Fimbultvetteren, Ragnarok og Gimle elder: Vaar Tid.

(Av Torgeir Bjørnaraa ).
 
Skalden skodar:
I Myrkret ser han
fæle Fylgje
I Lufti fara.
 
Andvake lyder,
Luren hin lange
kallar til Kampen
dei Kjempekarar.
 
Hardt dei sova
dei Heltar haage;
men Heimdal blæse,
so Bergi brotna:
 
Høyr meg, Heltar,
hardt mun stunda
vonde Magter
mot Mannaheimen.
 
Menner merkja
med mykje Skjelving,
at Ragnaroksrædsla
nett skal koma.
 
Vakna, vakna
og Sverdi venda -
Odd og Egg imot
Balders Bane!
 
Staal lat blinka
og blodugt bita,
_ lysa som Ljon
i Lufti tunge.
 
Valhalshurinn
hardt er hengde,
men upp dei springa
fyr spræke Sveinar.
 
Fembultvetterens
ville Vindar
yla ned yver
aude Heimen.
 
Midgardsormen
med megtugt Sinne
vrid i Vaande
seg villt i Havet.
 
Bylgjur brjota
med Brak mot Bergi _:
Øger aukar
Ylen den fæle.
 
Bundne Fenris
i Bandet biter,
bryt og beljar,
so Bergi dirra.
 
Gorm den grumme
no lause gjenge
og biter Kjøtet
med Kjempekjakar.
 
Daudningedottar
I Myrkret fyke.
Vonde Vettur
I Djupet vaalar.
 
Ugla site
paa Ufsi ular.
Hu! ho buvar
i Ugleheimen.
 
Ramnen fyke
fyr Rov aa raaka
og Augur hakka
paa Heltar haage.
 
Nidhogg nagar
i Naastrondbrunnen,
so Ygdrasilsroti
_ den rike _ rotnar.
 
Lokje vrid seg
i Lekkjur lange;
men endaa Balder
til Hel han binder.
 
Myrkret spenner
si’ sterke Senar;
men Hel skal inkje
faa Heltann heve.
 
Ragnarok kjem
_ kalleg det knakar _
Verdi voggar,
med Vindann kvina.
 
Slag der stender,
so Blodet fløymer.
Kjempur yrer
or svarte Heimen.
 
Jordi dirrar,
so Dalar djupe
opnast heilt
imot Heimen hole.
 
Tor han buldrar
paa Bifrostbrune,
veldug han seg
mot Vettur vender.
 
Hamarslagi
so hardt mun helsa
ville Jotun
paa Valhallvegjen.
 
Ormeeitor
i Lufti fyke,
mun fram han fere
fyr Silag aa gjeva.
 
Mjølner lyfter ’kje
Hlorrida lengje
Han Ormehovudet
sunde knasar.
 
Surt med Sverdet
hogg i Sinne _
Eld or Augat
som Gneistar fyke.
 
Breid um Bringa
han Skjoldborg bryter,
svingar Sverdet
og Elden slengjer.
 
Heile Heimen
i Havet siger;
men all den stig
og som Soli straalar.
 
Herren høg,
som i Himlen trunar,
vil gulltekte Gimle
dei gode gjeva.
 
Der dei skal liva
leikande Livet;
Freden skal Frøya
med Venleik vigja.
 
Alle Vetturne
ville og vonde
ne’ Naastrondbrunnen
med Nidhogg yla.
 
Fenrisulven
fraa Jord er faren:
daud han dalt
i _ Ginungagapet.
 
 
Nokre Forklaringar:
 
Ragnarok = Kampen millom det vonde og gode, Lygni og Sanningi.
Midgardsormen = det gamle Tyranniet og Trældomen, som heve legjet som eit Jarnbelte um den arme Jordi.
Fenrisulven = Djevelen elder den vonde sjølv. Vettur = Bakstrævarprestar og Pavar.
Ugla = Kongarne (naar deira Magt brest).
Ramnen = Militarismen.
Nidhogg = Det gamle (Latin-)skulevæsenet.
Yggdrasil = Ungdomen.
Lokje = Den ”gudelege” Prestemagti.
Thor = Bjørnson og slike som han.
Ormeeiter = vonde Ord, Lygn og Baktaling.
Surt = Sanningi og Rettfredi.
 
T.B.
 

Frå Fedraheimen 30.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum