Ulikt.

Er det ein fatik Stakar, som maa stræva hardt, so Sveitten renn, til kvar dag ifraa Morgon og til Kveld og liti Løn og klen Kost og skarveleg Hus og kaldt og vondt og uhugsamt og ei vill Kjering, som skjenner og smeller og gjeng lortutt og fæl _ daa er ikkje Lagnaden for god. Andre Folk agtar han ikkje mykje, dei er so vante til slikt, at dei ikkje gjer noko for han, fyrr det gjeng paa Livet laust, elder fyrr han vert so arbeidssliten, at han maa paa Fatikkassa elder paa 
Legd. Elder dei segjer, at han hev det, som han hev stelt det aat seg sjølv; kvifor skulde han fljuga stad og gifta seg og ala upp Ungar han, som ikkje hadde meir Utkome til aa føda og læra dei upp?
 
Ja kva skulde han gjera? Var han einsleg, so kunne han hava bergat seg gjenom Livet betre kanskje, og havt lite meir baade til Mat og Tobak og Kaffi og Brennevin og væne Klæde. Det er berre Presten som likar, at han hav gift seg, for det fyrste er den heilage Ægstestand stelt etter Guds Ordning, for det andre so fær han Inntekter, og for det tridje so slepp han høyra gjete so mykje Lauslivnad.
 
Gifter han seg ikkje, kva hev han hugnad av daa? Rikdomen han kann spara seg i hop, kann ikkje verta stor, og nokon som han kann bry seg um aa stræva for er det helder ikkje, den meste Vinningi av hans Arbeid fær Arbeidsherren. Og naar han ikkje hev noko overs mykje aa gilda seg med, so fær han helder ikkje so mange Vener og Kjenningar.
 
Men naar han er gift og hev Born, daa kunne han hava noko aa gleda seg i og hava Hugnad av aa tenkja paa Framtidi; sjølv um han aa kalla gav burt sitt Arbeid til ein utakksam Herre, og ikkje fekk noko Gods og Gull aa lata etter seg, so vilde han alltid kunna gledast ved Tanken um, dei skal faa det betre, enn han hev havt det. Alle saare Minne um Stræv og Slit og hard Medferd blotnar upp i Kjærleik til Borni, der er all hans Framtid; det er det same um han sjølv hev det vondt og strengt, naar han veit at dei kann faa det godt elder iminste verta dugelege og brae Menneskje. Kva større Kapital hev væl eit Menneskje her paa Jordi enn sin Kjærleik, kva er det væl, som gjev større Rentur. Og ein Fars Kjærleik til Borni sine, det er ein av dei største Driftskapitalar til aa halda Samfundet uppe.
 
Men den Gleda helder vert ikkje unt honom. Kva Voner kann han hava um Borni sine, naar han veit at dei hev ikkje nokon annan Lagnad aa venta seg, enn som han hev havt sjølv? For Samfundet ikkje berre ser rolegt paa, at ein Mann slit og hev det vondt sjølv, men det vil liksom hemna seg paa Borni hans ogso, fordi han er fatik. Det er likesom den Trui ogso sit i Folk, at skal alt ganga rett, so maa me hava ein Klasse med Folk, som ikkje er vande med aa hava for store krav til Livet, som er uppfødde med lite og sjølve kann berga seg med det minste i Løn. Arbeidsgjevaranne vilde ikkje halda det ut, um det var annleis, meiner dei. Men det er reint galet tenkt, for paa den Maaten armast Arbeidsfolket ut, Ætt etter Ætt, og utsvoltne og huglause Arbeidsfolk er det ulønsamaste ein skal hava.
 
Korleis er det no med Vælstandsmannen?
 
Han hev baade det som kann gjera Livet hugnadlegt for hans eigen Del og derattaat kann han anten kosta paa Borni sine Lærdom og Kunnskapar, so dei kann taka seg fram sjølve, elder so kann han setja dei i god Stand elles. Og sjølv um det gjeng so ille, at han ikkje kann leiva nokre Midlar etter seg, so vil det standa mange Hender ferduge til aa hjelpa ”bedre Mands Barn”, dei vil tykkja det var baade Synd og Skam, um Sonen til ein Embættsmann t. D. skulde vera nøydd til aa tena sitt Braud som simpel Arbeidar.
Men Sonen til ein Fatikmann stend som ein einsleg Fugl i Verdi.
 
Er Samfundet tent med dette?
 
Nei paa ingen Maate.
 
Naar det er Ætter, som lenge hev drevet med Aandsarbeid og bokleg Daning, so vert dei snart utslitne og til sovoret, dei vert kraftlause og utan Tiltak og Framgangsevne, berre til aa stydja Bakstrævet. Dei vert ei Byrd for Landet. Men um dei kunne faa Arbeidsskifte, vilde dei kunna kveikjast til att og verta Framgangsfolk og til Pengevinning for Landet.
 
Det beste Ordning er det, naar Arbeidsmans Barn kann sleppa aa møta Hindringar for aa koma fram i kva Stelling det høver, og naar ”bedre Mands Barn” og kunne sleppa seg til aa arbeida.
 
Det som Samfundet her fyrst og fremst kunne gjera var aa ordna Skulestellet slikt, at alle Evne kunne koma paa sin rette Plass.
 
Fri Undervisning for alle, det var eit Krav, som det høvde seg for eit reint demokratisk Samfund aa føra fram.
 

Frå Fedraheimen 09.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum