Tidender.

 
Kristiania, den 12te Januar.
 
Skulekommissjonen skal koma saman til eit stutt møte i Kristiania den 25de Januar.
 
Bokleg Eigedomsrett. Regjeringi skal vilja koma med eit Lovframlegg um Skrifteigedomsrett, so at Norig kann vera med i Bernerkonvensjonen. Det skal vera Meiningi aa setja ei viss Tid, som Forfattaren skal hava Einerett til aa utgjeva elder godkjenna Umsetningar av Verki sine.
 
Utnemningar. Kaldsprest i Aas A. S. Dick er utnemnd til Sokneprest i Nore; Sokneprest i Holtaalen R. S. Ulstad til Sokneprest i Øvre Stjørdalen; Hjelpeprest W. B. Sørensen til Sokneprest i Heirefoss; Fullmegtig i Justitsdeptm. E. R. Lund til Landsdomar i Nordre Østerdalen; Fut i Helgeland H. A. H. Olsen til Landsdomar i Hardanger og Voss.
 
Jarnvegsmøte. Utsendignar fraa Bygder og Byar i Vest-Upplandi hadde Møte paa Gjøvik den 6te. Dei vart samde um, at Fylkjet var best tent med ein Gudbrandsdalsbane og Nordbane med Sidelinur attaat ein Bergensbane um Odnes og Valdres, og ynskjer, at det snarast maa verta gjevet Pengar til ein breidsporad Jarnveg fraa Litlehamar til Sell, og at Lina Odnes_Strandefjord_Gord_Sirebru og nokre andre Linur maa verta utstakad.
 
I Seljord heldt Ullmann og Arvesen Folkemøte den 4de og 5te. Endaa det var stygt Snødriv, var det folksamt der baade med Karar og Kvende. Dei er komne so langt der, at Kvinna er likeso forviti til aa høyra og fylgja med i alle Ting som Mannen.
 
Av Fyredrag, som vart haldne, kann nemnast: um kyrkjeleg Fridom, Barneminni, Kyrkjeforfatningsspursmaali, Røysterett for Kvendi, Nasjonalitetarne og serleg kva Uppgaave Folk i Nordland hev aa bera fram.
 
 
Farsyster til Johan Sverdrup døydde for nokre Aar sidan, 92 Aar gamal. Det finst att nokre ord av henne um Brorsonen, som ho hev voret fyrste Lærarinna aat:
 
”Johan Sverdrups Hæder er en sand gedigen Hæder, kun erhvervet ved, at han uden Persons Anseelse, og uden at tage Hensyn til egen Fordel urokkelig har fulgt og kjæmpet for sin Overbevisning. Hvad enten man finder hans Overbevisning rigtig eller urigtig, vedkjender jeg og vil for hele Verden vedkjende mig, at den er min.
 
Saa kjær Johan Sverdrup er mig som blodsforvandt, er han mig end kjærere som aandsforvandt. Jeg har paa min lange Vandring gjennom Livet ikke lært at kjende nogen, der saaledes har sympatiseret med mig som han, hvorfor jeg _ skilt fra ham _ savner ham meget”.
 
Til Generalkonsul i London er utnemnd generalkonsul i Helsingfors Juhlin-Dannefeldt.
 
Skogarne i Norig. Staten eig 57, 328 Km.2. Skog og andre Folk 300, 193 Km.2. I 1883 vart det utført Trevyrkje for tilsaman 127,185,396 Kr. elder noko yver Tridjedelen av alt som Landet utfører.
 
Alkohol finst mest all Stad, baade i livande og livlaust, jamvæl i Jord og Vatten, skriv Prof. Lochmann.
 
Ei lang Reis hev ei Kone paa 70 Aar gjort. Fyrst kom ho til Trondheim ifraa Amerika. Ho var heime i Herjedalen i Sverig. I Trondheim vart ho penglaus, men ho fekk kranglat til seg fri Reis paa Banen aat Røraas; derifraa gjekk ho 20 Mil til Heimbygdi si. Og daa skulde ein væl tru, at ho trengde Kvild, men ho vart ikkje lang, for snart kom ho paa den Tanken, at ho skulde vitja Dottersonen sin i Hudiksvall, og dei 20 Milerne som var dit, dei gjekk ho ogso paa sin Fot.
 
Ei Domfelllag. No hev Saki aat Folketingspræsident Berg, Bladstyrar Nielsen og Gardbrukar Noos voret framme i Høgsteretten i Danmark. Dei vart alle dømde til eit halvt Aars Fengsel. Forbrotet deira var, at dei hadde havt ned ein Politimann, som ulovleg hadde trengt seg upp paa Talarstolen paa eit Folkemøte.
 
Statskyrkja i England. Det vert fleire og fleire i England ogso, som vil hava Statskyrkja oppløyst. Ein Prest skriv soleis i Storbladet Times, at Statskyrkja, som no er, ikkje høver med eit kyrkjelegt Ideal.
 
Postarne i Kyrkja vert burtgjevne til kven det høver, til unge Folk, som korkje hev nokor Røynsle elder Hug til Embættet, ja ofte vert det heiltupp haldet Auksjon paa Embætti. Statskyrkja er ein politisk-sosial Skipnad, ikkje nokon religiøs, ho er bundi til dei store og difor mild og tolsam mot dei, men streng nok mot andre. Ho kann ikkje fullnøgja dei Krav, som Folk flest steller til ho, difor lagast det so mange Serkyrkjelag (Frimenigheter): av Metodistar og andre kann ein læra, korleis ein skal ganga fram, korleis ein skal fullnøgja den religiøse Trongen. Ei Kyrkje maa byggjast upp nedanfraa ikkje fraa Høgdi; spør ikkje etter Eksamenar, men etter Trustyrkjen og den livande Hugen, naar det gjeldst um aa avgjera, kven som skal vera Prest. 
Ein dugeleg Læktalar er mykje betre enn ein aldri so lærd Teolog, um han vantar det vigtugaste, den varme livskraftige Tru, og ei Statskyrkje vil aldri koma til aa taka dei rette Umsyn til dette. Tidi er praktisk og demokratisk; lat Kyrkja betre svara til desse Krav, elles vil og maa ho falla. Kyrkja vil greida eit Skilsmaal fraa Staten, um Gud er med ho, vil ho finna ei stor Gjerning til aa gjera og vera god til det.
 

Frå Fedraheimen 13.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum