[Tidender.] Kva Tor vilde verta.

Han prøvde seg fram med Grunnar og Motgrunnar.
 
Gardbrukar?
 
Det maatte vera nokso gjævt aa kunna segja, at den Garden er min, tenkte Tor, der han gjekk og lirkad og hadde Hovudet sitt fullt av Rekningar yver, kormange Tunnur Jordeple, kormykje Smør og kormykje Ost han vilde kunne selja um Aaret av Storlid.
Men Gardmennerne lyt slita og arbeida dei. Au, ja! det hadde han gløymt av det. Eit leidt Strek i Rekningi.
 
A..a!
 
Tor viste altfor væl, at han lett ikkje likad aa slæpa so svært mykje med den stakkars Kroppen sin.
 
Nei sanneleg um han vilde verta Gardmann; ikkje for alt i Verdi.
 
Prest?
 
Hm! Dei tenar fælt so lett Mynt dei Kararne, og...
 
Um han skulde tenkja paa aa verta Prest?
 
Ingerid vilde vist lika det ovlege vel.
 
I fleire Dagar var det ei avgjord Sak, at Prest vilde Tor verta, sosannt...
 
Men so fekk han Tvil.
 
Det var den leide Ting i Vegen, at han likad ikkje vidare vel desse Religiøsbøkerne, for dei er so utan all Maate strenge. Trugar dei ikkje med alt vondt, berre ein vil ha’ litt Moro og Glede i denne underlege Verdi?
 
Og naar det vert kravt so fælande mykje av det aalmenne, ulærde Folket, so er det nok reint utrulegt, kva det lyt til for ein Prest.
 
Tor vilde ikkje verta Prest. Jurist?
 
_Føra Saker, tena Pengar, gifta seg med Ingerid... Gullsnorer, forgyllte Knappar... verta fin.
Han gnidde seg i Henderne og vart ovlege kaut.
 
Men til all Ulukka kom han so ihug, at dei gode, dugande Menner og Juristar ikkje plagar ha’ Sjæli aa syta for.
 
Nei Jurist kunne han helder ikkje verta.
 
Handelsmann laut han verta.
 

I .E. Maakestad.


Frå Fedraheimen 13.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum