det. Han skundad seg og foor berre attfyre Treom, so det var umogelegt aa faa tak paa’n. Eg foor etter honom til det vart so myrkt, at eg inkje kunne sjaa aa skjota, og støtt høyrde eg, at det tuskad av’n eit Stykkje framfyre meg. Du kann kvelda du au no, so skal du faa Fylgje att imorgo so tidlegt du vil”, sae eg og gjekk burt i Berge-Ljorbui¹). Der gjorde eg upp Varme og aat upp Rakfisken og Jordepli. So lae eg meg; men daa det leid ut

 

¹) = Røykstoge-koje, som Timmerhoggarar og Timmerkøyrarar held seg i.

 

 

-51-

 

paa Notti, fekk eg høyre noke som tuskad utanfor Burveggen. Eg tenkte strakst, det kunne ha voret nokon Fuglskyttar; men so skynad eg, at det inkje var det helder, daa det inkje kom inn. Eg glytte paa Døri og fekk sjaa Bjørnen staa paa tvo Føter framved Buveggen. Eg hadde att Døri, tok Byrsa og sette meg paa Benken. Bjørnen tok til aa ganga kring Bui og slaa i Veggen, so det dunde. Og eg sat ferdig paa Benken. ”Kjem du inn, so fær du ta’ det som fell”, tenkte eg. _Rett som det var, so slog han i Veggen att, berre so det skrall. Ja, det var plent som han skulde bruka ei Steinsleggje. ”Vil du gjera væl aa fara rolegt, til det vert ljost, so skal eg hjelpa deg aa dundra”, sae eg. _Huff ja, det var ei stusleg Natt. Eg hev no sjeldan voret rædd, naar eg hev havt Byrsa i Henderne; men jaumen ynskte eg daa, at eg skulde ha voret heime; for det var rett ein stygg Rusk til Bjørn, so det var ingi Moro aa vera aaleine i ville Skogen i ei simpel Ljorbu, daa han foor utanfor og ruskad. Hadde han treft Døri med Labben sin, so hadde no ho voret i Fillur og daa hadde eg inkje voret lenge eismal. Hadde eg so raakt han paa rette Staden, so hadde han inkje voret faarleg; men hadde det gjenget i Mist, so er det uvist, korleis det hadde gjenget.

 

Daa han hadde faret der ei Rid og ruska, vart han burte, og glad var eg. Eg la’ meg paa Benken med Byrsa i Henderne. Ho torde eg inkje sleppa; men aa faa somna var raadlaust. Eg laag der og glaamde gjenom Ljoren til det vart nokolunde ljost. Daa gjekk eg ut. Bjørnen var burte; men som eg gjekk og glaamde ei Rid, vart eg var, at han hadde dregjet nord-uppyver. Eg drog etter; men de kann veta, eg saag meg fyre, og at eg hadde Byrsa ferdug, um eg skulde faa sjaa i Snerten paa’n. Ja, eg gjekk ei lang Rid; men det var mykje Snjo, so det var tungvint aa koma fram. Soleis vart det inkje so langt Stykkje eg kom, fyrr eg vart keid og svolten; for eg hadde inkje notet det Slag um Morgonen. Det vesle eg hadde med, aat eg upp um Kvelden. _Eg var komen upp under høgste Kletten og stod og grunad paa korleis eg skulde gjera dette _anten eg skulde ganga heimatt, elder eg skulde

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 10.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum