Vestlandsposten og Sladderet.

Det er aalmen Skikk, at Bladstyraranne tek upp i Bladi sine innsendte Stykkje, som ikkje hev Namns underskrift. Der burde daa likevæl vera ei Grense for dette, iser naar Stykki handlar um heilt elder halvt namngjetne Menner.
 
Vestlp. synest taka det svært lett i den Vegen. Det var jamvæl so ei Tid, at eg tenkte paa aa halda Vestlp., daa ingen kann vera sikker for ein vakker Dag aa sjaa seg æreskjend av alle desse Namnlausinnsendarar. Vestlp. ek meir og meir til aa vera ei Avlaupsrenne for Bygdevas.
 
Etter at Avhaldssaki hev komet upp, synest det aa hava opnat seg eit nytt Høve til aa faa Sladder inn i Bladi. Ein tarv berre enda Stykkjet med nokre ynksame Ord um, kor ille det er med Drykken i Bygdi.
Det ser so reint skuldlaust ut. _
 
Men eg trur ikkje, at ein verkar for Avhaldssaki ved slik Framferd, som derattaat er baade Innsendarar og Blad til liti Ære.
 
Me maa koma til det, at liksom det er Skam aa føra Sladder i Bygdi, maa det vera likso stor og endaa større Skam aa føra slikt inn i Bladi. Det er same Hjartelaget, som viser seg, det er Hat, Ovund og Kjærleiksløyse, som fører Sladderet, anten det er paa Prent elder i Tale. Og du skal likso litet høyra av den namnlause Innsendaren, som av Bygdesladraren, at han undskylder den, han umtalar _ noko me etter vaar Barnelærdom naturlegvis burde gjera.
 
Ikkje eingong den gode Mann Hr. S., som er ute og skriv i Nr. 5 av Vestlp. (12 _1 _86) og som naturlegvis kann sin Barnelærdom, hev komet so langt. Han viser oss berre nokre ”Fodtrin etter Drukkenskabs-Dæmonen” fraa ”etsteds i det sydlige Norge”. Men han søkjer aa gjera det paa ein slik Maate, at den, som er noko kjend i dei Bygderne, lett kann finna ut, kvar det er og kven det er, han meiner. Fyrste ”Fodtrin” er etter nokre ”Taxationsmænd”, som er so drukne, at Lensmannen ikkje veit, um han skal ”forrette Taxationen med disse alkoholholdige Subjekter eller ikke”. Andre ”Fodtrin” finn han ved ein Husmansplass, der han møter ei gamal Kjering og fær av henne vita, at N. N., som kjem av Stortingsvalet , er inne, og ”han er so full, at der er ikkje Skil paa’an”. Det er den gamle Kjeringi, som segjer det.
 
Slike Varur er det altso Hr. S. fører til Torgs gjenom Vestlp. Skikkelege Folk kallar det ”Kjeringsladder, og for den Slags Framgangsmaate, Hr. S. brukar, hev vaar Barnelærdom eit godt Namn. Kanskje Hr. S. kjenner det?
Um ein no spør, kva Hr. S. vil med alt dette – ja so hev ein naturlegvis Svar paa Spursmaal, naar ein kjem til Enden av Stykkje hans. Der hev han samlat ein heil del klingande Ord: det er naturlegvis Brennevinet, det er Drykken, han vil tillivs. Men er det den, Hr. S. arbeider mot, so vitnar det i Sanning litet um ”ægte Nordmands Mod” hjaa honom, at han ikkje tor setja sitt Namn under Stykkjet.
Men det er nok ikkje skrivet for aa verka til ”Ædruelighedens Fremme”. Der maa standa so mykje Preik mot Drykken, der vil. Det er skrivet til aa setja nokre Menner ned i Folks Umdøme. Difor skildrar han dei ymse Tilhøve so væl, at desse er kjennande i Bygderne rundt ikring, og Bygdesladderet vil koma etter Bladsladderet. Men Hr. S.s kjære Skinn er sikrat; han hev ikkje nemnt nokon. _Hadde Hr. S. voret sikker i si Sak, og det hadde voret honom mykje um aa gjera aa faa gjort desse Menner kjende blant Folk, kunne han sagt Namnet paa dei. Var han ikkje sikker, burde han tagt. Det veit eg, at ein ærleg Kar vilde hava sett sitt Namn under, naar han skreiv um slikt. Som det no stend, er det Stakarsdom _ skire Stakarsdom!
 
Det er helder ikkje fyrste Gongen, at Vestlp. slepper sine Innsendarar lause for aa riva ned paa Næstens gode Namn og Rykte. Eg minnest soleis eit Døme. Det er endaa fraa mi eigi Heimbygd (Evje, Sætersdal).
 
Ein Insendar l. d. fortalde nemleg i Slutten av 1884 i Vestlp., at ein Landhandlar i Slagsmaal med ein Vegarbeidar ”greb sin Kniv og tilføiede Veiarbeideren et dybt Snit tvers over Overlæben og ned paa Hagen samt et Sting i Hovedet med den Følge, at Læge øieblikkelig maatte hentes”, medan Sanningi var, at Landhandlaren (etter at han mest var ihelkverkt) til Naudverje mot tvo Vegarbeidarar slog fraa seg med ei Flaske og paa den Maaten saarad den eine. _ Stykkjet var altso Bygdesladder elder _ noko verre. Eg skreiv Motlegg og sende til Vestlandsposten, _ Bladet tok det ikkje upp. _
 
Eg hev no her haldet fram eit Par Døme paa Vestlp.s Framferd imot namnlause Innsendarar.
 
Lesaren fær sjølv døma.
 
Eg synest Vestlandsposten tek det for lett!
 
Telemarki 20 _1 _86.
 
Torgeir Berulvson .
 
Eg bed um aa faa dette uppteket i Kristiansands Stiftsavis.
 

Frå Fedraheimen 30.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum