[Tidender.] Chamberlain.

Det var mest tenkjeleg det, at naar slikt eit Blad som Times grip fatt i ein og tok paa aa skjenna aa bera seg, at ein kom til aa missa baade Vit og Sans, ja idetmindste løyna seg for Verden og aldri koma fram att. Men paa den engelske Ministaren Chamberlain syner det noko anna. Til meir Times gneldrar, til traustare og hugheilare arbeider han.
 
Han strævar for aa umordna Statskyrkja, er Ordføraren for dei radikale og ein stor Arbeidarven.
 
Chamberlain er fødd i London i Aaret 1886. Ikring 20 Aar gamall reiste han til Birmingham og slog seg paa Handelen. Han var mykje heldig, og daa han hadde haldet paa ei Tid, sluttad han, etter at han hadde vunnet seg store Rikdomar. Han vilde verta Politikkar, og der var han og heldig. 3 Aar etter kvarandre vart han vald til Borgarmeister i Birmingham. Sidan vart han vald aat Underhuset. Ikkje fult fire Aar etter fekk han Sæte i Kabinettet av Gladstone som Repræsentant for Handelskammerset. Det er faae i Englands Soga som hev stiget so fort.
 
I Parlamentet tagde han seg lenge, men fyrste Gongen han talad, laut Folk bisna, for han var heil Talar med ein Gong.
 
Chamberlain arbeider paa dei store Folkhoparne, som han samlar paa store Møte og ekserar inn, han skapar radikale Foreiningar all Stad, og Foreiningi i London, naar ho vert ferdug, skal styra dei, meiner han. Høgre berre log av det fyrst, men sidan hev dei teket til aa skipa Motsamlag.
 
Paa Chamberlains Program er det tri Storsaker: Fri Kyrkje, fri Skule og fritt Land. Han vil, at Kommunarne skal faa Magt til aa gjera Tvangskaup av Landeigendomar til aa skapa ein Klasse av smaae Grunneigarar. I Skattstellet er han radikal, han tek ikkje berre undan Skattplikt det som trengst til Livsuppheld, men ho vil ogso tyngja ned dei store Ervtakarar ved aa setja høg Arveavgift.
 
Chamberlain og Gladstone er ikkje plent Vener, um dei hev voret saman i Regjeringi.
 

Frå Fedraheimen 13.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum