Tidender.

 
Kristiania, den 24de Juli.

Statsministar Richter hev vendt attende til Stockholm. Endaa er alt uvist um Ministarskiftet.


Misjonær Bunckholdt fraa Santalistan hev komet til Norig. Han hev voret der nede i 10 Aar og vil no kvila seg ut i Evropa til Vaaren.


Maalarsveinarne i Kristiania gjer Streik. Dei teiknar upp Namni paa dei Sveinarne, som ikkje vil vera med paa dette.


Amtstinget i Aust-Agder hev latet til Kr. 380,000 til aa faa jarnvegen millom Skien og Kristiansand. Det var stort Fleirtal for Innlandslina.


Det gjeng ille med Kyrkja til Heuch. Fyrst var det no det, at ho ikkje vilde hanga i hop, men tok til aa rivna, so dei ikkje torde sleppa Folk inni ho. Og no ser det ut mest aa vera umogelegt aa faa Talskive til aa hanga paa ho. I fjor skulde dei setja Talskivurne upp, dei klass ned paa Marki og slog seg sund, daa dei skulde heisa dei upp. Iaar skulde dei setja upp andre, dei og rauk.

 
I fjor og Iaar. I fjor var Laaten den, at Vinstre vilde øydeleggja Unionen. Ingen bør være i Tvil om, skreiv Budst., at Hr. Sverdrup stræber efter at benytte sin nuværende Magt til at skille de to Broderriger fra hinanden. Iaar er det paa ein annan Leik, no skriv Aftenp.: Vort radikale Parti stod og staar vitterlig i den intimeste Forbindelse med et svenskt Parti, der ifølge offentlige Udtalelser vil sammensmelte Norge og Sverige. Soleis gjekk det ja med den Skræma mot Vinstre, at vann dei, vilde Brorbandet rjuka sund. No maa dei avsanna det og fæler tvert imot, at Bandet kann verta for sterkt helder.

Same Vegen vil det ganga med alle Høgres gamle Skræmur.


Gjeve det var so væl , sukkar Fædrel., at det var sannt som Vestlp. sagde, at ein Riking hadde gjevet meg Kr. 20,000. Aa nei det er vist ingen som vil øyda Pengarne sine so til Faanyttes no.


Det nye Departement for offentlege Arbeid fell ikkje smaklegt for Morgenbl. Kven kann vera visare i Vegstellet enn Vegdirektøren, i Jarnvegsstellet en Jarnvegsdirektøren, i Kanalstellet enn Kanaldirektøren o. s. v.? spør Bladet. Alle vise Menn.

Paa same Maate: kven kann vera visare i det religiøse enn Paven og klokare i Politikken enn Kongen?


Kva er Landsmaalet? Dette vanskelege Spursmaalet hev lenge voret umrødt millom Høgremenn. Statsraad Hertzberg heldt ogso eit Fyredrag um det paa Litlehamar, og etter Morgenbl. fann han, at det var vitterlig ikke til . Det var som Baggesen skriv:
 
En Feil har dog min Pige,
som alt fordunkle vil;
den uforglemmelige,
hun er slet ikke til.

Talaren sagde likevæl, at han var Maalven, men korleis ein kann vera Ven av eit maal, som vitterlig ikke er til det gjeng yver vaart Vit og langt inn i Statsraadens.


Det finst Menneskje som jortar, plent som ei ku, og dei uner ikkje ille ved det. Det er ei Avhandling um ein slik Jortar no i eit vitenskaplegt Tidskrift.

Hadde den Mannen, som skreiv um dette, voret gløgg, so kunne han vist hava funnet mange fleire enn eit av dei Menneskje, som ein helst maa reikna til dei jortande elder drøvtyggande. Vilde Vitenskapen leggja seg etter det, skulde han vist finna, at det var heile Klassar av Menneskje som var soleis laga. Vil nokon granska dette, so vil me raada han til fyrst aa venda seg til Literatar og Bladmenn.

X.

 
Sanke Ber . Ber er baade godt til Mat og Drykk og ein kann venda ikkje so lite Pening av dei. Best er Tyteberi aa forvara. Ein kann hava dei paa Tunnur, og naar du fyller desse med friskt Vatn, kann ein føra dei lange Vegjer og gøyma dei heile Veteren. Og so er det daa og Molturne. Fraa Nordland og Finnmarki fører dei ut mykje med slik Ber. Og vilde Folk bry seg med det andre Stader og, so kunne dei i gode Molteaar tena seg gode Pengar. Verst aa forvara er Blaaber, Bringeber og Jordber.
 
 
General Grant er daaen.