Dei frilynde Studentar og Kristiania-Bohêmen.

Det vart nyleg gjevet ut ei Bok av ein Hans Jæger, heitte ”Fra Kristiania-Bohêmen”. Ein halv Time, etter at ho vart kringsend vart det sendt Bod ifraa Justitsministaren, um at Boki ikkje skulde seljast, dei tok Bøkerne, so ingen fekk selja, daa dei heldt ho for sedlaus. Likevæl kom det ut umlag 300 Bøker, som hev vortet mykje lesne. Det er lagt Sak imot Forfattaren.
 
Den nye frilynde Studentforeiningi heldt Møte Onsdagskvelden, dei talad um Boki. Dei bar seg ille og gauv hardt paa Regjeringi, fordi ho hadde meinkat Folk aa lesa Boki. 400 Menneskje var samlad, og dei gjorde med stort Fleirtal eit sovore Vedtak:
 
Den frisindede Studenterforening erklærer sin Afsky for den af Justitsdepartementet anlagde strafferetslige Forfølgning af en literær Meningsudtalelse”.
 
Dette var fyrste Møtet aa kalla, der det nye Studentsamfundet hadde ei Sak av Vegt aa tala um, og alle maa sanna, etter som det synte seg der daa, at det er meir Liv og Rørsle og Framtak millom dei frilynde Studentarne enn i det gamle Studentsamfundet. Dette, som held seg reint til Høgrepolitikken, hev legjet heilt i Daudvatnet, me kann ikkje minnast, at det hev gjevet ein Protest imot Sverdrups Ministerium ein Gong. Ein merkjer straks, at det er annan Kveik i denne ”frisindede” Studentforeiningi. Dei hev ikkje stort meir enn skipat seg til, fyrr dei hastar mot aa uttala sin ”Afsky” imot ei Regjeringshandling fraa vaart frilynde Ministerium. Det fall so kvasse Ord imot baade Regjering og Vinstrebladi, som ein berre høyrer millom Høgre. Det vilde slett ikkje undra oss um det gamle Studentsamfundet opnad sine Armar og fagnad desse ”udtraadte” som i sine beste Vener og Hjelpesmenn. Me tvilar ikkje paa anna, enn at Høgreforeiningi og Novemberforeiningi vil senda dei Takkadresse for den Baten, som dei her hev fenget for sin Politikk. Dei var det daa visst ikkje uvørde.
 
Det er noko ein kann kalla politisk Moral, den hev dei visst ikkje lært endaa.
 
Elder kanskje det er for mykje aa krevja. Moral av Ungdomen?
 
Det at dei brukar so hardt eit Ord som ”Avsky”, det hardaste dei kunne finna, skulde mest faa ein til aa tru, det var heiltupp gjorst paa aa vera leid mot Regjeringi. Den same Kjensla fær ein, naar ein ser vidare paa Vedtaket. Kva er det dei klandrar Justitsdepartementet for? Jau for den ”anlagte strafferetslige Forfølgning af en literær Meningsudtalelse”.
 
Ja hadde Departementet endaa gjort noko slikt, vilde det sanneleg vera Lastord verdt. Men det hev vist ikkje denne Regjeringi kunna korkje tenkja elder gjera: forfylgja ein for ”en literær Meningsudtalelse”. Ein fær visseleg tala og skriva so fritt og hugheilt som ein vil, baade um religiøse og moralske Emne, utan at Departementet legg Hindringar, sjølv um ein hev langt andre Meiningar enn Folk flest.
 
Kva er det daa, som Justitsdepartementet hev gjort, kvifor hev det daa stoggat Jægers Bok? spør du kanskje.
 
Jau Loven gjev Justitsdpt. same Stelling i Bokvegen som ein Ordstyrar i ei Forsamling.
 
Ein Ordstyrar gjer si Plikt, naar han let alle Meiningar koma til sin Rett, naar dei berre vert framførde paa ein sømeleg Maate. Men naar han ikkje tek Ordet ifraa den, som fer utanum den gode Folkeskikk, er han ein daarleg Ordstyrar.
 
No fær Hans Jæger Attest for aa vera ein Mann, som tek aalvorlege Spursmaal til Forhandling, slike Ting er stor Takk verd, ingen Ordstyrar, ingi Regjering vil meinka slikt. Grunnen til, at Boki er stoggad er einast den, at dei hev funnet, at ho er skrivi paa einusømeleg Maate.
 
Dette er no ein Ting, som der kann vera fleire Meiningar um, kva som er sømelegt elder ikkje. Kvar Tid og kvart Land hev sin eigen Folkeskikk og sine serskilde Grensur for det sømelege, og det er det me kallar for Takt elder god Tone aa vyrda sitt lands Folkeskikk og Grensur for det sømelege.
 
Justitsdept. hev meint at Jæger ikkje hev havt den Vyrdnaden for vaart Folk og difor teket Ordet ifraa han.
 
Me hev ikkje fenget leset meir enn fyrste Helvti av Boki, men den Kjensla fekk me straks, at den Maaten aa skriva paa er ikkje berre stygg for det, at private Menn vert framdregne og svivyrde, men det er eit Brot imot det som dei kallar fin Folkeskikk i dette. 
Landet, det er ei Fornærming imot det norske Folket. Det er berre vaar nasjonale Ære Departementet hev viljat hevda.
 
Denne Hevdingi gjeng so dei frilynde Studentar stad og vitnar sin ”Afsky”. Me ser i dette eit Utslag av Hovudstadens Vanvyrdnad for det heimlege og nasjonale.
 
I denne Avgjerdi av Studentarne finn me soleis baade eit politiskt og nasjonalt Mistak, forutan at Vedtaket vitnar um lite Evne til aa setja seg inn i kva Spursmaalet galdt.
 
Til aa visa Folk, at me ikkje stend aaleine med vaar Mistru til Studentarne, skal me trykkja av eit Brev fraa Diktaren A. Kielland, som visar seg aa vera meir Mann enn nokon skulde tru. Dei bad han vera Æresmedlem:
 
Til 
Den frisindede Studenterforening.
 
Jeg kan desværre ikke modtage Indbydelsen.
 
Et Samfund af Studenter har sin Ret eller sin Undskyldning i Traditioner fra andre Tider end vore; men at gaa ud af Undskyldningen og endda ville være noget som Studenter, det er der ikke Plads for nutildags _ mener jeg. Desuden er jeg altid imod, at Oppositionen opgiver sin historiske Medeierret og gaar udenfor.
 
Af Studenter blir der Embedsmænd, og af Embedsmænd blir der Reaktion, _ saa har det gaaet, og saa vil det gaa i mange Tider.
 
Det er mig ikke muligt at stole fast paa et Frisind, som ikke engang i 20 Aars Alderen kan taale at være en liden, forhaanet Minoritet.
 
Thi Frisind _ mine unge Herrer! _ er en lang Prøvelse.
 
Husk først paa, at naar I kommer til fuld Mandealder _ for Eksempel om ti Aar, da staar Kampen om Ideer, som i dette Øieblik kun findes i nogle faa af de ”galeste” Hoveder i Europa.
 
Glem saa heller ikke, at til den Tid har Livet ganske annerledes haget sig fast i os med utallige Ansvar, Hensyn, Forpligtelser _ mangfoldige store og smaa Opfordringer til at bøje tilside og slaa af.
 
Da spørges der efter det Frisind, som er gaaet i Blodet, har brændt sig ind i Karakteren og sat en fast Rygrad for frie og modige Mænd.
 
Og det er min faste Overbeisning, at det Frisind, som holder under den fuldvoxne Mands Ansvarlighed, det skal hærdes i Indignation og æde sig dybt ind i den enkelte under Trykket af de manges Forhaanelse. Og der er ingen Reaktion, jeg er bange for, undtagen for den, som begyndte i det frimodige Frisind; thi ingen Sygdom er saa hyppig, ingen Pest saa smitsom og modbydelig som Aarenes og Alderdommens Forræderi mod Ungdommens begeistrede Frisind.
 
Lad os ophøre med de store Løfter mens vi er unge, at de ikke skal indhente os som Skjændsel, naar vi bliver gamle.
 
_ Blandt de meget ærede Navne, jeg ser under Indbydelsen, er jeg glad ved at finde Venner, som kan forklare de unge, til hvem jeg især henvender mig at jeg ikke har givet dette Svar for at være ubehagelig, men fordi det er min Hjertens Mening.
Og jeg beder Dem _ mine Herrer! vær forvissede om, at jeg ikke har noget oprigtigere Ønske, end at Tiden maatte give mig grundigen Uret, _ og prøv saa at taale saa godt, I kan, hvad jeg her har sagt i Oprigtighed og med al Agtelse for Ungdommen.
 
Deres meget ærbødige
 
Alexander L. Kielland.

Frå Fedraheimen 30.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum