Brevsending fraa Smaaleni.

(Del 1 av 2.)
 
Torsdagen 16de Juli var det Folkemøte paa Mysen i Smaaleni; dei skulde hava Ordskifte um: ”Stemmer Parlamentarismen med vor Grundlov?” Møtet var tillyst av Vinstresamlaget i Smaaleni.
For 6 Vikur sidan hadde Høgre tillyst Folkemøte der. Dengong hadde dei heist nokre norske Flagd med Unionsmerke og tvo svenske Flagg, som dei sagde var uppsende fraa Fredrikshald ”i Sverige”. Paa Høgremøtet var det ingen av Vinstre, som talad, og ein Vinstremann sagde, so fleire høyrde paa det, at naar dei heiste svenskt Flagd paa eit norskt Folkemøte, so skulde ingen Vinstremann tala. Høgre bad og vælsignad Vinstre, um at ein av dei vilde gaa upp paa Talarstolen, for det var so daarlegt elles maatru; men ingen vilde. Sistpaa daa Formannen sagde, at naar dei ikkje uttalad seg mot den Resolutionen, som Høgre hadde framsett, skulde det vera det same som, at dei røystad for, so spurde hin Vinstremann, um det var Meiningi, at kvar den, som ikkje heldt Tale, skulde liksom hava røystat for Resolutionen. Daa vart Høgre glade og vilde endeleg faa han upp paa Talarstolen; kann henda no det kunne koma istand Ordskifte, no skulde det verta Moro; men han vilde ikkje upp under det svenske Flagdet. So vart det røystat um Resolutionen, og av dei faae, som hadde møtt fram, 200 paa Lag elder so, synte det seg, at Mesteparten var Vinstre.
Og dette Møtet hadde Høgre sett si Lit til, det skulde vera eit Motstykke til det store Vinstremøtet paa Mysen i 1883, der fleire Tusund hadde møtt fram.
Det einaste Høgre fekk utrettat paa sitt Møte, var, at dei fekk vist fram dei svenske Fargarne sine, so Veljaranne veit, kva dei skal gjera, dei som vil hava gamle Norig fritt.
Det skulde vera trøysamt aa koma paa Folkemøte for meg og, tenkte eg, og so strauk eg til Mysen no den 16de. Fint Vedr, Folk høyad paa harde Taket, so me var ikkje mangmennte, men likevæl dubbelt so mange som paa Høgremøtet. Daa eg ruggad burtetter Vegen til Mysen -Garden, var det fyrste eg saag eit reint norskt Flagd. Det er Takk for sist, tenkte eg. Nokre Flagd med Unionsmerke, yver Talarstolen tvo reine.
Skal tru Høgre vil tala under det reine Flagdet, tenkte eg. Dei vil no gjera mykje, kann dei berre fiska ein einaste Vinstremann. Det er med dei, som Kaptein Maryat fortel um Franskmennerne under Ufreden med England: det var so nyfiket for dei aa faa ein Fange, so dei tok um det so var Apekatten til Kapteinen. Men for Høgre aa tala under det reine norske Flagdet, er ikkje det aa bruka eit ”uretferdigt Middel?”
Jens Widding, Formannen i Vinstresamlaget, fyreslo Hotvedt til Ordstyrar, og Høgre godkjende han. So gjekk Nikolai Sørensen, Tingmannen, paa Talarstolen og heldt ein overlag god Tale um Parlamentarisme og Folkesuverænitet. Blant annat las han upp or Utkastet til Grunnlov, som Adler-Falsen hadde sett i hop: ”Suveræniteten er hos Folket, al Magt har sit Udspring fra Folket” , og av Utkastet hans Wergeland, som liksom skulde vera meir konservativt: ”Fra Folket flyder alle Magter”. Og so las han upp 1ste Samuels Bok, 8de Kap. _ Fedraheimens Lesarar kann sjaa etter sjølve _: Naar Jødarne vilde taka seg ein Konge, liksom Heidningarne hadde, so var det same som at dei vanskad Gud sjølv, sagde Herren, men likevæl sagde han: ”Hør Folkets Røst” .
Berre no ikkje Presten Heuch kjem og fortel oss, at det stend nettupp det motsette.
Eg skal taka ein heil liten Stubb ut or Talen hans Sørensen: ”Jeg skal henvise til et andet Sted, nemlig Luk. 20 Kap. 25 V. som vist af mange er udlagt annerledes end jeg vil udlægge det. Det er i Anledning Jødernes Spørgsmaal, om de skal betale Skat, at Jesus spørger dem, hvis Billede der staar paa Mynten, og paa Svaret, at det er Keiserens, siger da Jesus, at de skulde give Keiseren, hvad Keiserens er og Gud hvad Guds er. Men nu har nys en av Statskirkens mest fremtrædende Mænd, Præsten Heuch, noksom bekjendt fra Elverumsmødet, udtalt, at Folkesuveræniteten paa den Tid var de romerske Keisere. Knytter man da dette sammen, saa faar vi altsaa ud, at naar Vorherre ligeoverfor den blodige Tiberius siger, at man skal give ham, hvad hans er, saa ligger heri en ubetinget Underkastelse under Folkesuveræniteten”.