Forholdstalsval.

Det hev paa det seinare mest voret Høgre, som hev talat um Forholdstalsvali. Men dette er ikkje nokon Høgretanke, alle politiske Parti kann ganga med paa han; berre dei fær klaart Auga for kva det er.
 
Og det er helder ikkje Høgre, som hev voret dei fyrste til aa aamaala denne Saki. Den fyrste som skreiv um dette Emne her i Landet, var nok Hypotekbankdirektør (no er) H. Berner, som umhandlad Spursmaalet i Bladet Vort Land for 1867.
 
No siste Fredagskveld heldt Berner eit Fyredrag um dette Emne i Arbeidarsamfundet. Det var smaalegt det, at berre 50 Mann vilde høyra um dette Emne.
 
Me skal attergjeva det vigtugaste.
 
Dei siste Stortingsval og Kommuneval hev fenget Folk til aa tenkja meir etter Valordningi vaar.
 
Dei indirekte Vali hev væl snaudt gjort det Gagnet som Grunnlovsmennerne meinte. Dei hev difor ogso avteket dei i mange Land. Hjaa oss ogso hev det komet ymse Vanhøve av dei, og no ved siste Valet i Jarlsberg hev det hendt so underlegt, at Fleirtalet av Veljaranne hev tapat og eit Mindretal hev vunnet.
 
So tek dei og til aa sjaa, at Ordningi med Valkrinsarne er urimeleg. No er det so, at væl Halvdelen av Valkrinsarne sender ifraa 2 og til 5 Repræsentantar, den andre Halvdelen av Valkrinsar sender berre 1. Og med Byarne er det so, at mange av dei er i hopbundne, soleis er Stavanger og Haugesund berre ein Valkrins, likeeins Larvik og Sandefjord o. s. v. Og det steller seg soleis, at ein Veljar i ein slik By som Breivik elder Holmestrand veg mykje meir enn ein fraa Kristiania. Og Byarne hev ½ av Tingmennerne (38), og Bygderne 1/ 3 (76). Men etter Folketalet skulde Byarne berre hava 24 og Bygderne 90; etter Folketalet skulde Byarne berre hava 1/ 11 og soleis berre senda 6 Mann paa Tinget.
 
Tankarne paa dette hev ført Folk til aa agta meir paa Forholdstalsvalet, som kunne avhjelpa mange av desse Uhøvi. Og han sjølv hadde arbeidt ut eit Forslag i so Maate til Forandring av Kommunalvalloven.
 
Ingen kann segja, at Grunnloven vaar byd, at Fleirtalsstyret skal gjenomførast paa den Gjerdi, at Mindretalet skal vera utestengt. § 49 segjer, at Folketalet skal hava den lovgjevande Magt, og det vil segja det heile Folket, ikkje berre ein Del av det. Som Teis Lundegaard sagde: ”Det er ikkje Garden, men Mannen, som skal tala paa Tinget”. Og Mirabeau, som var Sjæli i den franske Umstøyten, sagde, at Landstinget skal likna eit Landkart, som skal syna Landet som det er, ikkje berre Fjelli, men og Dalarne.
 
John Stuart Mill segjer, at Tanken i Demokratiet er, at heile Folket skal styra gjenom ein god og likeleg Repræsentasjon, men Demokratiet vanlegt er ei Regjering av Fleirtalet berre, og daa er det ikkje full Likskap for alle Borgarar, men det er Serretterne, som raar. Og Louis Blanc segjer, at det ligg ein Spire til Tyranni i desse Serrettarne, som Fleirtalet ber.
 
Kva no Fleirtalet endeleg er, skal ikkje vera so greidt heiltut aa segja. For mange av Veljaranne held seg burte, ofte fordi dei kjenner paa seg, at dei ikkje kann faa sitt fram, fordi dei ikkje kann ganga fullt med nokon av dei tvo megtuge Parti. Det er berre ein Del av Veljaranne, som er med, og det kann laga seg so, at det kanskje ikkje vert Helvti av Veljaranne, som kjem til aa avgjera Valet. I Stortinget vert store Saker avgjorde berre med Yvertal av nokre faae Røyster.
 
Men Fleirtalet skal ikkje kyta for mykje helder av den Valordningi som no er, sjaa no berre paa Jarlsbergvalet. Fleirtalet batar slett ikkje av det. Som no i Belgien, i 1880 var der so lagat, at dei frilynde raadde yver 22,000 Røyster og Bakstrævaranne 21,000. Men dei frilynde fekk berre fram 26 Repræsentantar, men dei hine hadde 10. Hadde dei brukat Forholdstalsval, so hadde det voret 34
frilynde imot 32 Bakstrævarar. Sameleis i 1884, daa fekk 34,000 Bakstrævarar 67 Repræsentantar, medan dei 22,000 frilynde berre fekk 2 av sine.
 
Paa same Gjerdi hev det gjenget i England og Amerika. Det er soleis upplyst i ei amerikansk Kommiteinnstelling, at hadde dei valt Kongressen etter Forholdstalsmaaten, so kunne dei hava sluppet Borgarkrigarne med alle Ulukkurne, som dei fylgde.
 
Talaren skulde ikkje ganga nærmare inn paa aa skildra, korleis Forholdstalsvalmaaten er gjenomført, han vilde berre nemna eit Ord av ein vyrd engelsk Tingmann: ”Maaten med Forholdstal sikrar Fleirtalet Magti og Mindretalet Retten og endeleg gjev den kvart lite Parti elder Sermeining Repræsentantar i deira beste Menn”. Difor er Saki uppe all Stad. Ved Utstellingi i Antwerpen vart det haldet Møte um Saki av Folk fraa mest andre Land. Og det er mange av dei fremste Statsmennerne som arbeider for det.
 
Elles er det fleire maatar, dei hev freistat paa til aa gjenomføra Tanken.
 
Den avgrensad Maaten elder Minkingsmaaten er paa den Visi, at naar ein Valkrins skal velja t. D. 3 Repræsentantar, so skal Veljaranne berre røysta paa 2. Daa vert det mogelegt for eit Mindretal paa 2/ 5 aa faa sin 
Mann fram. Ei slik Ordning var alt paa tale under den franske revolusjonen av Condorcet, som rakt imot Rousseaus Lære hevdad, at Fleirtalet kann koma til aa gjera Skade, um ikkje Mindretalet vert repræsenterat. Sidan hev Saki ofte voret uppe i det engelske Stortinget, til dess at Minkingsmaaten vart gjenomførd i 1867 for umlag 30 Valkrinsar. I fjor vart han avteken att ved den Avgjerdi som sagde, at kvar Valkrins skal senda berre 1 Repræsentant.
 
Minkingsmaaten er ogso innførd i den spanske Valloven 1878 og i den italienske 1882 og i Brasilien og Schweitz.
 
Skal denne Valmaaten gjera sin Verknad, so maa det vera eit sterkt Partisamhelde. Ein Valring paa 900 t. D. skal velja 3 Repræsentantar. Kvar Veljar røystar daa paa 2. Raar daa eit Parti 600 Mann, so hev det 1200 Røyster, som dei kann byta paa 3 Menn, so at dei fær 400 Røyster kvar. Mindretalet, dei 300, hev 600 Røyster; meir enn 400 maa daa kastast paa same Kandidaten til aa tryggja Mindretalet Val av 1 Repræsentant.
 
Ein annan Valmaate er den kumulative, dei kallar. Den er soleis, at naar det t. D. skal veljast 3 Repræsentantar, so røystar ein berre paa 1. Naar ½ av veljaranne slær seg ihop, kann dei sikra seg aa faa ein Repræsentant. Her ogso trengst det ein sterk Partiskipnad, skal ikkje for mange Røyster verta burtkastad til faafengjes. Ved eit Skulekommissjonsval i England fekk soleis eit Kvende 45,000 Røyster, medan 8000 hadde voret nok; daa vart det burtkastat 33,000 Røyster. Det hev ogso hendt, at den folkekjæraste Kandidat ikkje hev vortet vald, fordi alle litte paa, at dei andre vilde røysta paa han, um det ikkje gjorde det sjølve. Endaa det er mange Veilur ved denne Maaten, er han mykje brukad ved Skulekommissjonsval i England.
 
Ein tridje Maate er den med dei konkurrerande Listur . Han er fyrst prøvd av den danske Statsmannen Andrée ved dei danske Riksraadsval i 1855, og dei brukar han framleides ved Landstingsvali og ved Kommitevali i Folketinget. I 1814 vart det skrivet ei engelsk Bok um denne Maaten, og J. St. Mill sagde um den, at ”den maa reknast millom dei fyrste Uppfinningar, som til dessa er gjorde i Teori og Praksis ved Statsstyringi”.
 
Etter denne Maaten gjeng sin fram soleis: ein dividerar Talet paa avgjevne Røyster med Repræsentanttalet + 1. Kvotienten elder Forholdstalet er det Høgdemaal av Røyster, som ein Kandidat treng til aa verta vald.
 
Naar soleis 100 Mann skal velja 4 Repræsentantar, so er Forholdstalet 20 (100:5). Naar ein av Kandidatarne hev naatt dette Talet, reiknar ein dei Røyster, som fell paa han meir, yver paa den, som stend paa Lista som No. 2 o. s. b. Ved eit Prøveval, som dei heldt i England, var det 1400 som skulde velja 3 Repræsentantar. Kandidatarne var Høgremennerne Cross og Northcote, Vinstremennerne Gladstone og Hartington og so for seg sjølv Lawson. Forholdstalet var 351. Ved fyrste Uppteljing hadde Gladstone 632 og Cross 143 Røyster. Ingen av dei andre hadde naatt Forholdstalet. Ved andre Uppteljingi reiknad dei alle dei Røysterne, som Gladstone hadde yver 351, yver paa No. 2 paa Gladstonelista, det var Hartington; soleis fekk han ved andre Uppteljingi 371 Røyster o.s.b. Endskapen vart den, at Gladstone, Hartington og Northcote vart valde. Dei Vanskar, som denne 
Valmaaten hadde med seg, trudde Talaren ikkje var større, enn at dei kunne godt greidast. Denne Valordningi hev fenget mykje Samtykkje i England.
 
Forholdstalsval er innført i mange Land: i Kap det ”gode Haab”, Danmark, Honduras, Malta. Ny Sud-Wales. Kanton Waal. England (ved Underhusval i Krinsar paa 3 elder 4 Repræsentantar), Pennsylvanien, Argentina, Ohio, Brasilien, Spanien (i 22 Valkrinsar), Italia.
 
I desse Landi er det berre ved sume Val at denne nye Maaten er brukad. I 1883 heldt det paa aa ganga igjenom eit Framlegg um aa velja Medlemer til Kongressen ved kumulativt Val, det var godkjent av Senatet, men vart ikkje vedteket av Repræsentantkammeret, endaa det var berre 7 Røyster um aa gjera. I Grekenland hev det voret Regjeringsforslag um den nye Valmaaten, og i Portugal lovad Kongen i ein Trontale 1883, at han vilde koma med det.
 
Etter alt dette er det tydelegt aa sjaa, at dette er ei stor Sak; naar ho er gjenomført i andre Land, maa ho og kunne gjenomførast hjaa oss. Endaa er det væl det leide, at dei fleste ikkje hev sett seg so mykje inn i det, at her er noko vidare Motstand, som kann driva det fram.
 
For Stortinget ligg det no Forslag fraa Roll og L. Smitt um Forholdstalsval ved Val til Storting og Lagting. Men det var tvilsamt, um dette kunne gjenomførast, meinte han. Til aa sjaa koss det lagad seg, meinte han, at det var best for det fyrste aa faa det i Bruk ved Kommiteval i Stortinget og ved kommunale Val.
 
Han hadde tenkt um det kunne vera mogelegt aa faa istand eit Prøveval etter Forholdstalsmaaten, og Advokat Stang hadde lovat aa hjelpa til, daa fekk ein sjaa, koss det var aa bruka.
 

Frå Fedraheimen 13.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum