Brennevin, Avhald, Valmoral.

 

Det var ei Tid no, som Politikken tok so reint alle Krefter, at kvar Avis, kvar Samtale var godtsom berre Politikk. Det saag ut, som me inkje hadde andre Ting aa arbeida for hell mot enn absolut Veto, Statsraadssak o. sl. Likevæl var det ei Tid, som var nødvendig og som hadde si store Gjerning aa gjera for 
Statsskikken og Folkeuppdragelsen.

 

No er Kampen sovidt stilnat for det fyrste, at me har faatt Ro til aa tenkje paa, at me har andre og ofte større Ting aa arbeide for og. Kor vigtugt det er for eit Land aa faa Statsskikken ordnat paa beste Maaten, so er det no lell Folket, det store meinige Folket, som er Livet i Landet. Slikt som Folket er, slikt blir Folkelykka. Det er inkje Statsskikken, som gjerer Lykka i Landet; han kann hjelpa godt til attaat, men det er Moralen i Folket det kjem seg an paa fyrst og sist.

 

Me har somt i Folkelivet vaart og, som langt fraa er som det skulde vera, Ting som er langt faarlegare for den sunne gode Vokst i Folket enn absolut Veto og slike politiske Spøkelse. Eg vil her berre taka for meg ein Ting, Brennvinsdrikken. Det er syrgjelegt, kor djupt den moralske Sans er sokki ned i Folket, naar det gjeld sterke Drykkjer. Ja so djupt, at me til denne Tid har havt den Landsskam, at me har kunna sett Drikkarar inn i Telitspostar i Bygdi og Landet. Slikt burde aldri ske. Og det er so liti ei Skam aa drikke, at det tvertum ofte blir skrytt av aa kunna taka dei fleste Drammar. So snart ein Gut kjem i Konfirmasjonsalderen, og ofte fyrr, so er dei vaksne paa han med Brennevinsglaset, ertar og eggjar han, at han er inkje og blir inkje noko til Kar, fyrr han kann taka Drammann sine han som dei andre: det blir ei Æresak for dei unge aa venja seg paa det. Fælt! Lat oss hugsa dei Ordi: ”Det er nødvendugt, at Forargelse kjem, men ve dei, som kjem med deim”. Vilde dei vaksne bruke so stor Yvertalsevne til aa leie dei unge burt fraa Drikken, som dei no ofte brukar til aa leie dei inn i han, so skulde den Slekt som kjem bli annorleids til Karar enn den som er.

 

Det er so underlegt med det. Er ein fyrst komi paa Skot paa ein galen Veg, so vil det gjerne auke meir og meir, _ som Snjoballen. Det er noko daarande i Drykken. Han kann kveike upp, friske upp Krefter baade til Kropp og Sjæl, for ein Del, naar han blir brukt til Maate. Men for dei aller, aller fleste vil det bli til Overmaate. Og da skal vist ingen kunna negte, at dei Krefter, som daa fær Styrkels i ein, det er inkje dei gode, men dei vonde. Og dette blir for so mange, mange det daarande i Drykken, han blir brukt for aa døyva dei gode Røyster inni Sjæli, for at dei vonde, det raae, kann faa meir fritt Spilerom. Naar ein har faatt ein ”Taar yver Torsten”, so har ein gjerne biti Huvud av Skammi, so spilar ein fritt. Kor mangei Gjerning er inkje vorti gjort i Fylli, som ein helder aldri vilde komi til aa gjort, berre for det, at dei gode Røyster sov, og Lidenskaparne hadde fritt Spas, _ Gjerningar, som ein har faatt bori Skam og Anger for heile Livet etter.

 

Dei fleste vil erkjenne, at det inkje er rett aa drikke. Naar dei so likevæl Gong etter Gong Livet utigjenom gjev etter for Lysti, gjer midt imot det, som dei ser paa som riktigt og godt, so slappar dei Sansen for kva som er sømelegt og rett i Ædrugsmaate med, _ Moralen blir visen og veik. Dette er vel kanskje det verste med Drykken, at han slikt margstel Folk, syg paa dei innste Livsnerver, so ein blir so matt og viljeveik, naar det gjeld dei djupaste Aalvorskampar i Livet. Dette er verre, enn dei syrgjelege Fylgjur, som Drykken har for Kroppen. Endaa det er sagt av Doktorar, at 1/3 av ein stor Del Sjukdomar har Roti si i Drykk. Og so alle dei stakkars Born, som like ut har faatt Blodet sitt forgiftat fraa Fødsla ved ein Far som drikk. Og alle dei tusen Ulukkur helles!

 

 

Det gaar eit sterkt Arbeid for Avhald gjenom Landet no. Det er eit vælsignat Arbeid. Men naar sume hev ført Kampen, som um sterke Drykkjer skulde vera i seg sjølv ei Synd, so kann eg inkje vera einig. Det er gode Guds Gaavur det og. Det er Misbruken som er Synd.

 

Vil me veta, kva Bibelen segjer um desse Ting, so kann eg inkje skyna anna, enn at det gamle Testamente set Totalavhald som det høgste. Eg vil berre minna um ”Nasiræerløfte”, at ein ”fraa barns Bein inkje skulde smaka Vin hell sterk Drykk”; og Johannes Døypar, som Jesus segjer det um, at ”han aat inkje og han drakk inkje”. Jesus derimot, han stod annorleis. Fariseraren kallad han ein ”Dranker”. Han gjorde Vin i Brudlaupet, daa det vart Ende paa. Og han tok Vinet, _ millom alle Skapningar valde han det, _ daa han vilde gjeva oss sitt eiget Blod i Sakramentet. Det ser soleis ut til, at han tok 
Vinet som den ædlaste og finaste av alle Skapningar. (Men det beste blir og støtt det verste ved Misbruken). Jesus er soleis utan Tvil Maatehaldsmann, i bedst Tydning av Ordet. Han har ganske vist synt det fullkomne. Det høgste er Maatehald, men so er det og det, som det skal størst Sjælsstyrke til. Det er so faae, so altfor faae, som orkar aa staa som verkelege Maatehaldsmenner. Og daa er Totalavhold ein vælsignad Ting for alle dei mange, som ynskjer aa staa reine, men som inkje orkar aa passe Maaten. For det er lettare reint aa lata vera enn aa drikke berre til Maate. Og det er inkje Maatehald, naar ein tek seg Friheit til aa drikke seg ”paa ein 
Sving” so og so mange enkelte Gonger i Aaret. Virkelegt Maatehald er aldri aa drikke seg ”paa ein Sving”.

 

Maatehaldsmenn trur eg likevæl i vaar Tid gjer ei god Gjerning ved aa gaa inn som 
Avhaldsmenn, for dei veike si Skuld. Dei treng all den Stytte og Hjelp dei kann faa. Desse veike har so lett for aa segja som so: Han drikk han og, eg er inkje laakare eg enn han, eg vil vera Maatehaldsmann eg og. Og so veit me, korleis det gaar. Tak burt den 
Steinen fraa Føterne deira, at dei inkje skal stupa over han.

 

Det er so ofte, at Avhaldsmenn og Maatehaldsmenn lastar einannan, fordi dei inkje kann dele Syn paa, korleis ein best bør arbeida mot Drykken. Det borde dei inkje gjera. Dei arbeidar baade tvo mot det same Maal.

 

Det kann vera mange Maatar aa arbeida mot Drykken paa. Me hev no Valmannsvali og Stortingsvali for Hand. Daa meiner eg, at eit av vaare fyrste Krav burde vera, at Kandidaten skulde vera heilt Herre yver dei sterke Drykkjer, og inkje desse meir hell mindre Herre yver han. Han skulde hava synt, at han i desse var Kar for aa styre seg sjølv. 
Fyrr er han inkje verdig til aa bli sett paa ein Telitspost i Bygdi hell Landet. Me burde føra sopas streng moralsk Kritikk. Me burde inkje kunna tru vaare beste Arbeid aat ein Mann, som inkje har synt seg aa vera sovidt Herre i sin eigen Barm. ”Hvo ei kann bygge sit eiget Hus, hvad stort han bygger gaar og i Grus”. Me bør fyrst og fremst sjaa etter moralsk hæderlege Folk. Dei blir tilslutt dei dygtugaste og, for dei fører mest Vælsigning med seg. Og vil me for Aalvor føre Kampen imot Drykkingi, so skal me begynde ovantil. Me skal syna, at ein Drikkar har gjort seg uverdig til vaare Ærespostar. Det maa bli slutt med det, at ein er like ”brav” Kar og like mykje vyrd, anten ein syp lite helder inkje. Lat det koma til det, at det er ei Skam aa drikka seg full, so skal snart Brennevinet ha mist si verste Magt.

 

Ivar Blekastad.

 

 

Eg vilde gjerne, at Samhold og andre Avisur vilde taka inn dette.

 

Frå Fedraheimen 25.07.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum