Skuleordningi.

 
V. Ullmann skriv 1ste Stykkje um dette i Magne.
 
Det er sant, som det er sagt, at Grundtvigs Syn paa Skulen i Grunnen er det same som det ein no kallar det moderne europæiske. For etter baae desse Synsmaatarne skal Skulen taka det strengaste umsyn til kvar Alder, Utviklingssteg og naturlege Trong.
 
Grundtvigs Skuletanke er slik: Til det tolvte Aaret skal Undervisningi helst vera berre mundtleg og heilt igjenom grunnast paa Morsmaalet. Barnet skal væl faa Kunnskapar, men det skal mest vera slike Ting, som krev Tame, Lesning, Skriving og Rekning. No med Kristendomskunnskap og Historie o. s. v. skal ein i den Alderen mykje helder freista aa vekkja Sans og Interesse, enn aa fylla med Kunnskapar, som var meint skulde sitja heile Livet. Noko slikt som framandt Maal vert det daa ikkje Tale um endaa. Og so skal Undervisningi so vidt mogelegt vera Foreldri si Sak, magtar ikkje dei det, fær dei taka Lærarar, som dei likar.
 
Dei næste 3_4 Aari veks ein som hardast, og daa skal ein helst øva Kroppen. Av bokleg Undervisning er det Naturkunnskapen, som høver best. Dei næste Aari, den rette Ungdomstidi, skal vera den rette Kunnskapstidi. No gjeld det, at ein siktar rett paa sin Utvikling og vel det aa læra, som ein hev mest Bruk for.
 
Berre paa eit slikt Grunnlag tykkjest det 
vera mogelegt aa gjenomføra ei Skuleordning etter Sverdrups Utkast.
 
1. Den aarlege Skuletidi skal lengjast.
 
Her er det store Vanskar, for dette kostar mange Pengar og kjem paa Tverke med so mange gamle Forhold. Det er tvillaust, at i det store og heile vil Folket ikkje vera med paa aa auka Byrderne til Skulen paa den Maaten, som ei aukad Læretid krev det. Det nyttar ikkje aa koma med det, det gjeng ikkje kor som er. Og eg segjer: des betre, for det er nett Grunnlytet ved Skulen vaar, at den er lagd paa Tvangen. Sjølv um ein vil slaa fast, at Staten maa tvinga sine Medlemer til eit visst Laagmaal av Upplysning, fylgjer det so, at ein maa hava Skule for det? Er det ikkje nok, naar Borni kvart Aar kann godtgjera, at dei hev komet so langt, som Loven krev, so kann det vera Staten det same, korleis ein hev fenget desse Kunnskaparne. Med andre Ord; det einaste, som ein kann krevja er Undervisningstvang, ikkje Skuletvang. No til dessa hev det i Grunnen ogso voret soleis, men Statsskularne hev voret sett soleis paa Glid, at dei private Skularne hev havt vandt for aa kunne tevlast med dei. Men um ein so lagad det soleis, at ein baade hjelpte dei, som vilde hava Friskular med lenger Skuletid og meir Undervisning, utan at ein for det gjorde Urett mot nokon, som ikkje vilde og kunne hava Borni sine i Skule lenger enn dei lovsette Vikurne. Med andre Ord: bør ein ikkje sleppa den Grunnsetning, at ingen maa sleppa fraa desse lovsette Vikurne, fordi ein ikkje kann lata Me faa sleppa dei?
 
I Danmark er det eit Lovframlegg som yverført paa vaare Høve vilde laga seg so paa lag: Læraranne skal hava ein Del av Innkoma i fast Løn, medan den Del av Skuleskatten som vert utliknat i Kommunerne, skal bytast paa dei undervisnignspligtuge Borni med like stor Sum paa kvart Barn og betalast ut aat den Lærar, som Foreldri brukar til Borni sine. Dei som daa undervisar Borni sine sjølve, slepp daa mykje Skuleskatt, og dei som kunne ynskja meir Utdaning for Borni sine en det som Statsskulen gav, dei hadde daa ei Pengehjelp, som vilde gjera det lettare for dei aa faa istand Friskular; og det var ikkje det minste; daarlege Lærarar fekk so faae Born, at dei ikkje kunne halda seg.
 
Staten kunne daa segja: eg steller istand Folkeskular i kvar By og Bygd, og gjer dei so gode, som Pengemidlarne vaare gjer det mogelegt. Det er ikkje so mykje, det fær berga seg med dei gamle 9_12 Vikurne, men alle, som hev Born, um dei er aldri so fatike, skal faa Pengehjelp til aa faa seg Skule paa eigi Haand. Det skulde daa ikkje lenger vera paa den Maaten som fyrr, at ein skulde halda paa og betala Skatt aat Skular, som ein ikkje brukar, og soleis betala som ei Mulkt, fordi han vil lata Borni sine faa meir Upplysning enn vanleg etter det nye skulde dei faa Premi istaden.
 
Paa den Maaten hadde dei inkje aa segja, som ikkje kann elder vil vera med til større Skuleskattar og helder ikkje dei, som ropar paa, at dei ikkje slepper fraa seg Borni meir enn 9_12 Vikur, Og vil ein ganga vidare, so var det so mykje betre. Vilde Staten ved Pengetilskot stydja private Skular, so fekk det heile so mykje sterk Uppsving. Han kunne gjera det utan fær større Utgifter enn no, naar han vilde draga i Tilskoti aat Amts- og Folkehøgskular og Kveldskular.
 
Det som dei helst kann føra fram imot denne Skuleordningi, er væl, at ho ikkje finst nokon annan samlad, korkje i Tyskland elder i Frankrike, det er utrulegt, kor lite vaagsame me er taa leggja iveg med noko for oss sjølve, um det høver aldri so godt aat oss. Ei tysk Ordning kann nok vera uttenkt i Tyskland og setjast i Verk der, utan at det finst noko av same Slaget andre Stader, men i Norig maa ein inkje tenkja ut nokor serskild norsk Ordning, maa hava noko tyskt elder annan Stad fraa, skal det duga. Naar no Stortinget, som eg trur, finn, at Sverdrups Forslag vert for kostsamt med den utlengde Skuletidi, kann so nokon peika paa eit Forslag, som er betre enn det, som Grundtvigsmennerne kjem med?
 
Dette Forslaget vilde hjelpa oss til aa faa istand ein samfelles Folkeskule for det heile Land for Born millom 6 og 14 Aar. Det som det skulde vera Tvang paa i denne Skulen, var daa Laagmaalet, og dette maatte lagast etter Skuletidi som no er, men det vilde standa alle Kommuner fritt for aa lata Borni læra aldri so mykje yver Laagmaalet, og i Kommunerne stod det alle Foreldri fritt aa stifta eigne Skular med offentleg Pengehjelp. Det vart daa Staten uvedkomande, kva Folk vilde læra Borni sine paa 6_14 Aar yver Laagmaalet; han rakte ei hjelpande Haand til alle, og bytte ikkje sund Skularne som no i ein offentleg ”Almueskole” og ein offentleg ”høiere Skule”, men gav rik og fatig, fornæm og ring like mykje, utan at han ”nivellerad” og tok burt Skilnaden, som endaa vil vera millom Menneskje. Han vilde ikkje tvinga dei; fine til aa lata Borni sine sitja Side um Side med ”simple”, men han vilde uppmana til det. Naar det var ein god Skule, som Kommunen hadde lagt seg om aa gjera so god som mogeleg, so vilde alle vituge Menneskje senda Borni sine dit, so nær som dei, som hadde serleg Grunn til aa vilja hava Privatskule. 
Forslaget mitt skal daa lyda paa: Ein einaste Barneskule, paa Morsmaals Grunn, utan Skuleplikt, men med tvunget Laagmaal, for Born fraa 6_7 og til 13_14 Aar; Skuleskatten i Kommunarne vert utliknad etter nærmare Reglar millom Borni i Kommunen, og vert betalte til den, som har aa gjera med Undervisningi.
 

Frå Fedraheimen 09.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum