Boksjaa.

 
Otte Fortællingar af Jonas Lie_ Det er ille at Jonas Lie ikkje er fraa Hardanger, segjer ein dansk Bokmeldar, han tykkjer det vilde høva so godt.
 
Me tykkjer tvert imot, at ingen av Diktaranne vaare hev sodant austlendsk Lag paa seg som Jonas Lie. Dette jamne Forteljingslaget hans og den Ro og det Værgjet, som han hev med seg kvar han fer og som døyver, um det og er noko leidt og stygt ein skildrar, det Laget hev han fraa Austlandsk. Og so det, at han aldri støyper seg aat Fossen, anten naar det gjeld Politikk elder anna, men han vert ikkje liggjande i Daudvannet likevæl, men han fylgjer med forutan Slit og Kav, so han alltid er ein moderne Kar. Dette er og Austlandslag, Vestlendinger er det som hev det mest med Tvil og Braaskifte, men slikt ser me aldri paa Jonas Lie.
 
Desse 8 Forteljingarne hev sume av voret trykte fyrr i Tidsskrifter over sovore og dei er skrivne til forskjellige Tider. Det er Skildringar fraa Italia, fraa Nordland og fraa Austlandet. Best er Jon Sunde og Tobias Slagter. Jon Sunde det var ein Austlandskakse, som hadde byrjat som fatig, men so kom han paa Skrivarkontor, tok so til aa handla, men det vart ikkje for dumt, fyrr han og fekk Skrivardotteri. Men daa kom den sunne Naturen fram att; Fangdi sat væl i han all Tidi og raadde med, og det er reint løglegt, korleis Raabarkingen Foten fram att som tidast. Slike Sogur er gode aa lesa for mangein, for det er faa av slike Storingar, som det er berre ymse med Husbondsskapen til, naar han kjem ilag med Embættsstoringarne.
 
”Slagter-Tobias” er ei Forteljing um Suti og Naudi hjaa Smaafolk uppi Nordland, men det er skildrat so vænt likevæl, at ein ikkje fær nokon Utokke i seg, det er kanskje væl vænt, so ein kann vera for mykje freistad til berre aa gleda seg i Skildringi utan aa agta nok etter sjølve Livsens Uhøve, som vert skildrat. ”Tendensen” i alt som Lie skriv, ligg so lite fram i Dagen, at han aldri vert forkjetrad, men vert lesen av alle, baade høg og laag, endaa det var altid ein Mann ute i Morgbl., som ikkje plent kunne lika Skildringarne av Skrivargarden, so glid han ned likevæl.
 

Frå Fedraheimen 09.01.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum