Tidender.

Kristiania, den 29de Januar.
 
Kyrkjesaki ser ut til aa koma i eit nytt Far, ettersom Folk fortel. Paa Sagatunmøtet i fyrre Vika heldt Ullmann Fyredrag um Kyrkjeforfatningi og fortalde, at Kyrkjestatsraaden hadde Samhug med ei Kyrkjeordning, som gav oss Presteval utan ”Menighedsraad” og full Rett for Mindretalet ved aa løysa Soknebandet, og med Umsyn paa Røysterettsreglarne skal ogso 
Statsraaden hava fenget den Meining, at dei maa verta friare enn fyrst paatenkt. Han vil no samraadast med Ullmann og Wexelsen, og det kjem daa an paa, um dei kann verta forlikte.
 
Det hev voret Ulukka fyrr, at dei som vil hava Kyrkjebøter, ikkje hev dregjet til same Leidi. Det saag ut til, at her maatte ventast lenge, fyrr det vart noko aalvorlegt av det. _ Jak. Sverdrups fyrste Forslag vart det slik Mothug imot hjaa dei ymse Vinstreflokkar, so det var sikkert, at Stortinget ikkje vilde vedtaka det. Dette viste seg tydeleg nok ved Stortingsvali, der det var Vestlandsp., som heldt Programmet fram, men han fekk ikkje sine Menn fram.
 
Vert det no til det, at det kjem eit rimelegt Forslag med høvelege Røysterettsreglar og beintfram Presteval og Fridom for Smaaflokkarne og friare Bruk av Kyrkjurne, so er det all Von til, at Tinget vil vedtaka det.
 
 
Ved Klæbu Seminar hev Elevarne paa eit Møte dne 23de Januar havt Ordskifte um Maalsaki. Med stort Fleirtal vart det vedteket:
  
”Forsamlingi uttalar som Meningi si, at det maa gjerast so mykje som mogelegt for aa fremja Landsmaalet”.
 
 
Morgbl. hadde nyleg eit Stykkje, som rigtignok var teket or eit anna Blad, men som Friele sikkert var med paa av heile Hjarta.
 
Der stend det, at det nyttar ikkje aa ville faa inn eit anna Maal solenge dei ikkje og kastar baade Namn og Bunad og tek fat paa det nasjonale, fyrr vert me ikkje ægte gamle Nordmenn, segjer det.
 
Det er formykje aa krevja av dei som held av Maalet, at dei med eit skal kaste Dragti si, ja, finna paa aa taka seg eit anna Namn jamvæl.
 
Og, legg det til, kva er det no for eit Maal Fedrah. strævar med? um det er det ægte norske 
Maal, vil han ikkje ”reflektere over”. Det er noko Lapperi ihopplukkat fraa alle Landsens Avkrokar, noko som ikkje høyrer heime korkje uppaa hell under Jordi, noko rigtig Sluddervelsk, _ Men det er daa det skiraste Faavit aa halda paa aa gnaala med slikt og, naar sjølve Friele gjeng med paa at det ikkje er norsk. Men daa me no eingong hev sett oss i Hovudet, at me vil faa eit Maal, som me kann kalla norsk og vaart eiget, so kanskje Friele er so innerleg snild, at han fortel oss, kor me skal taka det ifraa. Norig er daa væl ikkje det einaste Landet i Verden, som er maallaust, veit eg.
 
Elder tru han vilde tykkja det var gjævare, um me tok Viksmaalet elder som dei talar Vaskekjeringarne i øvre Voldgata, som han sviv imillom?
 
 
Matmaalet. Morgenbl. hev stundom lange Avhandlingar um, at Ungdomen og den nye 
Tidi vert so materialistisk, og preikar for andre um Ideen, berre so det staar etter. Det er daa helst Diktaranne vaare, som fær høyra vondt, og ikkje minst Arne Garborg.
 
Men naar Morgenbl. skal tala beint ut av Hjartat, daa hev det eit anna Maal og ein annan 
Maate aa tala paa, daa er det det verste Friele veit aa segja um ein, at han hev ikkje ”Havavitet” elder ”Matvitet”, daa er det Matmaalet, dei set upp. Tenk den Tullen Garborg, segjer dei, han som kunne vortet ein Diktar og Forfattar av langt høgre Rang, og kunne hava ”naaet en sikrere økonomisk Existens, hvis han ikke havde kuet sin Begavelse og lagt den paa Maalets Prokrustesseng”.
 
Naar det er eit godt Hovud, vert Morgbl. sinnat, men naar det er eit godt Hjartelag ogso, som baade torer og vil ofra noko for ei stor Sak, daa vert Bladet endaa villare.
 
Og Arne Garborg er ein Mann med godt Hovud, men med endaa betre Hjartelag. Det er ikkje Under han ikkje vert likad.
 
 
Er ikkje dette helder tilsigtat? Morgenbl. fortel, at Maalmannen Andreas Austlid og no forkastar Landsmaalet og segjer, at kvar berre fær skriva som han vil. Austlid sagde ikkje anna, enn at Folk fekk skriva som dei vilde og senda til han, so skulde han jamna paa Maalet.
 
 
Danmark. Folketinget hev lenge sagt nei til den sjølvgjorde Finansloven, som Regjeringi foor med. So kjem Regjeringi setjande til Landstinget med han. Vinstre i Landstinget, som er 15 Mann sterke, sagde, at dei ikkje vilde vera med paa slike ulovlege Ting, fyrst skal Loven vera forseghavd i Folketinget, og sidan skal han koma til Landstinget. Dermed gjekk dei sin Veg. Forhandlingarne byrjad, det gjekk tungt og taugt. Daa stod Krieger upp, han var av Grunnlovsmennerne fraa 1849. Vilde han hevda elder brjota Grunnloven? Han sagde, at etter hans Meining var det klaart, at det ikkje kunne verta nokon Lov, naar det var soleis framfaret, Folketinget maa umhandla Loven fyrst. Og han vilde fraaleggja seg all Del i den Lovløysa som her vart gjort. Krieger er ein av dei fyrste Menn Høgre hev. Men dei var so uppeggjad, at dei vyrde ikkje hans Raad det Slag.
 
 
Det er no reint for galet , for ei Mengd med danske Bøker og Bind det vert slukt av oss Nordmenner. Sjaa berre, kor det fløymer av denne ”Illustreret Familie-Journal”. Eg hev funnet ut, at det maa koma hit til Landet, minst 15000 av kvart Nomer. Eg tenkjer, Utgjevaren fær minst sine 14000 Kronur Fjordungaaret for dei. Berre for eit dansk Blad gjev altso Noreg ut ikring 60,000 Kronur um Aaret.
 
Me hev god Raad! (Nora).
 
 
Veret. Her hev for det meste voret Tøyr og Linnever i Kristiania fyrr i Veter, men no er her friskt og kaldt, plent so det snører kring Kjakarne. Berre det vilde halda til Skirennet var yver.
 
Her byrjar aa verta livlegare og unalegar no, daa Stortinget fer til samla seg. Det er liksom der kjem ein frisk Gufs fraa Fjell og Skogar med dei. Og dei ser so staute og livfulle ut, at det tarv ikkje noko øvt Auga til for aa sjaa, at dei ikkje er Bymenner.
 
Paa Torget er her meir enn vanlegt Leven, vist for at Marknaden er so nere, dei stakars Kjeringarne krur fram, inntulla i avlita Kaapur, Karmannkjolar, fillutte Herdeplagg o. l. og so breier dei ut Varurne sine, sume Sild, sume Jordeple, sume Søteple, sume Kransar og all Slag burtetter, og so skrik dei til kvar som kjem ner dei: ”Ska di kjøpe?” _ ”Aa kjøp a mæ da!” At dei frys kann ein sjaa paa dei raude Hender og dei endaa raudare Noser. Det er løglegt aa sjaa utyver Torgi um Morgonen, daa det nett tek til aa folkast, gildast er det aa standa paa Basar-taket, daa ser ein lukt ned paa Nytorget, der yr um einannan av Folk nett som i ei Maurtyve, og dette svarte, livande Aaklædet er isprengt med slagta Griser og Lemer av Kyr og Kalvar. Men snart maa dei væl røma undan for Marknadstaaken.
 
 
”Nora” No. 1 inneheld: Nora 1886. _Den fyrste Kyssen. _ Million og Billion _ Vaar Rett. _ Maaldrøsor. _ Ymist. _ Meir um ”Inn i Fjordarne”.
 
 
Innhaldsrikt Blad. Det er smaatt med Tidender ifraa Politikken, likevæl bør ikkje Bladlesarar klaga. Berre i eit Nummer av Kristianiaposten fær dei lesa 12 Sogur um Mord og Drap, derimillom baade Dubbeltmord og Sjølvmord, forutan nokre Stykkje um Folk, som hev vortet halvdrepne. Kristianiapostenkostar berre Kr. 0.99 Fjordungsaaret, so det maa vera yverkomelegt for alle, som forvitar seg i slike Ting, aa sikra Bladet ei stor Utbreiding.
 
p.
 
 
Paa Øland budde der ei rik, pæn Gjente. Ho hadde ein fatik, men staut og kjekk Kjærast og ein vrang, hardhjartad Far.
 
Ein kald dag i Desember sat Faren i Stoga og ventad, han hadde høyrt gjetet, at Guten den Dag ville koma og fri, og no vilde han gjera han eit Spikk, so han ikkje skulde faa Hug til aa koma att fleire Gonger. Gjenta laag paa Kne, og skurad Golvet i varmt Vatn og Taarur.
Daa bankar det paa Døri. Gammelen gjeng burt, glytter paa Døri og skvetter heile Balja med Skurevatnet utyver _ Presten i Bygdi. Guten hadde nemleg fengjet han med for aa hjelpa seg. Presten stakkar, stod so vaat, at det draup av han og heldt ei god Aalvorspreike til han, og gamlen, som er rædd for aa koma under Tiltale for usømeleg Mottaking av Presten, gjev etter.
 
I Januar stod Gjestebodet. 
 

Frå Fedraheimen 30.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum