[Tidender.] Fraa Høydalsmo.

De sørgjelege heve hendt hera, at ein Mann hev spronge paa Aai aa drepo seg no i Joli. Gronn te de æ ingjen som regtigt veit. Næraat ligg aa tenkje, at Brennvin æ Skuldmannen. Mannen va ong. Gift for eit Aar sia og hadde attaat ei bra Kjering fenge ein kvik Son. Han va ein grei og strævsam Arbeidsmann, og livde, sovidt Folk kann skjøne, eit godt Ægteskapsliv. De va fjore Joledag dette hende seint om Kvellen ette han va komen heim fraa eit Jolelag paa Grannogaren. Der hadde han blive drukkjen. Daa han blei so laga va han lei alt, ja lei baade Verden og seg sjølv, so han syntes de va ’kje noko aa liva ette. At han va sodan hadde han visa baade i Ord og ved aa freiste paa slikt før. Ei Gaang sprang han i ei Kjønn, men daa blei han atttekjen. Daa Ruse va gjengo av’n takka han dei, som hadde berga honom. Fraa dette Jolelagje ville han endeleg reisa for dei andre. Han tok den vesle Guten sin, sagde Godnatt og Kjøringi laut fylgje. Daa han kom heim sette han Veslegut i Fange paa Mor si og sagde, at han laut bort te ein Grannegar mæ ein Hatt, som han hadde laant. Paa Vegjen dit møtte han Verfar sin, honom ba han om aa reise fort heim _ dei budde saman _ for Kjeringi va rædd, meinte han. Gammelen so gjorde. Etter dei hadde skjils ha’an mæ korte Stig gjengje ne te Aai, som æ tett innmæ, hengt Hattane paa eit Holt og so stopa seg i Aai. Dei fann honom tett innmæ der han hadde stopa seg.

Ein kvar kann skjøne hosse denne Ekkja syter. De æ so de skjer i ein, naar ein ser hennar og daa tenkjer paa, at de æ Brennvino, som heve volt hennar denne tonge Sut.

De æ fælt at ein ska halle so av Brennvine, som æ oss ein so faarleg Fiende. Lat oss upp te Kamp imot de me Fjellmenner au, og ikkje kaste burt Pæningarne og øyleggje Lekame vaart paa slikt noko. Liv ei god Jol foruta Brennvin og du ska sjaa hosse godt du heve baade i Joli og etterpaa.

H. O.


Frå Fedraheimen 13.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum