Ein Selle.

(Del 3 av 30. Fyrste delen.)
(Framhald).
 
Fyrr hadde Folk haldet meg for ein Styving og ein Tverbløyg og Furtekrok, men no vart eg heitande ein Galning og ein Villstyring og ei Vyrdløyse til Menneskje. Eit vakse Menneskje fara soleis daa og skapa seg som ein uvitug Umage, som kappast med den ubydnaste Ryssen. Og Folk riste paa Hovudet og talad seg millom paa det, at eg kunne ikkje vera vitug.
 
Men her var Guten, som ikkje vilde stiga paa Bønstolarne. Er det det som De vil, meinte eg, so er det Raad til aa faa meir av same Slaget. Er eg komen paa den Baugen, so er det aldri til aa slutta, fyrr ein hev leikat Leiken til Endes. Er det det De vil, so skal De daa sjaa ein, som kann galna seg for Gut.
 
Tenk deg, eg som aldri mitt Liv hev galnat meg til Gagns. Og til meir eg tenkte paa det, til meir fann eg, at det var gale, eg kjende paa meg, at eg hadde noko ugjort. Eg gjorde meg i ein Hast nokre ”Betraktningar”, som du kallar det, yver Mannanaturen i det heile og um Aalvor og Galenskap ”i Serdeleshed”, og det er vist ikkje verst for deg helder aa høyra nokre Visdomsord i so Maate.
 
Folk flest er so leide; dei er for skikkelege; ja ikkje fælt skikkelege helder, men dei er so leide elles; berre det er so mykje som ein Smil elder ein Laatt, skal ein supa i seg att straks. Det finst ikkje Galenskap hjaa Folk, men det finst ikkje Aalvor helder, det klengjer seg i hop og vert som ein raa Graut alt i hop. Jau vist finst det Galenskap, raaheit, Rotaskap og Fantestykkje, det held dei ikkje for fine til. Men skal ein galna seg for Moro lite lel, so vert dei berre vonde og er sure.
 
Ja den Surleiken, eg skynar ikkje kva Folk skal fara med det aa vera so sure, dei hev ikkje noko aa vera sure for. Men det kjem seg av det, at dei fær aldri sleppa Galenskapen laus, so ligg han og verkjer for Bringa, og so surnar det heile Greida. Folk gjeng so fulle av Galenskap, at det liksom tyt av dei, men Aalvoret hefter igjen. Soleis er verkeleg Folk, fulle av galskap og fulle av Aalvor, men det sit fast, ingen Ting fær sleppa laust og gjeva Rom aat det andre, og slik vert dei gangande i all sin Dag, med slikt eit daudt halvskikkelegt Andlit, med ein toskutt Smil elder ei vigtig Mine. Men det vert ikkje full Aalvors Kar, fyrr han slepp noko Galenskap laus, der det er noko To daa. Det er ikkje nokon Stad i Verdi, der det gjeng an aa vera galen og gjeng an aa vera aalvorleg utan at Folk segjer noko paa det. Dei vert vonde og trottar ingen Ting, det var som du trødde dei paa Tærne. Heile Livet kjem til aa ganga upp i berre dette aa passa Maaten:
 
korleis tru ein skal fara fram,
so ein for Folke skal ganga an.
 
Det finst ikkje Aalvor, det finst ikkje Galenskap og ikkje Greide paa nokon Ting. Smaageispande elder smaaflirande gjeng Folk reikar og trælar seg fram Stubb for Stubb.
 
Det var tvo Ting, som eg studde meg til i desse mine ”Betraktelser” yver Mannanaturen.
 
Det eine var ein ung Gut, som var attkomen fraa Amerika. Eg hadde møtt han nokre Gonger paa Vegen fyrrstundes, og eg merkad straks, at han ikkje hadde plent Bygdelaget. Ein væn Gut, krusutte Haar og livande Augo og ein Munn, som ikkje var skapad til aa geipa, fager Foteferd, lett og hendig. Eg kunne aldri anna koma i Godlag, berre naar eg tenkte paa han. Noko so lettlivad Karfolk hev eg ikkje set. Men der gjekk Ord um han, han hadde tent seg upp noko Pengar i Amerka, no vilde han vera heime eit Tak og bruka upp Pengarne og gama seg og liva væl. 
Og det vart ikkje Graat, der han kom, alle flokkad seg um han, ung og gamall, han hadde alltid so mykje aa fortelja, og koss han bar seg aat, so kunne ingen verta vond paa han, han var so lentug og glad alle Tider, og saag so skuldlaus ut som eit Barn, som aldri vondt hev tenkt og langt mindre gjort, for det var aldri noko usømelegt ved Framferdi hans, lett og leikande foor han aat, um han og var drukken, som ikkje hende so sjeldan. Han hadde ikkje anna Namn enn Amerikanaren.
 
I Fyrstningi totte eg berre forvitet i aa sjaa koss Bjørndølen lagad seg, naar han kom i andre Høve, og det var meg heiltupp ei Glede aa sjaa, kor lett alt Heimfødingslaget kunne slipast av, og for ein Sprett og Spenn det likevæl sat att av den gamle Bjørndølsgjerdi.
 
Daa det leid paa, slog eg Lag med han, og me vart dei beste Vener. Men eg var heiltupp ovundsjuk paa han for dette lette Laget, eg var lagad som ein Graastein imot han.
 
Og for det andre, so var det ei Gjente, som het Sigrid. Nei det var Menneskje, som var Kaatleik i det, Amerikanaren var daa som ingen Ting imot ho. Eg saag ho fyrst i ein Dans eg, der Amerikanaren hadde fenget meg med, og so vilde ho endeleg dansa med meg, og eg kunne ikkje det eg, veit du. For det fyrste hev eg alltid haldet for mykje paa Vyrdnaden min til det, og for det andre hev det voret meg ulidelegt av den Grunn, at naar ein skulde dansa, so laut ein alltid vera saman med Kvinnfolk, og det er eit Slag, som eg hev meir hatat enn elskat, for væl var Mannfolk vitlause, men eg hev likevæl alltid tott, at Kvinnfolk er tie Gong verre. Men her var ikkje Bøn fyre, det var Sigrid, som liksom raadde alle saman, og daa var det Uraad anna, enn at ho maatte raada meg ogso. Men det vart Dans, Amerikanaren log, so han stod reint tvikrokutt.
 
 

Frå Fedraheimen 13.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum