[Tidender.] Million og Billion.

Du røder so tidt um Millionar, men veit ikkje i Grunnen kannhenda, kav ein Million vil segja. _ Tenk deg ein Mann, som var dugeleg til aa telja; han talde til tri Tusund i Timen og heldt paa i 10 Timar um 
Dagen, _ han vilde ikkje koma til 1 Million fyrr um 33 ½ Dag. Og var det Kronur, han talde, og han lagde dei Side um Side, so vilde det verta ei Lengd paa 5 geografiske Mil, og var det Kronesetlar (um me hadde slike daa, veit du), som han lagde uppaa kvarandre, so vilde det naa 840 Fot i Høgdi.
 
Det er eit Slag Sandstein, som er ihopsett av berre smaa Skaldyr. 2000 Stykkje av dei med Sida aat kvarandre gjerer alt i alt 1 Linie (altso gjeng det 24000 slike Dyr paa ein Tume). Ein Borgart, er det sagt, inneheld 1000 Millionar av desse Smaadyri berre paa ein Kubiktume.
 
Veit du, kva det er, som gjer, at Vatnet i Ishavet er so grønt stødt? Det kjem av nokre smaa, tumelange Dyr, clio borealis , som Kvalfisken liver av. Ein Engelsmann hev utreknat, at paa ei Flate paa 2 engelske Kvadratmiler finnst det 23,888 Billionar slike Skapnader. Dette Talet er so stort, at um 80,000 Menneskje hadde byrjat paa aa telja, daa Jordi vart skapt og hadde haldet paa heile Tidi sidan, altso i seks Tusund Aar, so vilde dei ikkje voret ferduge med det fyrr no.
 
I Aaret 1867 var det slik ei fælsleg Herjing av Engsprettor i Sud-Russland. Daa vart det utreknat, at dei slog ihel berre i ni Prestegjeld fleire enn 5000 Millionar paa fjortan Dagar; men dei, som var att, kunde teljast i Billionar, og dei aat upp alt, det Gras som fannst.
 
Men kor mykje er ein Billion? Ein Billion er ein Million Gonger ein Million og ser ut slik, naar det vert skrivet med Tal: 1,000,000,000,000. Ein Mann, som var god for aa telja til tri i kvar Sekund, laut telja baade Dag og Nat i 10,000 Aar, skulde han naa fram.
 
Soli mæler 3,700 Billionar Kubikmil. Var det ei Kraft, som orkad riva laus og slengja burt tri sovorne Kubikmiler av Soli kvar Sekund, so vilde det vara i fulle 37 Millionar Aar, fyrr ho var heiltupp sundrivet. Og kunde me tenkja oss den Tid, Soli var skapt, kunde me tru, at det var lagad i hop ei Kubikmil i Sekunden, so vilde det vara 111 Millionar Aar, fyrr ho vart ferdug.
 
(Nora)
 

Frå Fedraheimen 30.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum