Utvikling i Kristendomen.

I siste hefte av For fris. Chr. skriv Bruun imot Bjørnson og meiner, at hadde han havt nokon Sans for Kristendomens Utvikling i Aposteltidi, so vilde han ikkje hava havt den Mothugen sin imot Kristendomen. Bruun skriv um denne Utviklingstanken, at han hev voret lite kjend her i Landet. Folk flest finn det noko støytelegt, dei er vande til aa tenkja seg, at Trui paa Kristi Guddom hev stadet klaar for Apostlarne ifraa fyrste Stundi dei trudde paa Jesus, og dei tykkjer det høyrest noko fritenkjarlegt aa segja, at Apostelen Paulus kann hava trengt Tid til aa vinna Klaarskap paa Trui.
 
Men den Gong, daa nokre Fiskarar og Bønder fraa Galilæa flokkad seg ikring den unge Rabbi fraa Nazaret, so var det ikkje fordi dei paa Forhaand kjende det, som han hadde aa segja og var einige i det. Dei kom tvert imot og vilde læra av han. Dei viste slett ikkje det som Born i Kristenlyden no veit. Dei var nemleg ikkje Kristne, dei var fromme Jødar, som hadde Age for Gud, men ikkje noko meir. Og der er stor Avstand millom sjølve dei gjævaste Jødar og den ringaste Kristne. Og desse Gallilæarar kunne ein ikkje ei Gong rekna millom dei serleg upplyste Jødar. Men det var det, at dei var næme for det, som Jesus hadde aa segja dei, mykje meir enn andre Folk. Dei trudde, at Jesus var den Messias, som Folket deira hadde ventat so lenge paa. Men kva denne Messias var, elder kva Stelling han hadde til Gud, det kunne det ikkje hava noko mykje Greide paa. Dei laut ganga gjenom mange Tvilar og Stridar til aa naa det fulle Syn. Læresveinarne hans hev vist meir enn ein Gong voret paa Bikken til aa segja som dei andre: aa nei han er ikkje Messias, han er berre ein Profet i Likning med ein av dei gamle.
 
Men Jesus lærde dei upp, han gav dei Undervisning i dei store Løyndomarne. Ein Del av Undervisningi maatte daa sjølvsagt vera um Messias. Paa den eine Sida maatte dei gamle Tankar um Messias brennast ut av dei; paa den andre Sida maatte det slaaast fast, at han sjølv verkeleg var Messias, og at han skulde lida og døy, men dette siste var vandt um aa faa dei til aa fata; det stridde so reint imot alle deira gamle Vitringar og beste Ynskje.
 
Men trur ein no, at det hadde fallet honom lettare aa faa dei til aa skyna, at Messias var Gud? Og so, at Gud skulde døy?
 
I den fyrste Tidi han var saman med dei, nemner han mest ikkje ein Gong Tanken um, at Messias skal døy. Han hev nok aa gjera med aa yvertyda dei um, at han, ein uvand Profet, verkeleg kann vera den Messias, som er lovad. Det var fyrst, daa dei hadde fenget denne Messiastrui um han, at han imot Slutten av Livet sitt tok til aa slaa fast, at Messias maatte døy. Men dei skynad det ikkje.
 
At Messias ogso var Gud, hev han væl aldri sagt dei med reine Ord. Men han hev paa so mange Maatar drivet imot denne Tanken, at han i si Tid maatte veksa fram hjaa dei, soframt dei var trugne imot hans Minne og hans Aand.
 
Daa ser dei han døy som ein Brotsmann, og alt vert Myrkr for dei, det er ute jamvæl med Trui paa, at han var Messias.
Men so bryt Ljoset fram att, naar han stend upp, og all den gamle Trui deira vaknar med Fagnad. Og saman med Messiastrui reiser seg ogso Minnet um alle dei løynde Ord um Guddomskapen hans. Sjølv han, som var Tvilaren framum alle, kann no ikkje halda seg lenger, men ropar ut: min Herre og min Gud.
 
Men denne fyrste Vedkjenningi av desse Sanningar var bori av ei Stemnings-magt berre, og endaa kunne det trengjast Tid, fyrr det vart dei som ein Eigedom for Sjæli. Og til at dei kunne forkynna det for andre, maatte det fyrst standa fullfast for dei sjølve. Dei hadde det ikkje paa same Laget som Bjørnson, som maa forkynna kvar ein Tanke, so fort som Stemnings-bylgjurne fører dei til han.
 
Dei Menn, som Jesus av Nasaret sende ut til aa grunnleggja Rikjet sitt, dei var ikkje fyrst og fremst Diktarar. Og dei kjende Folket sitt; dei viste altfor væl, kor vandt det var aa faa Jødar til aa tru paa ein krossfest Messias. Og tru dei daa skulde hava tenkt seg, at det var lettare aa faa dei til aa tru paa ein krossfest Gud?
 

Frå Fedraheimen 13.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum