[Tidender.] Um gifte Folks Eigedom.

 

Me veit her hev voret mykje Skrik og Skraal um Sereigedom millom Ægtemakar. For nokre Aar sidan kom der eit Framlegg fraa Regjeringi um det. Det var so, at Ægtefolk kunne stella det, som dei vilde med sin Eigedom, men dersom Kona vilde hava noko aa styra med sjølv, so ikkje Mannen fekk Raadag yver det, so skulde ho endaa vera umyndig og hava ein Formyndar, men det maatte vera ein annan Mann enn hennar eigen. Det var mange, som ikkje kunne ganga med paa dette. I Stortingets Justitskomite var der nokre, som vilde hava det annleis. Qvam og Øverland meinte, at Mann og Kone burde eiga kver det, dei hadde naar dei vart gifte; det, dei lagde seg upp i Ægteskapet skulde vera Samloge, og vilde dei slaa i hop Alt, so kunne dei det. Dei skulde raada seg sjølve. Liestøl og Holmesland vilde hava det som fyrr, men at dei, som giftad seg, skulde eiga i hop, det dei aatte, naar ingen annan Avtale var, men vilde dei hava kvar sitt, so kunne dei det; men for at Mannen ikkje skulde raada seg plent som han vilde med Kona sin Medel, so skulde han ikkje kunna selja elder pantsetja hennar Jordveg. Den, ho kom til aa erva, skulde hava Rett til aa fastsetja, at Arven skulde ho sjølv raada. Myndig skulde ho daa vera.

 

Saki vart send rundt til Heradsstyri for aa høyra, kva dei tenkte. Mengdi var imot Sereige.

 

No hev Stortingsmann Berner, Statsrevisoren, komet med Framlegg; han er nok i Grunnen einig med Qvam og Øverland, men daa Mengdi av Folket i Landet ikkje kann ganga med paa dette, so hev han teket den Meining, som Holmesland og Liestøl hev havt.

 

Han vil daa, at gift Kone skal vera myndig, so ho kann gjera Kontrakter og driva Handel elder annan Næringsveg i sitt eiget Namn. Ho kann gjera Ægtepagt, so ho sjølv raader yver sin Eigedom. Um ikkje sodan Pagt er gjord, so kann ikkje Mannen utan Lov av henne, raada yver hennar Gard elder den Arv, ho fær med ho er gift.

 

Mangein Mann, som fær seg ei Gardegjente, tek paa med Storlæte, handlar og drikk og fer i By og Bygd og set til, medan Kona er heime og strævar og steller med Borni. Og so veit ho ikkje Ordet av, fyrr der kjem Gjeld og Skuld yver Hals og Hovud, so Garden vert seld og ho lyt reisa fraa sin gamle Heim og fara paa Vidansen. Det var godt, um Kona fekk Magt til aa stagga sovorne Menn.

 

Me fær no sjaa kva Stortinget gjerer. 

 

 


Frå Fedraheimen 10.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum