Kvindebevægelsen.

Eg hev stødt havt ei litt klen Tru til Kvendi. Eg trudde liksom ikkje, at dei nokosinn kunne bera fram noko som var aa leggja Merkje til. Men ”Kvindebevægelsen” av Klara Tschudi syner meg noko anna. Fyrst er det den grundige Kjenskapen Forfattarinna hev havt til dei Ting, ho heve for seg, og ho hev ein lett og trøysam Stil, so at det er vondt aa leggja Boki fraa seg att, naar ein hev byrjat paa ho.
 
Det var nok i Frankrik Kvendi fyrst tok til aa røra paa seg, der var det den fyrste vaaga seg til aa studera, men det var harde Knipur, fyrr ho fekk Lov. No er det Englands Kvinnor, som er dei fremste i Evropa. Der hev dei mest naatt til det dei ynskjer seg. Liksovæl Kvinnor som Menner slepp inn paa Universiteti, alle sjølvstenduge Kvinnor hev Røysterett i Kommunesaker og dei ventar til kvar Tid at ho og skal faa det i Politikken. Framtidi aat den gifte Kvinna er tryggjad der ved Sereige, og ho er liksovæl myndug som Mannen. Ei engelsk Kvinne Elise Gardner vart vald til professor i Historie, og ikkje mindre enn 20 Professorar søkte. Ei onnor vart i 1885 magister artium ved Londons Universitet, og det er nok ein vanskeleg Post aa naa upp til. Ved siste Folketeljing i England var der ikkje mindre enn 3,400,000 Kvinnor, som hadde ei sjølvstendug Stelling, og av desse er yver 3000 i Statens Tenest. Der er tri Gonger so mange Lærarinnor som Lærarar. Og jamvæl 400 Kvinnor er Grovsmedar i England. _ I Tyskland tykkjest Kvendesaki i det heile ikkje aa hava vunnet langt, men det som er gjort er det berre Kvendi aa takka for, men derfor, meiner Forfatterinna, stend Saki paa sikare og friskare Grunnlag.
 
Camilla Collet fraa Noreg, Fredrika Brømer fraa Sverig og Mathilde Fibiger fraa Danmark var dei fyrste Kvinnor i Skandinavien, som vaknad og tok til aa arbeida for Saki. 
Det uhorvelege Møtet og den store Dugleiken, som skulde til for aa vera den fyrste, vantad slett ikkje, og snart reiv dei med seg fleire.
 

Sverige stend i so Maate lengst framme. Dei svenske Kvinnor hev seg sjølve aa takka for det. Ei Baronesse Sophie Lejonhufvud-Adlersparre gjev ut eit Blad, Tidsskrift for hemmet, og i det arbeider ho av all Magt paa Kvendesaki. Og der er mange andre gilde Framstigskvinnor.
 
Amerika er daa naturlegvis langt framum andre her og. Den fyrste der var ei Mrs. Francis-Wreght. Ho tok til aa reisa ikring og halda Fyredrag, detta var i 1828. Men fyrst daa Lucretia Mott steig fram, var det at det fekk fast Feste. Det er reint utruelg slik som ho kunne halda paa, ja, ho var mykje skuld i at 
Slaveriet vart slutt. Baade i Austrike, Holland, Belgia, Spanien, Sveits, Russland og Finland, alle Stader er Kvendesaki uppe. Sume Stader meir og sume Stader mindre, men det er paa dei fleste Stelle, at dei hev Røysterett i Komunesaker um ikkje endaa i Politikken. Og her i Noreg meiner mange det er reint for braatekjet aa setja fram Forslag i Stortinget um Røysterett for Kvinna _ me er soleis i attaste Rekka. _ Ho er ikkje mogi endaa vert det sagt. Kva er det ho skal ganga igjenom for aa verta mogi daa? Arbeida for det, vert det vist svarat, ja det er sant det er for faae som arbeider so det duger, men Mange som ynskjer det for seg sjølv og sin næraste Krins. Ikkje er me hell so plent forutan Fyrestridarar. At me hev ei dugande i Klara Tschudi fekk eg Visse for, daa eg saag den varme og aalvorsame Tonen, som gjeng igjenom heile Boki hennar.
 
- g.
 

Frå Fedraheimen 13.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum