[Tidender.] Katten av Farbror Tim.

Det var ein morosam og kvik gamall Mann han Farbror Tim. Og slik som han kunne fortelja du! Ja, han smurde no væl tjukt paa som jamnast, men dess laglegare var det han fortalde.
 
”Ja, de talar um Kattar, de”, sagde han eingong, ”men eg skal fortelja dykk um ein gamall Hankatt som eg aatte eingong. Det er reint utrulegt kva den Katten kunne gjera, og hadde eg ikkje set det med mine eigne Augo, so hadde eg hell aldri trutt det.
 
Det var um Vaaren i 1864 at me flutte inn i eit lite Hus innmed Crook River. Men det var eit Hus du, fri oss væl for eit slikt! Seng var der no ikkje, so me maatte liggja paa Golvet den fyrste Notti. Snøgt det hadde vortet myrkt og eg skulde til aa sova, byrjad det aa tusla og pipla ned i Kjellaren. Eg sprang upp, kveikte eit Ljos og gjekk ned for aa sjaa kva det var. Jerusalem, for eit Syn! Da talar um Rottur, men der skulde de ha set dei! Var dei ikkje tvo Fot lange og ein Fot breide so sant det var eit Grand òg so fullt, so fullt, at heile Golvet saag ut som eit einaste Rotteskinn. Du kann tru eg var ikkje lengje med og kom upp or Kjellaren, og daa eg var komen til meg sjølv att, fekk eg fatt paa Katten og puttad han ned i Kjellaren. Men han berre riste paa Hovudet og sette seg paa Trappi til aa ein-glo paa dei. Sodan sat han eit heilt Kvarter. So riste han seg og tuslad upp att. Det vart ikkje mykje av med Svevnen den Notti, kann ein tenkje, og trudde plent, at dei reiv ned Huset yver meg. Um Morgonen var Katten burte. Eg leitad alle Stad, men ingenting fann. Rotturne hev nok skræmt han, tenkte og, og det var slett ikkje rart. Men han hev ikkje reist lenger enn han kjem nok att, trøystad eg meg med. Og um Kvelden nett, som Betsy Ann fekk Borni til Sengs, høyrde me ein fæl Skraping paa Døri. Eg let upp og stend ikkje der den gamle Katten med ei Horg av Kattar, gamle og unge, store og smaae etter seg i ei tett Rekkje. Eg let dei sleppa inn; gamle Katten min med alle dei andre etter kom marserande i god Orden, like til Kjellartroppi bar det. No forstod eg det. Katten hadde gjenget ut til aa samla Hjelp. 
Eg opnar Kjellardøri og daa dei foor framum meg, talde eg eit Hundrad og seks og femti Kattar! Men daa vart der Lurveleven i Kjellaren, kann du tru! Um Morgonen kom Katten min upp til meg og drog meg i Frakken burt til Kjellardøri. Og der laa Dyngjur og Haugar med mange Hestelass i av berre Rotteskrottar; og og Betsy Ann og alle seks Guturne vaare hadde Arbeid i tri Dagar med aa faa dei burt _ og endaa hadde Kattaarne etet upp likso mykje.
 
Men det beste av alt er at det er sant kvart einaste Ordet.
 

Frå Fedraheimen 13.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum