Ein Selle.

 
(Del 2 av 30. Fyrste delen.)
(Framhald).
 
Daa eg hadde slikt Slag gjera, tok eg og tømde Kuffertarne, som eg skulde hava med til Indien, og hivde dei paa Elvi, og bad dei reisa so langt dei vilde. Eg tottest kjenna paa meg, at eg ikkje kom til aa bruka dei meir.
 
Kvifor skulde eg no reisa til Indien, naar eg hadde Framtidi for meg, og hadde ikkje eg Framtidi for meg kanskje, naar eg hadde Sigbjørn og Aase til aa halda av, og dei heldt av meg. Det er daa væl Borni, som eig Framtidi, veit eg, og den som hev dei med seg, hev og Framtidi.
 
Um heile verdi var ”Bjørnedøler”, kva skilde det meg, naar det var tvo, som ikkje var det?
 
No tykkjer du eg vert drjug til aa skriva, men eg er ikkje ferdug endaa, eg heve noko aa fortelja deg, kva eg vart so, um du tykkjer Moro høyra, men eg skjemst mest av aa fortelja deg det, for du vil styggjast i din prestelege Vyrdnad, naar du høyrer, at eg vart Skulemeistar. Ja det er det væl ikkje noko ille i aa vera Skulemeistar veit du, men du vilde ikkje gjeva meg det Namnet for alt i Verdi, naar du visste korleis eg foor; du vilde krossa deg, vilde du. Meiner du kanskje eg tok til aa stava med dei, nei daa fær du galet. 
Men sprang og leikad med dei, det gjorde eg, um du kallar det aa vera Skulemeistar. Og spurde dei um noko, ja so svarad eg. Elles so var det no eg, som lærde mest, og lærde baade korleis Mannanaturen er lagad, samstundes fekk eg ein Snev av, korleis Geitenatur er lagad, og korleis Kultur og Villmanns’gjerd er lagad, og fyrst og fremst kor store Evne eg sjølv hadde. For Borni var galne, men eg vart endaa galnare, nokon meir villstyren Gutunge enn som eg var, skal du ikkje hava set i heile Prestegjeldet ditt, skal eg vaaga. I Fyrstningi var det berre me trieine, men snart vart Flokken større, dei samlast ifraa helle Grendi, og det stod heiltupp ein Støkk av oss. I Stoga mi vart det rett Hus, slo sund og øydelagde all Ting, veit du. Men trur du eg vart vond? _ All den ville Naturen, som sat innestengd i dei, fekk Vind under Vengjerne, og eg foor som ei Ørn i Fyrespissen. Og det av Kultur og Mannavisdom, som eg ikkje sveitad ut, daa eg var Veitegravar, det fløymde av meg no. Men det var den Veitegravingi, som gjorde Umslaget; det er merkjelegt og kor rik Utvikling eit Menneskje kann hava. 
Det vøre løglegt aa sjaa deg soleis. Eg som ikkje hev tenkt paa anna enn meg sjølv i alle mine Dagar, no var eg som ein Dott, burtgjevet til desse, Ungarne, dei styrde sanneleg med meg, som dei vilde, eg raadde ingen Ting. Dei kommanderad, og eg lydde, so ingen kunne klaga paa Disciplinen, dei brukad meg som ei Skjold elder Verje fyre seg. Aa kor sælt det er aa vera so burtgjeven, og ikkje hava nokon Vilje sjølv, men berre fara etter som andre vil hava det. Det var slik ei Kvild i det, attaat det var løglegt.
 
 

Frå Fedraheimen 09.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum