Tidender.

 
Kristiania, den 8de Januar.
 
Statsministar Sverdrup er no so god, at han kann sviva ute alt.
 
Nordmann som tysk Professor. Prof. i Matematik. S. Lie, hev fenget Tilbod um ein Professor
post ved Universitetet i Leipzig. Han skal ikkje vera uhugad til aa taka Posten.
 
Paa Sagatun Folkehøgskule skal det vera eit større Folkemøte i Slutningi av Maanen, V.
Ullmann og L. M. Bentsen hev lovat aa koma.
 
Den danske Kongen hev vortet tykkjen for eit Stykkje, som stod i Indthrønderen. Den danske regjeringi hev paalagt Sendemannen sin i Stockholm, at han skal faa det norske Justitsdepartementet til aa taka Forhøyr yver Bladet, og det skal no gjerast.
 
Fraa Telemark. Det norske Samlag maa endeleg faa Forfattaren av ”Norigs Soga” til aa skriva fleire Bøker. I dette Aaret maa me faa dei nyaste Stykkji av Heimssoga _ fraa 1862 til no.
 
Samlaget burde gjeva ut eit Hefte i Maanen, som eit Maanadsskrift elder um det ikkje var so ofte. Kunne dei ikkje faa den nemnde Forfattar elder ein annan glup Kar til aa taka det paa seg?
 
Her hev voret fæl Haalke mange Stader, so det hev voret mest paa Livet, no hev det komet litt Snjo. I Heidalsmo hev drepet seg ein Mann i Joli, han var ung og nygift. Han ha turat.
 
Skal dette Snakket um Maalsaki vera noko anna enn ei pen Drose, maa alle me, som elskar vaart Maal og vaar Fridom, til aa bruka Maalet baade med Munn og Penn, baade til Kvardags og um Helgi. Det er gaatt alt for lang Tid med fagert Snakk og ”Resolutioner”.
 
Eg vil segja, at me er komne berre eit Stykkje paa Veg, um me _ som uttalat i Resolutionen” fraa Sogn elder slikt _ fekk Lov um aa faa bruka Maalet. Her er noko djupare i dette um Maalstrævet vaart i Skulen, som me lyt sjaa til aa beinka paa, naar Loven um Skulemeistarannes ”Ansættelse” bli umskipad.
 
Eit Uppsett. Det var i Haust, daa Forslaget fraa dei 41 um Likestelling for Norsk og Dansk var framme, at Lensmannen og ein Bonde sat og drogst um Maalsaki. Lensmannen sagde store Ord um, at ”det lavede Sprog” aldri kunne faa same Rett som det ”hævdede” Danske. Det skede aldri, at Norsk kunne brukast i Forrettningar o. s. b.
 
Bonden, som er ein gamall Maalmann, meinte noko anna: at der var ikkje Spursmaal um anna, hell at Norsken no maatte verta godkjend. ”Ja jeg vædder”, rauk Lensmannen til. ”Eg vaagar au 5 Kr.”, sa Bonden og rette fram Haandi. Lensmannen stokk noko, men tok imot den framrekte haandi.
 
Etter det kom Bod um um Vedtakingi paa Tinget, talad Lensmannen ikkje um noko. Men so kom han fraa ei Reise, og laag hjaa Bonden. Han hadde ikkje Pengar paa seg, ”men det er det Væddemaalet, som jeg tabte med Glans”, sa’ han.
 
Hugheilt vaaga er halvt vunnet.
 
X.
 
Jordskjelte hev dei merkt i Glaamdalen fraa Kongsvinger og uppgjenom og utigjenom Heidmarki, hardast var han kanskje i Elverom. Ein Brevsendar skriv, at fyrst merkad ein som ein Dur langt burte, og den vart sterkare og sterkare, og Huset, som han laag i, tok til aa skjelva og Omnerne riste, som um dei vilde detta ned. 
Eg tykte eg laag paa eit Skip i Sjøgang. Det kom ei Rædsle paa baade Menneskje og Dyr, Hestarne paa Stallen trampad og larmad og vilde slita seg laus.
 
Formykje Sild. Ved Kvaløyarne hev dei teket so mykje Sild, at dei ikkje kann faa Avsetning paa alt saman, men maa sleppa utor Stengi att. Det raader stort Misnøgje millom Folk, fordi Jarnvegsfragterne er so høge, at det ikkje løner seg aa senda Sildi til Byarne, der det vilde vera til stor Matnytte for Fatikfolk. No maa dei selja Sildi til Gjødning for 50 Øre Tunne, vert det meldt til Aftenp.
 
Det, som ein Bondegut minst av alt skulde gjera er aa knota. Det er liten Hugnad i aa høyra ein Bondegut tala dansk og so ikkje kunna, som det oftast er Tilfellet. Dei maa sikkert tykkja um seg sjølve, at dei er nokre snodige Sellar og svært til lærde Karar, naar dei vaagar seg til aa kasta Fedramaalet sitt og pluddrar i hop eit Kraakemaal, som ikkje finst Vorille paa. Nei, agta deg berre du, norske Bondegut, at du ikkje brukar Tunga di til Kunst; du hev eit Maal, som er so høvelegt og mjukt og leikande, at du ikkje kann faa eit slikt, kor du leitar, og
 
”dei Tonarne leggja i Hugen
alt det Fedrarne vaare hev gjort,
det skal auka hjaa Sonerne Dugen,
so at Noreg kann veksa seg stort”.
 
Hallvard.
 
Ein girug ein. Varus heiter ein Pariser, han tener 12,000 Francs um Aaret, men vil tigla og spara alt han kann. Han kokar og vaskar og steller Huset sitt reint aaleine. Det vart for dyrt for han aa bu i sjølve Byen, so leigde han seg Hus i ein Utkant, men der er det ikkje fullsikkert for Innbrot, han maa hava seg ein Hund. Men ein Hund kostar Pengar, han et mykje, og so er det Hundskatten. Nei det vart for dyrt, han vil vera Hund sjølv og øver seg til aa gøy, so han tilslutt vert ganske god til det; sosnart han høyrer aldri so lite um Natti, tek han til med eit Mæle som den argast Blodhund. Det hev hjelpt, ingen hev plundrat han. Men so fekk han Telegram fraa Farsyster si, at han laut koma, no laag ho paa det siste. Der hadde Varus ein god Arv aa venta, og strauk straks. Han vart burte væl 8 Dagar; men daa vert han fælen, naar han fær sjaa, at Dørerne til Romi hans hev voret uppbrotne medan han var burte og ein Del av Bunaden er lagd paa Tvangsauksjon. Politiet hadde lagt Hundskatt paa han, og daa den ikkje hadde vorte betalat, hadde dei haldet Eksckusjon, medan han var burte.
 

Frå Fedraheimen 09.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum