Tri Straumdrag.

 
Av det Frækornet, som vart lagt i Jordi i 1814, grodde det upp eit Tre mod 8 megtuge Greiner . 3 sterke Straumdrag i Folket har vakse ut or dei Ting som daa hende.
 
Embættsfolket og Bokmenner gjorde daa noko godt lel, for daa Norig hadde vortet eit sjølvstendugt Rike att, var det, at Hugen livnad upp att til aa sjaa tilbake paa Norigs Vælmagtstider; dei tok til aa granska og lesa i dei gamle Sogur, og prisad den gamle Kjempetidi framum alt anna. Aa likna den gamle Nordmannen heldt dei for gjævt; og ingen fann dei som liknad honom so mykje som Fjellbonden. (”I Dalens Søn endnu jeg ser et Skud av gamle Heltestammen”), han vart upphøgd baade i Vers og i Tale millom dei fine. Og dei tok til aa ferdast uppe i Bygder og paa Fjell og sjaa paa Bondens Liv med andre Augo, det som dei log aat mest fyrr, det tykte dei no var gjævast, til lenger dei kunne koma seg inngjenom Bygderne og til meir gamaldagslegt alting vart, til meir syntest dei, at det liknad paa det gamalnorske.
 
Det var den romantiske Synsmaaten, dei kallar, som var komen upp til oss ifraa Tyskland og no sette seg fast i Landet vaart og fødde fram mange merkjelege Menn og mange store Tankar.
 
Heile Kulturlivet vaart fekk ein merkjeleg Kveik, det kom Innhald og Liv inn i Kunsten og Bokheimen og Aandslivet vaart blømde med ein ukjend Glans, med ein nasjonal Farge, som klumsad oss sjølve.
 
Maalaranne Tidemand og Gude foor umkring og teiknad av Folk og Hus og Landskap i dei inste Avdalar, Lindemann sankad gamle Tonar, og Ole Bull tok dei upp og gav dei ny Glans paa Fela si. Landstad samlad i hop alle gamle Visur og Stev, Asbjørnsen og Moe foor etter Æventyr og Segner og Visur, og Welhaven sat i Byen og diktad i hop um det som vart fortalt honom fraa Bygderna. Og endeleg kom Bjørnson med Synnøve Solbakken og andre Forteljingar um Livet uppe i Fjellbygderne. Og ei heil ny Verd opnad seg for Bymannen inne millom desse Fjell og Fjordar, det tyktest strøyma ut ein Glans derifraa, som drog Hugen med Lengsle til vaart nasjonale Bondeliv, som saag ut til aa vera fagrare og reinare enn det, som dei saag for seg heime.
 
Men det var ikkje hjaa Bymannen aaleine, at denne tyske Kulturstraumen vakte Liv. Ogso hjaa Bonden kom det Ettertanke ved all denne Talen og Spurnaden etter det nasjonale, so lenge og so høgt var det sunge paa denne Visa um det nasjonale, til des det ljomad attende fraa Fjelli vaare, og den Atterljonen hell 
Ekkoet svarad paa sitt eiget Maal.
 
So lenge hadde dei ropa ut i Skogen, til det kom Svar, og Svaret var Tanken um, at Bonden hadde eit serskilt Maal, som var det rette Norske.
 
Ivar Aasen var den, som Svaret kom fullast ifraa.
 
Han hadde røynt det, at det var ikkje berre Bygdemaalet hans, som var ulikt Dansken, men at det var i andre Bygder ogso, og han tykte det ikkje hadde so mykje Grunn for seg det dei sagde, at Bygdemaali var so reint ulike, at det var som eit serskilt Maal i kvar Bygd. Og daa han so fekk Tilhøve til aa granska desse Ting betre, fann han ut, at det i Grunnen var berre eit Bygdemaal i heile Norigs Land.
 
Og han sette ihop ei Prøve av eit Landsmaal, som var slikt som ein kunne venta, at det gamle Norske Maalet hadde vortet, soframt det hadde voret Bokmaal heile Tidi. Og eit Maal som alle norske Bygder maatte kjennast med som sitt eiget.
 
Alle dei som hadde meint det for Aalvor med den Talen sin um det nasjonale og norske, sluttad seg til den Tanken og tok til aa verka for aa faa dette Maalet kjent millom Bygdefolekt, og lærde seg til aa skriva paa det ogso.
 
Takk og Ære skuldar me desse Menn, som viste slik ein Kjærleik til Folket vaart.
 
Men likevæl var det no mykje upraktisk ved desse fyrste ”Maalstrævaranne”, og det var inkje reint utan Grunn ved sume av dei, at det sagdest, det var Gamallnorsk dei vilde innføra att.
 
For etter som Aanden var i den Tid, so var det ikkje nettupp slik som Bonden hadde det i alle Maatar, at dei likad det nasjonale, nei dei likad det anten for di det minte um Norigs Stordomstider, hell so maalad dei utanpaa det ein tjukk Farge, og det var ofte, at denne Fargen, var det, som var mest likad av Bymannen, som ofte stolt ikkje brydde seg um sjølve Bonden.
 
Soleis var det ogso stundom slike Maalmenner, som brydde seg mindre um det Maalet, som Bonden verkeleg talad enn um den Maalform, som var isamansett etter Gamall-norsken og med Umsyn paa aa vera eit ”Præsentabelt” og ”anstændigt” Bokmaal.
Stordelen av den Flokken, som hadde ropat paa det nasjonale, likad ikkje det Svaret som dei fekk, men det kunne daa ikkje vera so faarlegt likevel med dette Landsmaalet, meinte dei, for det var no berre nokre lause Idear, som aldri var verdt aa bli noko større vond for eingong, noko som var so reint umogelegt.
 
Men so kom det ein annan Mann fram, som endaa kraftugare synte det norske og nasjonale slik som det er. Det var Aasmund Vinje, ein Husmannsgut fraa Telemark. Daa vart fyrst dette gamle Bokfolket leide for Aalvor for dei Verkningar, som den norske Rørsla fekk; skulde Frukterne vera slike, daa vilde dei ikkje meir hava med det aa gjera.
 
Og til meir det kom upp av det verkelege norske, til meir den sjølvvaksne Nasjonaliteten kom seg fram, til meir seig dei ifraa. Den Flokken, som i Fyrstningi var so hjarteglad yver alt norskt og nasjonalt, han sluttad med aa hata det norske og nasjonale, og gjekk seg fast i Berg, den Kulturstraumen vart køyrt i Bakevja.
 
Den Flokken er det no, som Ministeriet aat sagde, at er der noko, som ikkje treng um aa leggjast meir Vegt paa, so var det Sansen for det nasjonale.
 
Den Flokken var det, som kravde Samrøring med Sverik og absolut Veto.
 
Fraa Grunnlovstidi gjekk det ogso ut ei onnor Grein jamsides med den fyrste.
 
Grunnloven vaar var ikkje berre ei nasjonal Attuppreisning, han er og bygd paa dei store Tankarne, som vart framførde i den franske Revolusjonen. Ifraa Frankrik var den Kveiken komen, som sette dette fagre Verket igang. Tankarne um aalmenn Likskap, politisk og sosial Rett for sovæl Fatig som Rik.
 
Det var aa venta, at denne Paaverkningi helder ikkje kunne døy burt med ein Gong.
 
Henrik Wergeland er den Mannen, som hev synt den Sida fram.
 
Det hans Hjarta brann for, det var ikkje ei Lengsle etter aa vogga seg i søte Draumar um tenkte Herlegdomar, nei han saag Naudi og Lidingi av den simple og fatige, og den, var det han vilde avhjelpa.
 
Men han klagar ofte paa det, at han kunne ikkje langt koma fordi, at det det Maalet, han hadde lært, det var ikkje Hjartamaalet aat Folket, og til Norsken var det ikkje paalitlegt nok Kjennskap endaa, til at han kunne bruka det noko større.
 
Ein Mann paa denne Vegen ogso var Vinje, men det var ikkje dei gamle Revolusjonstankarne han saag av, men dei nyare Tankar i Tidi, allvist slik som dei kom fram i engelsk Form. Men han var ikkje som Wergeland hindra i Maalet. Leikande lett sveiv det framande Stoff heimleggjort i hans Pen. Den tyske Paaverkningi naadde aldri so langt, at ho kunne faa ein Tolk for seg paa same Maaten som Vinje er det for den engelske.
 
Sidan hev dette Straumdraget fraa Vest-europa allvist blaaset gjenom Politikken vaar og der skapt vaar største Statsmann Johan Sverdrup og hev med sine friskare Tankar no sigrat yver den gamle tyske Aandsstraumen.
 
Liksom den tyske Aandsstraumen hadde store og gode Verkningar for Folket vaart, med di den gav oss vaar Nasjonalitetskjensla, no hev denne engelsk-franske Straumen skapt Formerne for vaart politiske Liv. Utan den hadde me ikkje komet dit, som me no stend. Alvist er det Sverdrup, som her er størst Ære verd, med di at han hev voret ein av det norske Folks Sakførarar imot alle Aatak og mot alle Knip og Kunster, som Bakstrævaranne hev lagt imot Fridomen vaar. Og han hev voret ein Tolk for vaart Folks politiske Krav.
Men sjølve Innhaldet i Politikken vaar er det andre, som hev ført fram, og det er det tredje Straumdraget i vaar Utvikling.
 
Grunnloven hev lagt Stordelen av Magti i Haandi paa Bønderne. Men det var lenge fyrr det lærde aa skyna, at dei hadde slik Magt, og endaa lenger fyrr dei lærde aa bruka den. Det gjekk mest 20 Aar, fyrr Bønderne møtte upp mannsterke i Stortinget, men daa var det eit Ting dei kom til Gagns ogso, og sidan hev det inkje komet ut att. Ueland var den fyrste, som magtad aa gjera Bondens Namn noko større kjent der, og hans Verk Formannskapsloven var noko av det, som gav dei største Framstøytar til vaar heile Utvikling.
 
Men smaatt og seint gjekk det med Bonden aa koma fram, me hev aldri havt det Laget, at me vilde trengja oss fram. For Bønderne sjølve hev i gamal tid havt for liti Upplysning og Kunnskap til aa kunna hevda seg sjølve, og er det daa so nokon av dei, som fekk betre Upplæring, vart Skulemeistrar hell studerte, so var det jamnast slik, at dei anten var for rædde for Matvegjen Skuld, hell so hadde dei komet so langt inn i det framande, at dei hadde gløymt burt sitt eiget.
 
Den fyrste, som vaagad noko utanfor Politikken var I. Aasen. Slikt Krav som Aasen kom med, um at me skulde heilt skifta Bokmaal, det var sanneleg det største Tiltaket nokon Bondegut hadde teket til med. _ Aa dei fine Songarne hans, daa fekk me fyrst rett høyra kva Bonden verkeleg tenkte, kva han saag. Og slik Gut som Vinje til aa spela upp so djervt, hev ingen sett det fyrr av ein juridisk Kandidat, for den Kandidatskapen den slengde han langt ifraa seg, og tok att Fjellguten, og han hoppa og skaut seg og foor Frikar millom dei fine og store likso kaut som um han flaug og var Gjætargut heime han. Og um han var burti so framande Tankar, som aldri hadde voret framme i vaart Land fyrr, so vyrde han ikkje det meir enn aldri var, det vart norskt all Ting som han tok si Haand i.
 
Slike Gutar skulde me havt mange av.
 
No er Vinje nemnd tri Gonger, han var med all Stad, og likesom samlad alle Straumdrag i seg. Men slike Gutar var nok sjeldfengde aa sjaa, og einslungen var der ikkje mange torde vaaga seg fram. Og aa fylgja etter Vinje var ikkje godt.
 
”For han var uppunder Sky og nedatt paa Havsens Oddar”.
 
Men den Mann som dei andre kunne fylgja det var Jaabæk, det var væl mest ikkje anna enn aa segja nei i det fyrste, men det skal Mot til det og.
 
Men so kom Eggingi fraa Høgre, daa reiste Bønderne seg og kjende seg samstelte, og so kom 9de Juni.
 

Frå Fedraheimen 09.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum